Sigrid Moldestad tok imot Fylkeskulturprisen 2010

– Eg er stolt og glad for å kome frå eit sterkt kulturfylke. Å jobbe med folkemusikk krev vidsyn og presisjon i både notid og fortid, det er ein balansekunst, men sikkerheitsnettet er alltid kjeldene mine, sa songaren og felespelaren frå Breim i takketalen.

Årets Fylkeskulturpris vart delt ut under opninga av fylkestinget tysdag 14. desember. Moldestad får prisen fordi ho står fram som ein god ambassadør for Sogn og Fjordane. Ho er ein særs dyktig formidlar, som nyttar nynorsk i musikken sin og representerer fylket på ein framifrå måte.

– Sigrid Moldestad utstrålar ein energi og ei kraft som er heilt eineståande. Ingen kan unngå å la seg berøre når Sigrid står på scena, eller når CD-spelaren går. Musikken som sviv ut frå hennar musikalske univers er vakker, vill og var. Sigrid, du rører ved dei varaste strengane i oss, sa Sissel Loen under pristudelinga.

Solide røter

Moldestad har dei siste åra slått gjennom for alvor, og dette er ikkje den einaste prisen ho har fått i år. Ho er kåra til Årets folkemusikar, stakk av med Folkealarmprisen 2010 for plata Sandkorn og har fått heimkommunen Gloppen sin målpris og Lutt-prisen av NRK Sogn og Fjordane.

– Tenk at eg skulle få lov å bli så veldig glad i folkemusikken. Kor heldig eg er som fekk så solide røter til bygda mi, og tonane som har levd der. Eg trur ikkje eg hadde spelt fele om det ikkje var for eldsjelene her, sa Moldestad under overrekkinga.

Fylkeskulturprisen er ein sjekk på 40 000 kroner og eit diplom.

Folkemusikaren har base i Bergen, men lærde felespel av sterke tradisjonsberarar i Breim spelemannslag og held god kontakt med heimbygda og det frivillige lagsarbeidet der. Moldestad fekk Spellemannsprisen i klassen folkemusikk/gammaldans både i 2005 (saman med Einar Mjølsnes og Håkon Høgemo) og 2007.

Les heile talen til Sissel Loen, leiar for hovudutval for kultur.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut