Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Vil kontrollere pengebruken i bompengeselskapa

Kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane har vedteke å gjennomføre revisjon i form av ein selskapskontroll av dei fylkeskommunalt eigde selskapa Ferde AS og Skyttel AS. Formålet med revisjonen er å sjå på pengebruken, og om organiseringa av selskapa og aktiviteten er i tråd med føremåla deira.

Allereie 20. august uttalte samferdsleminister Jon Georg Dale til NRK at han ville kalle inn eigarane av bompengeselskapa, fylkeskommunane, for å be dei kontrollere rekneskapa, og sjå korleis pengane i selskapa vert nytta. Kontrollutvala sitt vedtak frå 2. september 2019 følger opp dette, seier leiarane av dei to kontrollutvala.

Kontrollutvala har bedt revisjonsselskapet Deloitte om å lage ein gjennomføringsplan for revisjonen innan 13. september. Dei tek sikte på å gjennomføre gjennomgangen av selskapa og rekneskapa i løpet av hausten.

Leiar i kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune, Inge Reidar Kallevåg, seier at dei òg vil invitere med seg dei tre andre eigarane i Skyttel og Ferde, Rogaland og Agderfylka på revisjonen.

– Det er naturleg at vi gjennomfører ein gjennomgang av selskapet i fellesskap, heller enn kvar for oss. Dette er noko som er aktuelt for alle eigarane å få klarhet i, seier han.

Leiar i kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Frank Willy Djuvik, meiner ein gjennomgang av rekneskapa og pengebruken er avgjerande for tilliten til at selskapa forvaltar verdiane forsvarleg.

– Det har vore fleire saker i media om høg pengebruk i desse selskapa, og det er viktig at vi som tilsynsorgan på vegne av innbyggjarane kjem til bunns i pengebruken, og får på plass tydelege eigarsignal om korleis selskapa skal forvalte verdiane, seier han.

Ferde AS er det regionale bompengeselskapet på Vestlandet og Sørlandet. Det handterer finansiering og drift av bompengeprosjekt i eigarfylka, Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Vest-Agder.

Skyttel AS er ei teknologibedrift, eigd av dei same fylkeskommunane, som blant anna handterer drift av autopassløysingar for ferje.

For meir informasjon

Frank Willy Djuvik, kontrollutvalsleiar Sogn og Fjordane, tlf. 926 26 976
Inge Reidar Kallevåg, kontrollutvalsleiar Hordaland, tlf. 952 57 379

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut