Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Revidert fråværsreglement
Hovudutval for opplæring vedtok 31. august revidert fråværsreglement for vidaregåande opplæring i fylket. I vedtaket ligg det at obligatoriske køyrekurs ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa, og at rutinane for dokumentasjon skal vere smidige.
Den nye fråværsgrensa for vidaregåande opplæring har skapt stor merksemd. Mellom anna har det vore diskusjonar knytt til køyreopplæring og krav til helsedokumentasjon for elevar som har nådd 10 prosent-grensa for fråvær for å få karakter i faget.
Likebehandling er viktig
Hovudutval for opplæring er oppteken av likebehandling for alle elevar i samband med praktiseringa av 10 prosent fråværsregelen. Utvalet vedtok revidert fråværsreglement for elevar i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane på møtet på Årdal vidaregåande skule torsdag 31. august.
Smidige rutinar rundt dokumentasjon
Hovudval for opplæring vedtok at obligatorisk kurs i glattkjøring, langkjøring og oppkøyring til førarprøva er ein lokal velferdsgrunn som ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa for fråvær for å få karakter i faget. Vidare i vedtaket står det at for kravet til dokumentasjon må skulane utarbeide rutinar i samarbeid med aktuelle samarbeidspartar. Ein må sjå til at rutinane vert så smidige at dei ikkje belastar nokon av partane meir enn nødvendig. Fylkesdirektøren for opplæring skal sjå til at reglane vert praktisert likt mellom skulane.
Stortinget skal orienterast
I siste punkt i vedtaket blir leiar i hovudutvalet, Karianne Torvanger, i samråd med fylkesordførar og elevorganisasjonen, beden om å orientere Stortinget sin utdanningskomité om dei praktiske følgjene av det nye reglementet, og om det sterke behovet for meir likebehandling mellom fylka, sett i lys av lærlingordninga og innføringa av rett til fritt skuleval for elevar over fylkesgrensene.
Vedtaket var samrøystes vedtatt og protokoll frå møtet finn de her.
Les også:
Fråværsgrense i vidaregåande skule
Kontaktpersonar
Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484
Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956