Foto som syner Sogn og Fjordane-delegasjonen på klimakonferanse i Portugal i oktober 2016, frå venstre fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og forskingsleiar Carlo Aall i Vestlandsforsking.
Foto som syner Sogn og Fjordane-delegasjonen på klimakonferanse i Portugal i oktober 2016, frå venstre fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og forskingsleiar Carlo Aall i Vestlandsforsking.

Sogn og Fjordane-delegasjonen på klimakonferansen, frå venstre fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og forskingsleiar Carlo Aall i Vestlandsforsking.

På europeisk klimakonferanse

Klimatilpassing, klimaendringar og naturskade er blant tema på den første klimakonferansen til organisasjonen Euromontana, der Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltek på klimakonferansen saman med Carlo Aall i Vestlandsforsking og fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen.

Klimatilpassing og naturskade

Kjelsnes leia tysdag 4. oktober ein parallellsesjon med tema klimatilpassing og naturskade. Sogn og Fjordane var råka av fleire større naturskadehendingar i åra Kjelsnes var fylkesordførar, og dette er eit tema ho brenn for.

– Eg er svært oppteken av at utfordringane med naturfare må stå høgt på dagsorden i eit europeisk perspektiv. Difor er eg glad for at Vestlandsforsking no får sjansen til å fortelje om si erfaring med forsking på dette feltet for eit europeisk publikum. Her får vi også sjansen til å reklamere for den nye internasjonale klimamasteren til Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier Kjelsnes.

Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking deltok på sesjonen og  viste til erfaringar frå hendingar med naturskade i Noreg. Han slo fast at betre planlegging – utan nødvendigvis å investere store summar i «vernetiltak» – kan redusere faren for naturskade i mange tilfelle.

Vedtek klimakonvensjon

Euromontana er ein organisasjon for samarbeid og utvikling i fjellområda i Europa. Under konferansen, som går føre seg i Portugal, skal medlemane av organisasjonen vedta ein klimakonvensjon. Denne har to mål

  1. han skal sameine fjellregionane  i ei felles forståing av kva klimaendringane kan medføre av nye utfordringar.
  2. han skal seie noko om korleis fjellregionane kan utvikle ein felles politikk som integrerer arbeidet med å redusere utsleppa av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane.

Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking heldt også ein presentasjon der han tilrår fjellregionane å gå frå «justering» til «transformering» i klimapolitikken sin. Det inneber blant anna å ta vare på og ikkje late gro att, og auka omfanget av «fossilenergifri» matproduksjon, eksempelvis fjellbeiteområde, der det er mogleg.

Presentasjonar frå konferansen

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut