Dagsturhytta på Leikanger ein fin haustdag i oktober. Hytta er svart og trekanta med store vindauge mot fjorden.

(Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Leikanger: Orrabu

Leikanger kommune si dagsturhytte ligg på Eggjahaugane, og heiter Orrabu. Frå Eggjahaugane har ein utsikt austover til Hermansverk sentrum, sør/ aust inn fjorden til Fresvik, sør til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på parkeringsplassen ved Kleppa.

Stien til hytta

Du har fleire tur moglegheiter for å komme til Orrabu. Den kortaste startar frå parkeringsplassen ved Kleppa. Du føl vegen til Husabøstølen, og tek av mot Øvstestølen. Rett før Øvstølen ta av og inn på stien som går rett mot toppen av skitrekket. Etter at du har passert trekket, fortset du innover på stien og går skrått nedover til du ser hytta. Det er også mogleg å komme til hytta på vinteren via skiløypene på øvstestølen. I tillegg kan du gå inn Henjadalen til stølen Dalhjella, og fylgje stien til Stokksete og ta av etter Raumålsgrinda.

Avstandar

Eggjahaugen der hytta ligg er om lag 530 meter. Turen opp til dagsturhytta tek om lag 30 – 45 minutt frå parkeringsplassen på Kleppa dersom ein har med seg born.