Signering intensojnsplan
Signering intensojnsplan

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal signerer intensjonsplan for samanslåing. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Intensjonsplan klar

Forhandlingsutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er einige om ein intensjonsplan for ein ny Vestlandsregion. No er det opp til fylkestinga i dei tre fylka å godkjenne planen.

Politisk og administrativ organisering av Vestlandsregionen var det store temaet i det siste  forhandlingsmøte i Førde 14. og 15. september. Det vart krevjande forhandlingar om kvar administrasjonen knytt til dei forskjellige politiske utvala skal ligge, men dei tre forhandlingsutvala er no einige.

Alt om regionreforma

– Intensjonsplanen er eit grunnlag for ein sterk Vestalandsregion. For Sogn og Fjordane er det viktig at vi her har eit tungt ansvar for veg og kultur, og Vestlandsregionen har slutta opp om at hovudsetet for Fylkesmannsembetet skal vere i Sogn og Fjordane, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

– Ein balansert modell med spreiing av arbeidsplassar har heile tida vore viktig for oss, og det å tilby gode tenester nær brukarane står no sentralt i planen. Det har vore tøffe forhandlingar der alle har måtte gje og ta, men viljen til å finne ei løysing var sterk.  Eg vonar vi kan ta med oss denne viljen i den vidare prosessen i haust, seier Følling.

I oktober skal dei tre fylkestinga ta stilling til intensjonsplanen, med eventuelt vedtak om samanslåing i desember.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland PDF document ODT document

Tilråding i sak til fylkesutvalet 28. september

Fire hovudutval

Det er forhandla fram einigheit om at administrativ og politisk leiing i den nye Vestlandsregionen skal leggjast til Bergen, Hordaland. Det inneber at regionting, regionutval og administrasjonssjef skal halde til her, og får ansvar for overordna strategisk samordning og styring av Vestlandsregionen.

Intensjonsplanen definerer vidare korleis den administrative og politiske leiinga skal organiserast i Vestlandsregionen. Det betyr blant anna ein utvalsstruktur med eit regionutval i staden for dagens fylkesutval og fire hovudutval.

Den politiske organiseringa inneber eit regionting, eit regionutval og følgjande fire hovudutval:

  • Samferdsle
  • Næring
  • Opplæring
  • Kultur og idrett

Fellesnemnda får i oppgåve å fremje forslag til den endelege politiske organiseringa innanfor desse rammene. I denne vurderinga skal også tannhelsetenesta og alle nye oppgåver til det regionale folkevalde nivået vurderast.

Hovudutvalsstrukturen dannar utgangspunktet for organiseringa av administrativ leiing (leiingsdeling) slik:

Hovudutval

Administrativ leiing (geografisk plassering)

Næring

Rogaland

Opplæring

Rogaland

Samferdsle

Rogaland: Kollektivtransport

 

Sogn og Fjordane: Veg

Kultur og idrett

Sogn og Fjordane: Kultur

 

Rogaland: Idrett

 

Ei slik administrativ organisering skal ivareta både strategiske og operative funksjonar. Oppgåver innanfor dei sentrale fagområda skal framleis kunne utførast i alle dei tre fylka. Det vert tilrådd at fylkesmannen  organiserast etter ein desentralisert modell med kontor i kvart fylke, men med leiing i Sogn og Fjordane.

I intensjonsplanen vert det gitt høve til at Sogn og Fjordane kan byggje opp eit investerings- og disposisjonsfond mot regionetableringa i 2020. Fondsmidlane skal nyttast til investerings- og utviklingsprosjekt. Det samla fondsbeløpet  skal ikkje kunne overstige 1,5 mrd. kr.  Fellesnemnda skal utarbeide nærare vedtekter for fondet.

Tidlegare har forhandlingsutvala blitt einige om mellom anna politisk styreform, namn og kjennemerke, inndeling i valkretsar og fem års vern mot oppseiing. Dei tre fylkesordførarane har stilt tydelege krav om nye og fleire oppgåver til eit større regionalt folkevalt nivå.

Regjeringa vil i 2017 leggje fram proposisjonar om nye oppgåver og regional struktur. Nye regionar skal etter planen tre i kraft januar 2020.

Kontaktpersonar

Jenny Følling, fylkesordfører Sogn og Fjordane, 479 05 990
Anne Gine Hestetun, fylkesordfører Hordaland, 995 64 643
Solveig Ege Tengesdal, fylkesordfører Rogaland, 907 22 027

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut