Publikum på Gulatingsstaden under Gulatingsmarkeringa sommaren 2014. Foto: David Zadig.
Publikum på Gulatingsstaden under Gulatingsmarkeringa sommaren 2014. Foto: David Zadig.

Publikum på Gulatingsstaden under Gulatingsmarkeringa sommaren 2014. Foto: David Zadig.

Kulturkonferansen 2016

Fylkeskommunen inviterer til kulturkonferanse på Scandic Sunnfjord Hotel fredag 1. april og laurdag 2. april 2016. Det er framleis høve til å melde seg på!

Lenke til påmeldingsskjema

Felles kulturkonferanse

Vi samlar kulturarbeidarar i heile Sogn og Fjordane til felles kulturkonferanse med fagleg påfyll, der det å møte andre kulturarbeidarar også er viktig.

Fredag vil vi arrangere både felles foredrag og parallellseminar. Tema for dagen er «Gode kulturtilbod». Her kjem m.a. Norsk kulturråd som skal snakke om kvalitet i kulturen og Norsk publikumsutvikling som skal ha workshop om publikumsarbeid. I tillegg blir det kommunekontaktmøte i DKS, seminar om bruk av originalkjelder og seminar om viktige møteplassar for inkludering. Vi skal også besøke Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Laurdag er tema «Gode møteplassar». Her vil vi m.a. møte Amal Aden i seminaret Møteplassar i praksis – vandring i Førde. Det vert seminar om den kulturelle spaserstokken og Pål Isdal Solberg skal snakke om kulturarenaer for ungdom. Vi vil også delta på opninga av UKM-festivalen 2016, den viktigaste regionale møteplassen for ung kultur. Seminaret vert avslutta med parade til UKM-konsert på Skywalken i Førde kl 12.30 – 14.30. Det er høve til å få med seg resten av UKM-festivalen i Førdehuset.

Det er framleis mogeleg å melde seg på. 

Meld deg på

Du kan melde deg på konferansen og velje parallellseminar her:

Praktiske opplysingar

  • Konferansen er på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
     
  • Overnatting: du melder deg på og tingar overnatting i påmeldingsskjemaet. Betaling for overnatting skjer direkte til hotellet, kr 1 081.
     
  • Deltakaravgift for heile konferansen er 800 kr. Dette inkluderer dagpakkar, to lunsjar og middag fredag kveld. Det vert sendt ut rekning for konferansen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
     
  • Det er høve til  å delta på delar av programmet.
     
  • Sjå påmeldingsskjema for meir informasjon.

Kontaktperson

Sissel Aarseth
fagkoordinator, kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Mobil: 911 52 030
E- post: sissel.lillebo.aarseth@sfj.no

Meir informasjon om seminara og føredragshaldarane

Seminar 2: To viktige møteplassar for inkludering – bibliotek og musikk

På seminar 2 vil Terje Heggheim, rådmann i Flora kommune snakke om kva kultur betyr for integrering. Vi får høyre om fleire gode eksempel frå praksis, blant anna vil biblioteksjef i Odda kommune, Else Marie Sandal, fortelje om prosjektet Lån ein odding.  Anne Berit Lillegraven Helland, spesialbibliotekar for fleirspråklege tenester ved Bergen offentlige bibliotek, vil snakke om folkebiblioteket som integreringsarena. Og det vert presentasjon av integreringsprogrammet ved Førde kommune, og prosjektet Song og integrering ved Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Seminar 4: Publikumsundersøkingar og publikumsutvikling

Seminaret er todelt, vi ser både ser på publikumsundersøkingar og publikumsutvikling. Du vil få god forståing for kvifor og korleis vi gjennomfører publikumsundersøkingar både blant eksisterande og potensielt publikum. Seminaret vil kunne legge grunnlaget for samarbeid rundt felles publikumsundersøkingar framover. Du vil også få innsikt i publikumsutvikling. Korleis jobbe med publikumsutvikling, korleis kommunisere med publikum og praktisk arbeid med publikumsutvikling. Kva ynskjer du å signalisere og korleis vert du eigentleg oppfatta? Aktuelle trendar i arbeidet med publikumsutvikling.

Du møter: Ingrid E. Handeland og Gyrd Steen frå Norsk publikumsutvikling (NPU).

Del I: Om publikumsundersøkingar

Gyrd Steen er prosjektleiar for publikumsundersøkingar i Norsk publikumsutvikling (NPU) og er i tillegg dagleg leiar i Future Present Group AS. Han har jobba i tre departement (KD, NHD og UD), var byråledar i analysebyråa Perduco AS og Perduco Kultur AS, samt administrerande direktør i Bedriftsforbundet og har jobba som forskar ved NUPI. Han er utdanna statsvitar (cand.polit) ved NTNU og deretter Fulbright PhD Fellow ved Yale University i USA. I tillegg har han studiar i statistikk frå England og jusstudiar frå Nederland. Gyrd har gjennomført eit titals undersøkingar for kultursektoren i snart 15 år.

Del II: Om publikumsutvikling

Ingrid E. Handeland er direktør for Norsk publikumsutvikling (NPU) og har tidligare jobba som marknadssjef, kommunikasjonssjef og informasjonssjef ved Nationaltheatret. Der har ho arbeidd med fortolking, formidling, merkevarebygging, visuell profilering, informasjon og marknadsføring, sidan 1999. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo og Handelshøyskolen BI, og har tidlegare arbeidd med forskingsadministrasjon og musikkproduksjon.

Seminar 6: Møteplassar i praksis - Kulturkafé på Førdehuset og foredrag ved Amal Aden

  • Laurdag 2. april, kl. 09.00 til 11.30

Kl. 10.30 kjem Amal Aden til Førde bibliotek for å snakke om biblioteket som inkluderande møteplass. Biblioteka er kanskje den kulturarenaen som er mest nytta av flyktningar og innvandrarar, og det er nettopp biblioteket som er tema for Amal Adens foredrag. Aden er forfattar og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Ho er fødd i Nord-Somalia i 1983 og kom til Norge som 13-åring etter å ha levd som gatebarn i fleire år. Biblioteket vart svært viktig for ho: Det var litteraturen som reddet meg. Biblioteket ble mitt fristed.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00