Fylkesordførar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland
Fylkesordførar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland

Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal.

Krav om fleire oppgåver

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet, Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, stiller tydelege krav om overføring av nye og tunge samfunnsoppgåver for å slå seg saman til ein vestlandsregion. Dette kjem fram i eit brev dei tre fylkesordførarane i dag sender til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre fylkesordførarane meiner det pågåande arbeidet er ei demokratiserings- og desentraliseringsreform.

Dei tre vestlandsfylka har innleia drøftingar om samanslåing. I brevet til departementet orienterer fylkesordførarane i dei tre fylka om drøftingane så langt. Fylkesordførarane slår fast at dei ser på reforma som ei demokrati– og desentraliseringsreform og at dette flyttar makt og ansvar til større regionar, som vert meir handlekraftige og sjølvstendige i høve samfunnsutviklinga. Målet er eit lokal- og regionaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre utvikling, verdiskapning og trivsel for heile regionen basert på lokal og regional kunnskap.

Dei slår fast at fylkeskommunane er både tenesteprodusent og samfunnsutviklar og at dei vil føre dette ansvaret vidare. Ambisjonen er å utvikle og forme Vestlandet som region og samstundes tilpasse seg og samordne nasjonal politikk.

Utgreiinga vi no førebur skal utgjere eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for vidare politisk prosess fram mot ein mogleg intensjonsavtale. Vi vil alt no signalisere at vi vil stille tydelege krav om overføring av nye, tunge samfunnsoppgåver for at ei regionreform skal ha noko for seg. Vi set som vilkår at Stortinget vedtek ei reform der det regionale folkevalde nivået får eit tungt ansvar for både utviklingsorienterte oppgåver og oppgåver innretta mot tenesteyting overfor eit stort tal innbyggarar, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka er samde om konkrete oppgåver som bør overførast frå staten til det nye regionale nivået.  Statens vegvesen, Kulturrådet, jernbane, delar av Noregs forskingsråd, NVE og anna regional naturressursforvaltning, miljøvern og landbruksforvaltning, integrerings- og mangfaldsdirektoratet, statlege høgskular og den delen av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF-etat) som ikkje kan leggast til kommunane. Vidare vurderer dei tre fylkesordførarane å overføre sjukehusa tilbake til det regionale nivået.

Vi meiner det tener den norske forvaltningsmodellen at staten i større grad organiserer verksemda si slik at ho korresponderer med den folkevalde regionstrukturen som vert etablert. Vi meiner det også bør greiast nærare ut i kva grad ansvar, eigarskap og finansiering av heile eller delar av spesialisthelsetenestene bør leggjast til det nye regionale folkevalde nivået, seier  fylkesordførar Jenny Følling.

1. april legg statsråd Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga knytt til regionalt folkevalt nivå og fordeling av oppgåver. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet arbeider vidare med å få fram ein intensjonsavtale om Vestlandsregion. Den skal vere ferdig til 1. juli i år. Stortinget skal ta endeleg stilling til nye regionar og kommunesamanslåingar i vårsesjonen neste år.

Les forventingsbrev frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kontaktperson

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette: