Foto av Hotel Alexandra i Loen.
Foto av Hotel Alexandra i Loen.

Oktobermøtet til fylkestinget vert på Hotel Alexandra i Loen. Foto: Olaf Meister/Wikimedia Commons

Møte i fylkestinget 8. oktober

Fylkestinget har møte på Hotel Alexandra i Loen 8. oktober. Det blir utdeling av to prisar i tillegg til vanleg sakshandsaming. Dagen før – 7. oktober – er det møte i fylkesutvalet og politikardag.

Møtet i fylketstinget 8. oktober startar kl. 10.00 med at ordførar i Stryn, Sven Flo, helsar tinget. Det blir så utdeling av bedriftsutviklingsprisen i landbruket og fylkestrafikktryggingsprisen. Etter pristutdelingane startar sakshandsaminga, og fylkestinget skal handsame blant anna sak om overføring av Astrup-kunst, eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi, og om ein skal erklære klimakrise.

Fullstendig saksliste for møtet i fylkestinget 8. oktober 2019.

Nett-tv

Vi overfører møta i fylkestinget direkte på nett og legg ut lenke til sendinga på heimesida til fylkeskommunen.

Fylkesutvalet og politikardag

Fylkesutvalet har møte måndag 7. oktober kl. 15.00. Sakslista til møtet finn du her.

Politikardagen startar kl. 17.00. Der får dei som har meldt seg på kome og orientere medlemane i fylkestinget om aktuelle tema i og for fylket.

Program for politikardagen

Kl. 17.00: Høyringsutkast prehostpital plan, Helse Førde ved administrerande direktør Arne Varden
Kl. 17.30: Spørsmål og diskusjon
Kl. 17.40: Etablering av Årdal Teknologipark, Årdal Utvikling ved Terje Laberg og Harald Husabø
Kl. 17.50: Spørsmål og diskusjon

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut