Foto av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Foto av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Kristjan Logason

Skuffa fylkesordførar

– Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er skuffande for alle som ønskjer betre klima og sterkare satsing på kultur, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Kjelsnes er ikkje imponert over forslaget til statsbudsjett for 2016, som finansminister Siv Jensen la fram 7. oktober.

– For Sogn og Fjordane er det særleg skuffande at den framtidige fylkeskommunale økonomien ikkje vert styrka ved at tapskompensasjonen vert føreslegen trappa opp. Det er ikkje overraskande, og det betyr at «kampen» om auka tapskompensasjon må halde fram, seier fylkesordføraren.

Nye utfordringar i 2017

Kriteriegrunnlaget for ferjekompensasjon er retta opp i forslaget til statsbudsjett, men det vil berre lette situasjonen det første året.

– Det vil i 2016 slå positivt ut for Sogn og Fjordane, då det vil redusere utfordringa med manglande opptrapping av tapskompensasjonen. Frå 2017 vil utfordringane knytt til manglande opptrapping av tapskompensasjonen likevel kome med full  tyngde – 22,5 millionar kroner ned, akkumulerande fram til 2019, seier ho.

Kjelsnes er også svært skuffa over at dei samla løyvingane til rassikring i landet vert reduserte med om lag 500 millionar kroner. Det er andre året på rad rassikringspotten vert redusert, i ei tid då vi registrerer sterkt aukande trong for slike tiltak.

Set sin lit til Stortinget

Kjelsnes etterlyser i tillegg sterkare satsing på samferdsletiltak i fylket vårt, blant anna ei sterkare satsing på Vikafjellstunnelen, breiband og framdrifta for Stad skipstunnel. Heller ikkje på næringssida er Kjelsnes nøgd med budsjettforslaget.

– INU-midlane, som skal kompensere for høg arbeidsgivaravgift i Førde, Florø og Sogndal, er føreslegne trappa ned i 2016 og  ordninga avvikla frå 2019. I år har fylkeskommunen 41 mill. kr i slik kompensasjon. Med grunnlag i 2016-løyvinga rekna vi med å få i overkant av 22 mill. neste år. Kutt vil verke særs negativt for Sogn og Fjordane, som nyttar desse midlane gjennom Innovasjon Norge og til infrastrukturtiltak i fylket, seier fylkesordføraren.

No set Kjelsnes sin lit til at forhandlingane i Stortinget kan gje ein betre profil for Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
918 88 568
ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568