jorbruksreidskap ligg i graset på ein solfylt sommardag, bak ser vi utsikt til fjord og fjell og ein gard i det fjerne.
jorbruksreidskap ligg i graset på ein solfylt sommardag, bak ser vi utsikt til fjord og fjell og ein gard i det fjerne.

Frå Feios. foto: Fjordane-2231/Flickr

Vil du vere med å utvikle landbruk som næring?

Fylkeskommunane får nye oppgåver innan landbruk og skogbruk i 2020. Desse områda skal utviklast som næringar i bygder og distrikt. Allereie no kan du søke stilling innan feltet!

Vestland fylkeskommune bur seg no til å arbeide meir med næringsutvikling innan land- og skogbruksområdet. Det skal jobbast aktivt og utoverretta for å utvikle områda som næringsverksemder i distrikta. Innan landbruk kan til dømes reiseliv og lokalprodusert mat vere tilleggsnæringar. Utvikling av lokalsamfunna er ein del av satsinga.

– Dette er veldig spennande, og vi arbeider no med å forme innsatsen på det nye feltet i Vestland fylkeskommune, seier Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Vi er allereie på jakt etter fagfolk som skal jobbe med landbruk og næringsutvikling i distrikta.

Oppgåvene er også å forvalte midlar til næringane.

Ny stilling: rådgjevar/seniorrådgjevar – landbruk og næringsverksemd i distrikta

Søknadsfrist: 11. august

Kontakt:
Endre Høgalmen
ass. fylkesdirektør nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
952 07 789
Endre.hogalmen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut