x 5fb 6m 4dvy
x 5fb 6m 4dvy

Frå utbetringa av fv. 60 Olden–Innvik. Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen

Ledige stillingar i vegavdelinga i Vestland

Vil du vere med og knyte saman det nye storfylket i vest? No kan du søkje på to nye leiarstillingar i avdelinga for veg og infrastruktur i Vestland fylkeskommune. 

Avdeling infrastruktur og veg skal ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar ​og gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. 

Vi har no lyst ut to stillingar med søknadsfrist 25. august:

Leiar drift Vestland nord

Stillinga er lagt til seksjon for vedlikehald, drift og beredskap. Eininga vil ha mellom 15 og 20 medarbeidarar. Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna

  • drift av fylkesvegnettet og driftsberedskap i nordre del av fylket, med prosjektleiaransvar for driftskontraktar
  • utvikling av fagområdet i sin del av fylket, i samarbeid med seksjonssjef
  • personal-, resultat- og økonomiansvar innanfor sitt område

Arbeidsstad kan vera Leikanger, Eid eller Førde. Tilsetting 1. januar 2020.

Les meir og søk på stillinga her: Leiar drift Vestland nord ​– full utlysing

Leiar forvaltning Vestland utanom bergensområdet

Stillinga er lagt til seksjon for forvaltning og utgreiing. Eininga vil ha mellom 15 og 20 medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna

  • forvaltningsoppgåver, inkl. søknader etter veglova i Vestland fylkeskommune utanom bergensområdet
  • å vere kontaktpunkt mot kommunar, private og verksemder i ulike forvaltningssaker på vegne av avdelinga
  • å sikre god samhandling med seksjonane på avdelinga og andre avdelingar i fylkeskommunen, t.d. i samband med planuttalar
  • personal-, resultat- og økonomiansvar innanfor sitt område

Arbeidsstad kan vera Leikanger, Førde eller Voss. Tilsetjing 1. januar 2020, men det kan vere aktuelt med glidande overgang.

Les meir og søk på stillinga her: Leiar forvaltning Vestland utanom bergensområdet – full utlysing

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut