Bilde av vinnarane av Gründerprisen for ungdom 2014 Sogndal Lodge & Guiding AS, ved Sigrid Henjum og Sander Buene. Prisen vart delt ut av Hilmar Høl (t.v.) og Åshild Kjelsnes (t.h.). Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Bilde av vinnarane av Gründerprisen for ungdom 2014 Sogndal Lodge & Guiding AS, ved Sigrid Henjum og Sander Buene. Prisen vart delt ut av Hilmar Høl (t.v.) og Åshild Kjelsnes (t.h.). Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerprisen for ungdom 2014 gjekk til Sogndal Lodge & Guiding AS ved Sigrid Henjum og Sander Buene. Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris for ungdom 2015

No treng vi hjelpa di til å finne vinnaren av gründerprisen for ungdom 2015. Du kan føreslå både deg sjølv og andre.

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og må vere lokalisert i fylket.

Kandidatane vert vurderte ut frå følgjande kriterium:

  • Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Det kan mellom anna vere i form av:                    
    • omsetnad
    • arbeidsplassar
    • offensiv nyskaping
    • teknologisk nyskapande produkt
    • kommersiell innretting av produkt
    • utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
    • funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen er samansett av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Gründerprisen har vorte delt ut årleg sidan 2006. I fjor gjekk prisen til Sogndal Lodge & Guiding AS, ved Sigrid Henjum og Sander Buene.

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen?

Fristen for å sende inn forslag er 11. november.

Du kan sende forslaget ditt med informasjon om kandidaten din til Ingvild.Andersen@sfj.no eller til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Næringsavdelinga v/ Ingvild Andersen
Askedalen 2
6863 Leikanger

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00