Bilete av ei av dagsturhyttene og omgjevnadane

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Solund: Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund har fått namnet Sognesjøhytta og ligger sør for Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen. Dagsturhytta kom til Solund våren 2019. Hytta har sanitæranlegg og varme. 

Tilkomst og parkering

Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn.

Vil ein gå til dagsturhytta kan ein parkere ved Solund senter eller ved starten av turvegen.  

Stien til hytta

Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Grusa turveg tek av i krysset ved idrettsparken. Bratt stigning opp til Kystarboretet. Vidare flatar terrenget ut, god grusa sti til enden av Kystarboretet, der grusa tursti endar. Flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskille. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Turstien er nyleg rydda og merka. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.

Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett kan landast.

Avstandar

Hytta ligg om lag 15 moh. Det er om lag 3 km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen. 

Kontaktinformasjon 

Anne Kristine Dyrdal, Solund kommune. 

E-post: Anne.Kristine.Dyrdal@solund.kommune.no

Kart

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut