Foto av tannlegeutstyr, tre ting, som ligg på eit brett med grønt underlag.
Foto av tannlegeutstyr, tre ting, som ligg på eit brett med grønt underlag.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nasjonal tannhelsesamling til Loen

Samfunnsodontologisk forum i juni samlar krefter frå heile landet for å drøfte samfunnsperspektivet i tannhelsetenesta. Meld deg på no!

5.–6. juni inviterer den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane til Samfunnsodontologisk forum 2018 på Hotel Alexandra i Loen. Her samlar dei krefter og kompetanse frå heile landet innan fagfeltet.

– Vi skal bli oppdaterte på det nyaste innan faget, men også på det som kjem til å skje framover innan denne viktige helsetenesta, av departement og faginstansar, seier fylkesdirektør for tannhelse, Clara Øberg.

20 år sidan sist

Samfunnsodontologi handlar om å sjå tannhelse i eit samfunnsperspektiv, og kva faktorar i samfunnet som påverkar tannhelsa. Forumet er eit årvisst nasjonalt arrangement, og går på rundgang mellom fylka.

Det er 20 år sidan sist gong forumet vart arrangert i Sogn og Fjordane.

– Det er viktig og kjekt for Sogn og Fjordane å vere vertskap for dette, også for å snakke om dei gode resultata vi har her i fylket. 82 prosent av femåringane i Sogn og Fjordane har ikkje hol i tennene, seier Øberg.

Variert program

Den negative kariesutviklinga og utfordringane med norsk eldretannpleie er to av dei aktuelle temaa som står på dagsordenen under årets Samfunnsodontologisk forum.

Blant dei som skal halde føredrag finn vi statssekretær Line Miriam Sandberg i Helse- og omsorgsdepartementet, professor Geir Sverre Braut ved Universitetet i Stavanger og folkehelsekoordinator Grete Tungevåg Brudeseth ved tannhelsetenesta i Oslo.

I tillegg til det faglege programmet blir det musikalske innslag med lokalt preg ved Olav Stedje og Melodi Grand Prix junior-stjernene Vilde og Anna. Deltakarane får òg dra på topptur til Hoven med Loen skylift.

Sjå heile programmet og meld deg på her innan 2. april: Samfunnsodontologisk forum 2018

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut