Briksdalsbreen sett frå vegen, med blå himmel
Briksdalsbreen sett frå vegen, med blå himmel

Briksdalsbreen. Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nytt forskingsprosjekt skal førebyggje giftige verknader av klimaendringar

Regionalt forskingsfond Vestlandet har gitt tilskot til eit forprosjekt som vil gi auka kunnskap om lokale kjelder til miljøgifter og korleis klimaendringar kan påverke og spreie miljøgiftene. Prosjektet vil finne ut kva for verktøy og strategiar miljøforvaltninga treng for å førebyggje slik skade.

Prosjektet hadde oppstartsmøte 21. september i år og skal vere avslutta innan eitt år. Kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland vil bli involvert i prosjektet.

Vestlandsforsking har det faglege ansvaret for gjennomføring av prosjektet. Forprosjektet har fått støtte på kr 500 000 frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland. Prosjektet er leia administrativt av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Forskingsprosjektet på Vestlandsforsking sine nettsider. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00