Personar sit rundt eit bord i eit møterom og ser på ein presentasjon.
Personar sit rundt eit bord i eit møterom og ser på ein presentasjon.

Foto: Lars Hustveit/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Offentlege og private aktørar møttest for å drøfte nettverksarbeid

Interreg Europe prosjektet P-IRIS arrangerte møte om nettverksarbeid i Sogndal 22. november.

Prosjektet P-IRIS har som ambisjon å profesjonalisere nettverksarbeid i distrikta. Prosjektet ønskjer å bygge kompetanse på det å etablere, utvikle og drifte innovative nettverk tilpassa regionale forhold. Sogn og Fjordane fylkeskommune er leiande part i det internasjonale prosjektet P-IRIS. Dei andre prosjektpartnarane representerer organisasjonar frå distriktsområde i Italia, Spania, Kroatia, Slovenia og Finland.

Prosjektarbeidet har fram til no vore kartlegging av regionale forhold og erfaringsutveksling gjennom studieturar og workshops. Til våren 2019 skal partnarane utforme individuelle handlingsplanar som bygger på lærdom frå erfaringsutvekslinga. Handlingsplanane skildrar tiltak som partnaren ønskjer å teste ut i eigen region over ein periode på 2 år.

Kjem på eit godt tidspunkt

Den norske interessentgruppa blei samla for fjerde gang i Sogndal 22.november for å drøfte innhaldet i handlingsplanen til Sogn og Fjordane.

- Handlingsplanen til P-IRIS kjem på eit godt tidspunkt. Det er mange ting som er i bevegelse no, og vi kan bruke handlingsplanen til P-IRIS til å forsterke den auka satsinga på lokale utviklingsmiljø i Sogn og Fjordane. Både Regional plan for verdiskaping og den regionale avtala mellom verkemiddelaktørane vektlegg nettopp det, seier rådgjevar Ingvild Andersen i fylkeskommunen. Ho held fram:

- Sogn og Fjordane har gode lokale nettverksinitiativ, som kunne ha nytte av å kople seg saman og gjerne opp mot meir komplette klyngemiljø i byar. Saman gjer vi kvarandre sterkare, men vi må først vite om kvarandre. Ein må ikkje undervurdere kor viktig det er å dele informasjon.

Ønskjer å skape verdi for innovative miljø

Vi kjem til å involvere lokale miljø i utviklinga av handlingplana til P-IRIS for det er desse vi ønskjer å skape verdi for. Mellom anna ser vi på moglegheita for å lage eit utdanningsopplegg knytt til Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk, utarbeida av Høgskulen og Vestlandsforsking. Det kan også bli aktuelt å sjå til klyngeprogrammet til Innovasjon Norge og deira utvikling av ein læringsplattform.

Spennande initiativ i Sogn og Fjordane

Under møtet i Sogndal fekk gruppa høyre frå Maritim Forening om Ocean Hyway Cluster i Florø som nettopp fekk Arenastatus, dagleg leiar Frank Øvstetun presenterte Sitep og øvingsfabrikk i Årdal og Trond Haavik fortalde om Fjordane Virtuelle Campus på Eid. Presentasjonane var gode bidrag til den seinare diskusjonen om handlingsplanen.

- Det er mange spennande initiativ i fylket, og det er viktig at aksjonsplana til P-IRIS bidreg til å styrke lokale miljø, avsluttar Andersen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingvild Andersen
rådgjevar
Ingvild.Andersen@sfj.no
9528929

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00