j 7tt 6keby 5
j 7tt 6keby 5

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kulturmidlar 2020 - driftstilskot frå Vestland fylkeskommune

Kulturaktørar som skal søkje om driftstilskot for 2020, må søkje Vestland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. april 2019.

Frå 1. januar 2020 vert Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. Søknad om driftsstøtte inngår som ein del av budsjettprosessen for 2020. Kulturinstitusjonar og fylkesdekkande organisasjonar som tidlegare har søkt driftsstøtte, skal difor søkje til Vestland fylkeskommune om driftstilskot for 2020.

Søknadsfrist er 1. april 2019.

Søkjarane må nytte elektronisk søknadsskjema. Skjema vert opna vert opna 1. mars 2019: Driftsstønad til kunst, kultur og idrett  

Vi gjer merksam på at søknadsfrist for drift og prosjekt 2019 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune har søknadsfrist 1. mars 2019.

Kven som kan søkje

Aktørar innan kunst- , kultur-, frilufts- og idrettsfeltet med hovudaktivitet i Vestland fylkeskommune. Verksemda skal vere ideell (ikkje-kommersiell) og ha sterk regional verdi, det vil seie verdi for heile eller større deler av fylket.

Kva som kan få støtte

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Det er knytt til verksemda sine vedtekne føremål og planar og grunngjeve ut frå dei fylkespolitiske målsettingane på feltet.

Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål. I dette ligg at verksemda har ei tyding for kulturlivet i regionen, som inneber at fylkeskommunen - ut frå vedtekne kulturpolitiske målsettingar - bør medverke økonomisk til drifta.

Fylkeskommunalt driftstilskot vil først og fremst rette seg mot fylkesfemnande verksemder/aktørar. Dette gjeld verksemder/aktørar både innan det frivillige og profesjonelle kultur- og idrettsfeltet.

Føremål

Tilskot til drift er fylkeskommunen sitt viktigaste bidrag til finansieringa av kulturlivet i fylket. Kvar tildeling skal grunngjevast med klar forankring i dei fylkespolitiske målsettingane på kulturområdet.

Sjå Premiss: Kultur. Regional Kulturplan for Hordaland 2015 – 2025 og Kultur for alle, regional plan for Kultur i Sogn og Fjordane 2019 – 2027.

Grunngjevinga skal vere tydeleg formulert og tilgjengeleg, både internt og for allmenta.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Vurdering av regional verdi:

I tråd med kulturlova skal kommunane sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Fylkeskommunane skal ikkje overta kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til spesialiserte kulturtilbod innan ein viss reiseavstand. Fylkeskommunen si regionale utviklarrolle skal liggje til grunn for tilskotsforvaltinga. Omgrepet regional viser her til to hovudkriterium:

1. Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om den aktuelle verksemda eller tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn ein kommune.

2. Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngde, kvalitet og særpreg): Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Omsynet til fagleg kvalitet og graden av nyskaping m.m. kan også ligge til grunn for at ein institusjon eller eit tiltak har ei regional rolle. Også der det gjeld særleg smale felt, kan ein institusjon eller eit tiltak ha ein regional funksjon i kraft av eksklusivitet og særlege kvalitetar og føremoner. Geografi- og funksjonskriteria vil ofte bli sett i samanheng.

I vurderinga av søknader vert det vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):

  • I kva grad verksemda oppfyller satsingar i våre regionale kulturplanar
  • I kva grad verksemda bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket
  • I kva grad verksemda har verdi for kulturlivet i større delar av fylket

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søkjar må nytta det nettbaserte søknadsskjemaet med relevante opplasta vedlegg. Om det skulle vere naudsynt å sende inn vedlegg i etterkant skal desse merkast med «Vedlegg til driftsstøtte - søkjarnamn – arkivnr. 2019/156».

I tillegg til søknad må det leverast godkjend årsrapport og -rekneskap for 2018. Dette er eit krav for at søknaden skal verte handsama, og vi ønsker dette tilsendt så snart som mogleg. Viss dette ligg føre innan søknadsfristen ber vi dykk laste desse opp som vedlegg til søknaden.  

Søknad om driftsstøtte inngår som ein del av budsjettprosessen for 2020. Endeleg budsjettvedtak vert gjort av Fylkestinget for Vestland fylkeskommune i desember 2019.

De vil få tilsendt svar på dykkar søknad i januar 2020.
 

Oppfølging, rapportering og kontroll

Det skal sendast inn årsrapport og -rekneskap så snart det ligg føre.

Mottakarar av driftsstøtte vil verte kalla inn til budsjett- og rapporteringsmøter. Dei som får størst løyvingar vil verte kalla inn årleg, mens mottakarar av mindre tilskot vil verta kalla inn kvart andre / tredje år. Eventuelle andre møter kan avtalast.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å sette i verk kontroll med at midlane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll. Dersom drifta vert vesentleg endra, eller at det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Forvaltningsloven § 28. omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Budsjettvedtak er ikkje omfatta av dette. Eventuell klage på budsjettvedtak skal likevel vurderast og handsamast, og det skal fattast eige vedtak om t.d. avvising av klagen i avgjerdsorganet.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jarlaug Lauritsen
Rådgjevar
Jarlaug.Elsa.Lauritsen@sfj.no
971 78 376