Debatt i fylkestinget, Firda-salen, Fylkeshuset.
Debatt i fylkestinget, Firda-salen, Fylkeshuset.

Eigarskapssaka om Fjord1 vart debattert og avgjort i fylkestinget 23. november. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vedtok Fjord1-sal

Fylkestinget vedtok sal av aksjane i F1 Holding AS på møtet 23. november.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Det vart vedteken med knapp majoritet på møtet i fylketstinget 23. november.  

Fylkesutvalet gjekk tidlegare same dag gjennom saka og vedtok med fem røyster mot fire å ikkje selje aksjar i F1 Holding. I fylkestinget vart det likevel fleirtal for å selje med 16 mot 15 røyster.

Trinnvis sal

Framlegget frå Noralv Distad i Høgre som fylkestinget vedtok med 16 røyster er lik tilrådinga fylkesrådmannen la fram for fylkesutvalet:

Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50% av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 % tidlegast 1. januar 2017. Om Torghatten ASA ikkje nyttar denne opsjonen, har fylkeskommunen høve til å selje resterande 50 % til Torghatten ASA etter 1. januar 2019.

Vedtaket legg opp til at salsinntekta vert nytta til gjeldsanering.

Ikkje vidare utsetjing

Fylkesutvalet foreslo tidlegare same dag i si tilråding ein ny prosess med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016.

Eit framlegg frå Jakob André Sandal (Sosialistisk Venstreparti) om å utsetje saka til neste ordinære fylkesting falt.

For meir informasjon

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568