Dagstruhyttetomta i Hyllestad

(Foto: Gjermund Flage)

Hyllestad: Sørefjordshytta

Dagsturhytta i Hyllestad kommune ligg nydeleg til ved Sørefjordsvatnet og med utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden. Den ligg like ved stien til Hesjetinden, men hytta og området rundt er turmål i seg sjølv. Hytta har fått namnet Sørefjordshytta etter vatnet den ligg ved. 

Tilkomst og parkering

Det er to alternative ruter: 

  • Parkering på Akse, med om lag 25 min. gåtid til hytta.
  • Parkering i Hyllestad, med om lag 1 time og 15 min. gåtid til hytta.

 

Stien til hytta

Stien er litt bratt i starten og ein går vekselvis i skog og noko blaut terreng før ein om lag halvveges kjem over på fjell og det flatar ut.

Avstandar

Det er om lag 1 km. frå Akse, og om lag 4 km. frå Hyllestad.

 

 

Kontaktperson i kommunen:

Gjermund Flage

Kultur- og oppvekstsjef, Hyllestad kommune

57 78 95 46 / 932 18 780