Utsikten på Gaularfjellet. Eit utsiktspunkt på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet
Utsikten på Gaularfjellet. Eit utsiktspunkt på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet

Turistbuss over Gaularfjellet er eitt av tiltaka som får støtte. Foto: Ole Ingar H. Hæreid/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Friske midlar til reiselivssatsing

Ti prosjekt i fylket har fått støtte gjennom fylkeskommunen si tilskottsordning for infrastrukturmidlar til reiseliv. Ein snau million kroner er delt ut til turløyper, parkering, turistbuss og digitalt fiskekart. Sjå kva tiltak som har fått støtte!

Då søknadsfristen gjekk ut 15. februar var det kome inn 29 søknader med ein samla søknadssum på over 5,2 millionar kroner. Prosjekta har eit samla budsjett på over 16,1 millionar.

970 000 kroner er no fordelte på totalt ti prosjekt. Heile den tilgjengelege ramma for 2019 er brukt, samt noko restmidlar frå tidlegare år. Med tronge rammer og betydeleg auke i søknadar frå 2018 er det mange gode tiltak som ikkje har nådd opp.

Destinasjonsselskapa har fått uttale seg om prosjekta før tildeling, slik at dei er forankra i regionane.

Vandring har vore prioritert

I tråd med utlysingsteksten har fylkeskommunen prioritert prosjekt som stør opp om vandring som aktivitet. Dette er vandring for å oppleve attraksjonar som bre og fjell, men også vandring gjennom tettstadar og mellom historiske attraksjonar.

Vi har i år særleg prioritert parkeringsplassar som legg til rette for vandring. Parkeringsplassar er ikkje godkjende i spelemiddelordninga, men dei gjer at vi kan få mest mogleg ut av tilskotsordningane fylkeskommunen forvaltar og skapar ein heilskap i tilbodet som vert gitt brukarane og reiselivssatsinga.

Midlane er delt ut til desse prosjekta:

  • Visit Fjordkysten har fått tildelt 200 000 kr til utvikling av fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs Fjordkysten.
  • Balestrand Adventure har fått 117 500 kr til oppstart av turistbuss frå Balestrand til Fjærlandsfjorden over Gaularfjellet.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naustdal kommune, Gaular kommune og Førde kommune har fått tilskot til å etablere/oppgradere parkeringsplassar i samband med turstiar.
  • Jølster Aurefest har fått tilskot på 30 000 kr til å utvikle ei nettside med digitalt fiskekart over gode fiskeplassar i Jølster.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å tilrettelegge siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. Dette er eit prosjekt vi har støtta tidlegare og ynskjer å støtte vidare slik at ein får fullført prosjektet.
  • Vik kommune får 75 000 kr til å kartlegge og utvikle eksisterande infrastruktur av sti og grusveg til å utvikle attraktive skilta/guida sykkel- og vandreprodukt over Vikafjellet og ned til Myrkdalen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00