Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket

blank Svein Arne Skuggen Hoff 2011-300px
Fylkesdirektør for plan og samfunn Svein Arne Skuggen Hoff er glad for å kunne presentere Fylkesspegel Sogn og Fjordane, aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket.
Sognefjorden speglar himmelen ved Leikanger
Sognefjorden speglar himmelen ved Leikanger. Foto: Mona Steinsland
blank
Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket
Fylkeskommunen lanserer Fylkesspegelen, ei ny samling aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket. Her finn du tema som folkehelse, næringsstruktur og flyttemønster. – Fylkesspegelen syner mellom anna at nokre kommunar kan ha lukkast i å stoppe utflyttingsstraumen, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

- Sogn og Fjordane fylkeskommune er stolt over å kunne presentere fyrste utgåva av Fylkesspegelen. Dette er eit resultat av godt samarbeid med andre regionale aktørar for å få fram nyttig informasjon om fylket, seier Skuggen Hoff, fylkesdirektør for plan og samfunn. – Enno manglar nokre samfunnsområde, men statistikksamlinga er eit dynamisk verkty der vi oppdaterer med ny statistikk og analysar framover. Fylkesspegelen vert lagt fram for fylkesutvalet i møte 9. februar, og blir å finne på www.sfj.no.

Fylkesspegel Sogn og Fjordane er ei samling av aktuell statistikk. Den gjev grunnlag for analysar og drøftingar, av både utvikling og utfordringar i fylket. Fylkesspegelen har fokus på regionale problemstillingar, men har og lagt til rette for analysar av bu- og levekåri kommunane, og utfordringar dei møter. Difor er så mykje som mogeleg av statistikken broten ned på kommunenivå, og gjort tilgjengeleg for kommunane.

- Det er interessante funn i datagrunnlaget innan folketalsutviklinga. Utan arbeidsinnvandring ville folketalsutviklinga vore dramatisk, seier Skuggen Hoff. Statistikkane syner at det i dei aller fleste kommunane er utanlandsk innvandring som veg opp for innanlands flytting og manglande fødselsoverskot. – Men Fylkesspegelen viser at ein del kommunar har ein klar reduksjon når det gjeld innanlandsk utflytting. Dette kan tyde at ein del målretta tiltak for å hindre utflytting, eller tiltak for å få folk til å "flytte heim", kan ha virka, seier Skuggen Hoff.

Fylkesspegelen syner at i Vågsøy kommune er den innanlandske utflyttinga meir enn halvert på tre år, og at den i Sogndal er redusert med tre fjerdedelar. Førde på den andre sida går motsett veg og har dobla utflyttinga. Gaular er ein av få kommunar som har ein stabil positiv tilflytting frå andre deler av landet.

-Statistikken stadfestar at Sogn og Fjordane framleis er noko for seg sjølv, seier Skuggen Hoff. - Når vi ser på sosiale tilhøve kjem Sogn og Fjordane stort sett betre ut enn landsgjennomsnittet og det er framleis grunn til å nytte omgrepet trivselsfylket. Samanlikningar frå Folkehelseinstituttet viser betre helsetilstand og betre risikoprofil enn landet elles. Skuggen Hoff meiner dette er gode nyhende for fylket vårt.

Fylkesspegelen er ein viktig lekk i fylkestinget sitt arbeid med å utarbeide og vedta ein regional planstrategi. Etter Plan- og bygningslova skal fylkestinget minst ein gong i valperioden utarbeide og vedta ein slik planstrategi. Føremålet med planstrategien er å setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i fylket. På same måte skal dei einskilde kommunane utarbeide kommunale planstrategiar. Fylkesspegelen skal som ein lekk i dette arbeidet, sjå på hovudtrekk i utviklinga i fylket innan viktige område: folketalsutvikling, flyttingar, bu- og arbeidsområde, kultur, næringsstruktur, nyskaping, landbruk, folkehelse, bu- og levekår, arbeidsmarknad, kommunal tenesteyting, samferdsle og miljø/ressursar.

Fylkesspegelen for Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.

For meir informasjon kontakt:
Svein Arne Skuggen Hoff
Fylkesdirektør, Plan og samfunnsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Tlf.: 918 88 868





Del dette:

Relaterte lenker