sef 62783ep
sef 62783ep

Foto: Hordaland fylkeskommune

Regjeringa går for Vestland fylkeskommune

Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane gler seg over at kommunalminister Monica Mæland tilrår Vestland som namn på det nye vestlandsfylket.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane vedtok i februar 2017 å slå saman dei to fylka med verknad frå 1. januar 2020. Begge fylka har gått inn for den nye fylkeskommunen får namnet Vestlandet eller Vestland fylkeskommune.

Regjeringa har i statsråd i dag avgjort at dei tilrår Vestland som namn på det nye fylket.

– Dette er vi veldig glade for. Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein felles identitet for vestlandsfylket. Eg legg til grunn at Stortinget følgjer tilrådinga frå departementet når dei gjer det endelege vedtaket før sommaren, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

– Eg er glad for at vi har fått eit forslag til namn, og meiner at vi med dette namnet kan byggje ein felles identitet for det nye storfylket i vest, seier Hestetun.

Meir informasjon
Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713