Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga

blank Svein Arne Skuggen Hoff 2011-300px
Fylkesdirektør for plan og samfunn, Svein Arne Skuggen Hoff. (Foto: Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
blank
Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga
I Fylkesspegel for Sogn og Fjordane er det vist at einskilde kommunar har ein drastisk nedgang i netto utflytting. Sogndal har i løpet av to år redusert utflyttinga med tre fjerdedelar, medan Vågsøy har redusert den med to tredjedelar. Det er store skilnadar mellom kommunane, og fleire har ein negativ trend. – Statistikkane viser òg kor avhengige vi er av utanlands arbeidsinnvandring. Utan den hadde folketalet utvikla seg dramatisk i negativ retning, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Fylkesspegelen har ei eiga side for statistikk på kommunenivå. Denne er tenkt å stø kommunane i arbeidet deira med kommunale planar og strategiutvikling, og folketalsutviklinga er brote heilt ned på grendenivå. Det er lagt stor vekt på å presentere data på ein visuelt god måte.

Sjå kommunesidene i Fylkesspegelen her.

Har stoppa utflyttingsstraumen
Folketalsutviklinga på kommunenivå er meint å få fram kva som bidreg til folketalsvekst og -nedgang dei enkelte kommunane. Dette kjem fram i statistikken Kvartalsvis folketalsutvikling dei siste tre åra, og det er sett saman grafar som viser fødselsoverskot, innanlands flytting og utanlandsk innvandring.

– Her vil ein då kunne sjå på endringar over tid, og om ein til dømes gjennom målretta tilbakeflyttingsprosjekt har klart å nå måla om mindre utflytting. Ein får også eit godt bilete av kor stor rolle utanlands innvandring betyr for folketalsauken i den einskilde kommune. Blant anna syner Fylkesspegelen at enkelte kommunar, som Sogndal og Vågsøy, har klart å stoppe utflyttingsstraumen, slår Skuggen Hoff fast.

Han legg til at det er viktig å merke seg kor viktig arbeidsinnvandring er for folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. Utan relativ stor arbeidsinnvandring, ville utviklinga i folketalet vore dramatisk i mange kommunar.

Til bruk i lokale prosessar 
– Utvalet av statistikk til Fylkesspegelen er basert på tema vi trur kommunane har nytte av, og data det har vore mogleg å bryte ned på kommunenivå. Gjennom dialog med kommunane vil vi no framover supplere og vidareutvikle denne statistikken, seier fylkesdirektør for plan- og samfunnsavdelinga, Svein Arne Skuggen Hoff.

I utforminga av Fylkesspegelen er det lagt vekt på å presentere data visuelt og godt, for at statistikken skal vere lett både å forstå og å bruke i lokale prosessar.

– Til dømes har vi presentert folketalsutviklinga på grendenivå med bruk av ulike fargar, slik at ein raskt får eit bilete av situasjonen. Ein kan òg sjå samanhengen med grendene i nabokommunar og korleis dei har utvikla seg, seier Skuggen Hoff.

På kommunesidene i Fylkesspegelen finn du informasjon om dette: 

  • Kart og statistikk som viser endringar i folketal mellom år 2000 og 2009 
  • Kvartalsvis folketalsutvikling dei siste tre åra 
  • Sysselsette personar etter næring 2000 – 2008 
  • Kvar kjem innvandrarane frå i kommunen 
  • Aktuell side for kommunen frå Statistisk sentralbyrå. Denne inneheld tal og statistikk knytt til:
    o Folkemengd 1995-2010 og framskriven 2011-2030
    o Befolkningsutvikling 1997-2009
    o Befolkningsstruktur 2009. Prosent
    o Busetting 2009
    o Barnehagar og utdanning 2009
    o Kommunestyrevalet 2007
    o Kommuneøkonomi 2009
    o Arbeid/inntekt
    o Butilhøve
    o Helse, sosial og omsorg
  • Aktuell kommuneside i rapporten ”Demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane” 
  • Aktuell kommuneside i rapporten ”Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Hordaland og Sogn og Fjordane”

Les òg:
Fylkesspegel for Sogn og Fjordane - eit nytt verkty for fylket

For meir informasjon om Fylkesspegelen, ta kontakt med:
Svein Arne Skuggen Hoff
Fylkesdirektør, plan- og samfunnsavdelinga
E-post: svein.arne.hoff@sfj.no  
Telefon: 918 88 868

 





Del dette:

Relaterte lenker