Bilete av fylkeshuset i Hordaland, Bergen
Bilete av fylkeshuset i Hordaland, Bergen

Foto: Hordaland fylkeskommune

Seks vil bli ny fylkesrådmann

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane tilset prosjektleiar/framtidig fylkesrådmann til det nye fylket i møtet i fellesnemnda 4. mai. Det er seks søkarar til stillinga.

– Representantar i tilsetjingsutvalet har hatt ein grundig prosess med gode kandidatar så langt, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, som er leiar i fellesnemnda.

Søknadsfristen til stillinga gjekk ut 12. april 2018.

Etter prosessen har føljande valt å stå på søkjarlista:

  • Karen-Marie Eek-Larsen (57), Alversund, ass. Fengselsleder
  • Thorbjørn Johan Gaarder (63), Oslo, chief credit officer
  • Anne Karin Hamre (53), Sogndal, fylkesmann
  • Karl Petter Haugen (49), Strusshamn, underdirektør
  • Rune Haugsdal (58), Eidsvågneset, fylkesrådmann
  • Tarjei Torvik (25), Bergen, student/arbeidssøker

Stillingstittelen er først prosjektleiar for etableringa av den nye fylkeskommunen fram til 1. januar 2020. Så blir stillinga fylkesrådmann for det nye storfylket på Vestlandet.

Erfaring frå strategisk endringsleiing, rolleforståing og prosjektstyring, samt evne til å kunne jobbe tett med det politiske nivået er viktig kompetanse. Ein ønskjer seg og forståing for dei to fylka sin eigenart.  Prosjektleiaren vil rapportere til den politiske leiinga og ha arbeidsstad i Bergen.

– Den totale interessa for stillinga viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier fylkesordførar Anne-Gine Hestetun.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713