Kart over sør-norge med hordaland, sogn og fjordane og rogaland markert i raudt
Kart over sør-norge med hordaland, sogn og fjordane og rogaland markert i raudt

Styrer regionreform vidare

Fylkesutvalet har no vedtatt vegen vidare for arbeidet med regionreforma. Fylkesutvalet vert politisk styringsgruppe, og eit forhandlingsutval skal vurdere grunnlaget for felles intensjonsplan for ny vestlandsregion.

Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland fylkeskommunar møttest i mars for diskusjon om ein ny vestlandsregion. Der la dei ein overordna plan for prosessen, med handsaming i politiske organ fram mot hausten 2016.

Det første steget er ei politisk godkjenning av forhandlingsmandatet og hovudstrukturen i ein intensjonsavtale. Fylkesutvalet sitt vedtak 18. april fører arbeidet i Sogn og Fjordane vidare ved å etablere ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval.

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tidlegare i april å likevel gjennomføre nabosamtalar og vil i vår ta stilling til kva fylker det kan vere aktuelt å etablere nye regionar saman med.  

Styringsgruppe og forhandlingsutval

Fylkesutvalet vert politisk styringsgruppe og fortløypande informert, med moglegheit for å kome med innspel og føringar undervegs i prosessen. Det vart vedtatt at styringsgruppa utvidast med gruppeleiarane frå SV, MDG og FrP som sit i fylkestinget, men ikkje fylkesutvalet. Det vert og oppnemnd eit forhandlingsutval samansett av fylkesordførar, fylkesvaraordførar, ein representant frå den politiske opposisjonen (Noralv Distad, Høgre), og fylkesrådmannen. Trude Brosvik vart valt som varamedlem. Dei hovudtillitsvalde vert inviterte til å delta med ein representant i forhandlingsutvalet.

Vurderer grunnlaget

Dette forhandlingsutvalet skal sjå om det er grunnlag for å lage ein felles intensjonsplan med vestlandsfylka. Ein eventuell intensjonsplan må godkjennast i fylkestinget hausten 2016.

Fylkesrådmannen har innleia eit felles utgreiingsarbeid med fylkesrådmennene i Rogaland og Hordaland. Førebels ser dei på følgjande hovudpunkt:

  1. Styreform, valordning og politisk representasjon.

  2. Fakta om fylka og fylkeskommunane – samfunnsdata og nøkkeltal.

  3. Organisering og styring av eksisterande fylkeskommunale oppgåveportefølje.

  4. Organisering og styring av nye, regionale oppgåver og ansvarsområde.

  5. Framdrift og formelle avklaringar i – og mellom – fylkeskommunane ( prosessplanlegging).

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har stilt krav om overføring av fleire statlege oppgåver til ein tenkt vestlandsregion.

Eventuelt vedtak om samanslåing er planlagt desember 2016.

Saksframlegg og møteprotokoll i fylkesutvalet 18. april

 

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Tore.Eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568