Tett profilbilde av Clara Øberg
Tett profilbilde av Clara Øberg

Foto: Kristjan Logason

Øberg ny tannhelsedirektør

Clara Øberg er tilsett som direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho kjem frå stillinga som konstituert direktør.

Øberg vart tilsett som assisterande direktør for den offentlege tannhelsetenesta i fylket i 2011. I 2015 tok ho over som konstituert direktør, og no er ho tilsett som direktør.

Før ho starta i tannhelsetenesta i fylkeskommunen kom Øberg frå Sogndal kommune, der jo jobba som tenesteleiar for helse- og sosialsektoren frå 2004. Ho har og tidlegare vore tilsett i fylkeskommunen, då i personalavdelinga i staben til fylkesrådmannen.

Øberg var representant i fylkestinget i perioden 2007–2011 og har og sete i kommunestyret i Sogndal. Øberg er fødd i Årdal, men er no busett i Sogndal.

For meir informasjon

Clara Øberg
clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut