Frå Sogn og Fjordane sin fylkesstand på Nor-Fishing 2018. Det sit nokon folk i ei sofagruppe, og nokon står ved ein benk.
Frå Sogn og Fjordane sin fylkesstand på Nor-Fishing 2018. Det sit nokon folk i ei sofagruppe, og nokon står ved ein benk.

Foto: Lena Søderholm/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fellespaviljong for Vestland fylke under Nor-Fishing 2020

– Vi har sikra oss eit samarbeid med Måløy maritime Group for å gjennomføre ein felles stand for heile det nye storfylket under Nor-Fishing-messa. No inviterer vi bedrifter til å bli med, seier Lena Søderholm, marin fagkoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gjennom mange år har Sogn og Fjordane fylkeskommune lagt til rette for ein felles stand for det fiskerirelaterte næringslivet under fiskerimessa i Trondheim. I 2020 er det Vestland fylke som skal stå fram på messa for første gong.

– Vi håpar på deltaking frå bedrifter i noverande Hordaland også. Desse har tidlegare ikkje hatt tilbod om representasjon på felles stand, så vi håper at fleire ser verdien av å til saman representere ei god breidde i det vestlandske fiskerirelaterte næringslivet, seier Søderholm.

Standen vil vere på to høgder og med tilbod om matservering for dei som ynskjer det. Det er to ulike alternativ for deltaking på standen: anten med leige av standplass, eller profilering av bedrifta og tilgang til matservering, så her skulle vere noko for både små og større bedrifter.

Det er avgrensa med areal på messa, så her er det «først til mølla-prinsippet» som gjeld. Ta kontakt med Måløy maritime Group ved Laetitia Pipaluk Rosing på lp@maloymaritime.no for påmelding.

Meir informasjon om fellespaviljongen.

For meir informasjon

Lena Søderholm
lena.soderholm@sfj.no

Del dette: