Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Politiske møte i veke 43

Det er møte i hovudutval for samferdsle og hovudutval for næring og kultur 24. oktober. Hovudutval for opplæring har møte 25. oktober. Og fredag 27. oktober er det tid for felles fylkestingsmøte med Hordaland.

Hovudutval for samferdsle

Møtet i hovudutval for samferdsle 24. oktober vert på Askvoll Fjordhotell i Askvoll og startar kl. 10.00.

Saksliste for hovudutval for samferdsle 24. oktober 2017.

Hovudutval for næring og kultur

Møtet i hovudutval for næring og kultur 24. oktober vert på Hotel Alexandra i Loen og startar kl. 09.30.

Saksliste for hovudutval for næring og kultur 24. oktober 2017.

Hovudutval for opplæring

Sakslista for og informasjon om hovudutval for opplæring 25. oktober blir lagt ut når sakene er klare.

Felles fylkestingsmøte

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal ha felles fylkestingsmøte i Gulen 27. oktober 2017. Der skal dei drøfte vegen vidare i prosessen med å bli eitt fylke frå 2020. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har kalla inn til møtet.

Meir informasjon om det felles fylkestingsmøtet her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut