Foto av Kristin Rundsveen, Yrla Klein, Anders Magne Bruvoll og Vidar Stavik.
Foto av Kristin Rundsveen, Yrla Klein, Anders Magne Bruvoll og Vidar Stavik.

Kristin Rundsveen (t.v.) og Yrla Klein i den fylkeskommunale ressursgruppa som har ansvar for det førebyggjande arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Her saman med rektor ved Stryn vidaregåande skule, Anders Magne Bruvoll og politioverbetjent Vidar Stavik.

Jobbar for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme

Førebygging av radikalisering og ekstremisme er eit viktig tema for lærarane på dei vidaregåande skulane i fylket. I november arrangerer fylkeskommunen kurs for lærarar i både ungdomsskule og vidaregåande.

– Vi må heile tida jobbe førebyggande for å sikre grunnleggjande verdiar som demokrati, menneskerettar og tryggleik. Som skuleeigar må vi ta vår del av ansvaret, seier Yrla Klein, som til dagleg jobbar med integrering i opplæringsavdelinga til fylkeskommunen.

Saman med Kristin Rundsveen utgjer ho ressursgruppa i fylkeskommunen som har ansvar for det førebyggjande arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Krev tidleg innsats

Fylkestinget vedtok i april i år ein handlingsplan for dette arbeidet. Eitt av punkta i handlingsplanen er at dei tilsette i vidaregåande opplæring skal ha kjennskap til både planen og rettleiaren som følgjer med.

Klein og Rundsveen har vore rundt på dei fleste vidaregåande skulane i fylket for å gjere lærarane kjende med dette arbeidet. Tre skular står att, dei får besøk seinare i haust. Politiet deltek også på føredragsturneen.

– Det er eit mål å fange opp personar i risikosona så tidleg som mogleg. Det krev innsats på tvers av fagområde og samfunnssektorar. Lærarane er særleg viktige for å sikre tidleg innsats. Dei møter elevane nesten kvar dag og kan oppfatte endringar i ungdomane før mange andre, seier Kristin Rundsveen.

Inviterer til kurs

Neste steg i det førebyggande arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er eit kurs for lærarar i både ungdomsskulen og på dei vidaregåande skulane. Kurset har tittelen Demokratisk danning og inkludering i skulen – førebygging av utanforskap og valdeleg ekstremisme.

Nokre av temaa som blir tekne opp på kurset er:

  • Den vanskelege elevsamtalen når utfordringa er antidemokratiske haldningar.
  • Kva er fordommar, og korleis møte dei i klasserommet?
  • Kva konkrete kompetanse treng vi i eit demokratisk og interkulturelt samfunn?
  • Psykososiale metodar og kultursensitivitet.
  • Traumar.
  • Korleis forstå og førebygge radikalisering mot valdeleg ekstremisme?
  • Korleis arbeider innvandrarmiljøa med denne tematikken? Korleis kan skulane og miljøa jobbe saman?
  • Kriterium og metodar – sosiale tiltak for ungdom i risikosona.
  • Førebyggande avdeling ved politiet – ansvarsområde og situasjonsbeskriving.

Her kan du lese meir om og melde deg på kurset.

Kunnskap, samarbeid og koordinering

Fylkeskommunen sitt arbeid på dette området baserer seg på nasjonale retningslinjer, og at det er behov for meir kunnskap, meir samarbeid og betre koordinering på dette området. Ressursgruppa skal samarbeide blant anna med politiet, kommunane, barnevernet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Fylkesmannen.

For fylkeskommunen er det førebyggjande arbeidet i stor grad retta mot dei tilsette som jobbar innan vidaregåande opplæring. Det er også svært viktig å leggje til rette for samarbeid lokalt.

Les meir

For meir informasjon

Yrla Klein
førstekonsulent, opplæringsavdelinga
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Kristin Rundsveen
rådgjevar beredskap
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut