Lærlingar i vidaregåande opplæring sit i auditorium ved Luster vidaregåande skule. Vi ser dei forfra, tre rekker med elevar.
Lærlingar i vidaregåande opplæring sit i auditorium ved Luster vidaregåande skule. Vi ser dei forfra, tre rekker med elevar.

Lærlingari auditorium, Luster vgs

67 fleire søkjarar får plass

Andre inntak til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane var klart 28. juli. Sjå resultatet av inntaket på www.vigo.no. Svarfrist er 4. august. 

Etter andre gangs inntak fekk 67 fleire søkjarar tilbod om plass ved vidaregåande opplæring skuleåret 2017-2018.

Svarfrist

Svarfrist for søkjarar som har fått tilbod ved andre inntak er 4. august.
Ring gjerne inntakstelefonen: 57 63 81 00, opningstid: kl. 12.00-14.00

93 søkjarar utan tilbod

Etter dette står 93 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram.

Det er no 378 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane. Frå  måndag 14. august er det skulane sjølve som har ansvar for inntaket.

Skulestart er måndag 21. august, sjå skulen si heimeside for meir informasjon.

Nettsidene til dei vidaregåande skulane i fylket. 

Kontaktperson

Sissel Brusegård
teamleiar, opplæringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
405 24 464

Oversikt over ledige skuleplassar per skule

Oversikt over ledige skuleplassar per utdanningsprogram

Oversikt over inntak og ledige plassar per skule etter andre inntak

Informasjon om første inntaket til skuleåret 2017-2018  

Tidsplan for inntak 2017 (skuleåret 2017-2018)

 05. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak.
 13. juli, svarfrist første inntak.
 28. juli, melding om andre inntak.
 04. august, svarfrist andre inntak. 

 14. august, skulane overtek inntaket.
 21. august, skulestart.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut