Dagsturhytta

Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Førde: Gyttakvia

Dagsturhytta i Førde kommune skal vere på plass i desember 2018. Hytta kjem til å få solcellepanel som skal gje lys innvendig. 

Tilkomst og parkering

Ein kan parkere ved Vieåsen barnehage.

Stien til hytta

Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Gå ein bratt og gruslagd sti til venstre oppover forbi husa. Turen er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag. Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet. Ein kan gå vidare til Viefjellet. Der kan ein gå vidare til Soleide.

Avstandar

Turen til hytta tek om lag 20 minutt i normalt gåtempo. Hytta ligg på om lag 300 moh.