Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.
Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.

Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Anna Wuttudal/Fjordabladet

Sjå opptak frå plansamling

Tema for plansamlinga i Sogndal 29.–30. oktober var frå visjon til reguleringsplan og stadutvikling. No kan du sjå opptak frå samlinga.

Opptak frå dag ein (tysdag 29.10) av plansamlinga.

Opptak frå dag to (onsdag 30.10) av plansamlinga.

Samlinga gir ei innføring i planprosessar og fagleg påfyll i arbeidet med reguleringsplanar og stadutvikling, og er ein arena for alle aktørar som er involverte i planarbeid og utbyggingsprosjekt. Medverknad i planprosessar vil vere eit gjennomgåande tema. God forståing for alle delar av planarbeid kan føre til betre samarbeid, som vidare kan resultere i gode, realistiske og gjennomførbare prosjekt.  

Samarbeid viktig

For politikarar vil plansamlinga gi fagleg informasjon ein kan nytte som bakgrunn i avgjerder. Samstundes kan det vere nyttig å sjå korleis andre kommunar arbeidar, frå politiske visjonar til gjennomføring i planarbeid.   

For å få til gode planar er det viktig at involverte aktørar får kome tidleg på bana og delta i utarbeidingsprosessen. Dette gjeld særleg i sentrum og tettstadar, der mange aktørar er samla på eit mindre område. I sentrumsområde er det spesielt viktig med samarbeid, for å spele kvarandre gode og skape eit fellesskap alle kan dra nytte av.  

Her kan du sjå oppdatert program for samlinga.

Plansamlinga er i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Distriktssenteret og KS.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut