Utsikt frå Nyksvatntet i Askvoll kommune

Utsikt frå Nyksvatnet (Foto: Askvoll kommune)

Askvoll: Nykshytta

Dagsturhytta i Askvoll kommune kjem hausten 2018. Hytta skal plasserast ved Nyksvatnet i Holmedal. Denne hytta skal ha solceller for å få lys og varme i hytta. Den skal i tillegg ha sanitæranlegg.

Tilkomst og parkering

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal.

Stien til hytta

Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Like før Nyksvatnet kjem du til ein stigaffel, der du tar av til høgre mot Moldura.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 455 meter. Stien er om lag 2 km og i vanleg tempo brukar du 45 minutt opp.