Foto frå den eventyraktige teaterførestillinga Karma, som er del av Den kulturelle skulesekken skuleåret 2017-18. Vi ser ein hareliknande figur som sit på ein stor stein i mørkt vinterlandskap. Det står nokre bartre og eit bittelite sirkustelt like ved. I trea heng det lyslenker og vimpelrekker.
Foto frå den eventyraktige teaterførestillinga Karma, som er del av Den kulturelle skulesekken skuleåret 2017-18. Vi ser ein hareliknande figur som sit på ein stor stein i mørkt vinterlandskap. Det står nokre bartre og eit bittelite sirkustelt like ved. I trea heng det lyslenker og vimpelrekker.

Foto frå teaterførestillinga «Mørkemodig» av Katma, som er del av samarbeidet mellom Den kulturelle skulesekken og Teaterfestivalen i Fjaler. Foto: Mariell Amélie Lind-Hansen.

Nytt program i Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar. Det blir mellom anna kubanske rytmar, samisk verdsmusikk, nynorsk thrillerteater, tidsreiser og museumsbesøk.

– Vi har eit svært variert og godt program som vi ser fram til å formidle til elevane i fylket. Den kulturelle skulesekken er eit spennande puslespel kvart år. Vi vil gje elevane gode kulturopplevingar i ulike sjangrar. Målet er å både utfordre og glede, og ikkje minst skape grunnlag for refleksjon, inspirasjon og lærdom. Kvaliteten er som vanleg høg, seier Øyvind Høstaker, som er koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane.

Samiske og karibiske rytmar

Variasjonen i programmet kjem blant anna til syne i dei mange musikkproduksjonane.

Konserten «ALO» skal rundt til alle barnetrinna i Sogn med både tradisjonsrik og moderne samisk musikk. I Sunnfjord blir det meir karibisk stemning når ”Luisón og Cuba” inviterer elevane inn i det rytmiske universet til salsaen.

I tillegg tek distriktsmusikarane med seg favorittlåtane sine til barneskular i Nordfjord, og Good Time Charlie byr på blues i nynorsk språkdrakt.

Festivalsatsing

Festivalar er ikkje noko ukjent fenomen i Sogn og Fjordane, og no tek festivalane for alvor steget inn i Den kulturelle skulesekken. Ei storsatsing det kommande skuleåret er SPETAKKEL 2018. Denne festivalen vert for elevar på 1.–7. steg i kommunane Flora, Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Det vert ein festivaldag i Florø og ein i Førde i april neste år.

– Dette er noko heilt nytt for oss, det er første gongen vi arrangerer ein eigen festival for samtidskunst i Den kulturelle skulesekken, noko som gjer dette ekstra spennande. Vi ønskjer å vise fram det store mangfaldet innan DKS, og her vil elevane få oppleve både nasjonale og internasjonale artistar og kunstnarar på høgt nivå, fortel Høstaker.

Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kulturtanken. Det er også lagt opp til eit samarbeid med både skulane og kulturskulane. Meir om SPETAKKEL 2018 på nettsida til DKS.

Teaterfestival og to teaterturnear

Festival vert det også for barneskuleelevane i Askvoll, Fjaler og Hyllestad når DKS i samarbeid med Teaterfestivalen i Fjaler inviterter til teaterdagar i september. Elevane får sjå tre framsyningar på ein dag.. Meir om teaterdagane.

Medan det blir teaterfestival for barneskulen, får elevane ved dei vidaregåande skulane bryna seg på det thrillerprega teaterstykket «Fugletribunalet» når Sogn og Fjordane Teater reiser på DKS-turné. Stykket er basert på den prisløna boka ved same namn, av Agnes Ravatn. Meir om «Fugletribunalet».

Den andre teaterturneen i år er det også Sogn og Fjordane Teater som står for. Teateret skal til alle ungdomsskulane i Nordfjord med stykket «Invasjon». Tema her er kampen mellom tillit og fordømming, og stykket stiller spørsmål om frykt-retorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn.

Tidskapsel til 9. klassane

Ei anna storsatsing i årets skulesekk er kulturarvtilbodet «Tidskapselen», som går til alle 9. klassingane i fylket frå og med denne hausten. Saman med Musea i Sogn og Fjordane har DKS utvikla eit tilbod der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museum i nærmiljøet sitt.

– Tidskapselen skal bli eit årleg tilbod til 9. klassingane i åra framover. Dei ulike avdelingane ved Musea i Sogn og Fjordane har utvikla sine eigne tilbod, slik at opplegget blir tilpassa nærmiljøet til elevane. Vi håpar det skal gjera tilbodet ekstra interessant og relevant, og vi ønskjer elevane skal få betre kjennskap til både kulturarv som generelt tema og kulturarven i fylket vårt, seier Høstaker.

Den kulturelle skulesekken

For meir informasjon

Øyvind Høstaker
fagkoordinator, Den kulturelle skulesekken
Sogn og Fjordane fylkeskommune
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 168

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven