Sogndal vidaregåande skule Foto: Birthe Johanne Finstad
Sogndal vidaregåande skule Foto: Birthe Johanne Finstad

Sogndal vidaregåande skule. Foto: Birthe Johanne Finstad

Opplæringstilbodet 2016-2017

Hovudutvalet for opplæring handsama i møte 24. november opplæringstilbodet for dei vidaregåande skulane 2016-17.

Møteboka frå handsaminga av saka finn de her.

Her er ei oppsummering av konsekvensane av vedtaket, samanlikna med opplæringstilbodet 2015-16:

Tilbodet ved Sogndal vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg2 byggteknikk vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 elenergi vert redusert med ei gruppe
  • Vg1 helse- og oppvekstfag vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 helsearbeidarfag vert auka med ei gruppe
  • Vg1 studiespesialisering vert redusert med ei gruppe

 

Tilbodet ved Eid vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg2 interiør- og utstillingsdesign vert redusert med ei halv gruppe
  • Vg1 elektrofag vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 automasjon vert oppretta med ei gruppe
  • Vg2 industriell møbelproduksjon vert redusert med ei halv gruppe
  • Vg1 teknikk og industriell produksjon vert redusert med ei gruppe

                                       

Tilbodet ved Flora vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg1 elektrofag vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 sal, service og sikkerheit vert lyst ut med ei gruppe
  • Vg2 brønnteknikk vert ikkje lyst ut
  • Vg2 studiespesialisering vert redusert med ei gruppe
  • Vg3 studiespesialisering vert auka med ei gruppe

 

Tilbodet ved Hafstad vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg1 studiespesialisering vert redusert med ei gruppe
  • Vg3 studiespesialisering vert redusert med ei gruppe

 

Tilbodet ved Firda vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skule vert ikkje lyst ut

 

Tilbodet ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg1 bygg- og anleggsteknikk vert auka med ei gruppe
  • Vg2 anleggsteknikk vert redusert med ei gruppe
  • Vg1 teknikk og industriell produksjon vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 kokk og servitør vert redusert med ei gruppe
  • Vg2 transport og logistikk vert ikkje lyst ut
  • Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter bestått fag- og yrkeskompetanse vert oppretta med ei gruppe

 

Tilbodet ved Måløy vidaregåande skule vert endra slik: 

  • Vg2 kokk og servitør vert auka med ei gruppe
  • Vg2 industriteknologi vert ikkje sett i gang

 

Tilbodet ved Stryn vidaregåande skule vert endra slik: 

  •  Vg3 studiespesialisering vert auka med ei gruppe
  • Vg3 idrettsfag vert ikkje lyst ut

 

For Dale vidaregåande skule vedtok hovudutvalet følgjande framlegg, som skal handsamast i fylkesutvalet 25. november og fylkestinget 8.desember:

«Hovudutval for opplæring rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Den samla grupperessursen vert auka med ei gruppe, tilsvarande 1,4 mill. kr. i heilårsverknad, for å gje rom til vg3 Påbygg i Dale.

Tilbodet ligg inne i vedteken skulebruksplan og er vesentleg for å kunne halde oppe eit skuletilbod på Dale vidaregåande skule.

Næringslivet i regionen peikar også på ein krevjande situasjon og at det i ei periode kan verte meir krevjande å skaffe læreplassar og at dette tilbodet såleis ikkje bør reduserast.»

Opplæringstilbodet vert justert etter at søkjartala er kjende 2. mars 2016.

 

 

Kontaktpersonar:

Karianne Torvanger
Leiar for hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

Bekka Skaasheim
Fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00