Tre frå fylket til stades då Noregs Mållag vart skipa

Noregs Mållag fyller 100 år. Laget vart skipa på ei ”maalmannsstemna” i hovudstaden 4. februar 1906. Tre menn frå Sogn og Fjordane var til stades og ein av dei vart vald inn i styret, dåverande dosent og seinare professor Nikolaus Gjelsvik, Askvoll.
Frimerket kom i handelen i dag, 3. februar.

Rørsler og organisasjonar veks ofte fram nedanfrå. Det skjedde også med målrørsla. Landssamanslutninga i 1906 kom nesten 40 år etter fyrste mållaget i landet, Vestmannalaget, skipa i Bergen 1868. Det fyrste mållaget i Sogn og Fjordane kan ha vore Kjølsdalen mållag, skipa av Elias Melvær i 1870. Me har ikkje fullgodt oversyn over framveksten av mållag i fylket, men ved utgangen av januar 1906 kan det ha vore kring 20 lag. Jostedalen Mållag vart skipa i januar 1906, Gulen Mållag i april same året.

Den heilt nære opptakten til skipinga av Noregs Mållag var ei innbyding datert 16. januar 1906, underskriven av 55 målmenn i heile landet, om å møta på ei ”maalmannsstemna” i hovudstaden, søndag 4. februar 1906. Stemna skulle drøfta kva krav målrørsla måtte stilla til riksstyresmaktene. Innbydarane oppmoda mållag om å velja utsendingar. Me har funne fire frå Sogn og Fjordane på oppropet: Anfin Refsdal (Vik), Edvard Liljedahl (Vik), Nikolaus Gjelsvik (busett i Oslo), Fredrik Fraas (Hafslo).

Stemna hadde 131 deltakarar frå minst 55 organisasjonar. Berre tre store lag var representerte; Firda Mållag, Vestlandske Mållag og Norigs Ungdomslag. To lokallag frå Sogn og Fjordane hadde utsendingar; Lærdal Mållag med handelsmann Jens Mo og Oppstryn Mållag med M. Glomnes. Nikolaus Gjelsvik var der under to hattar, kan det sjå ut til, som representant for Det Norske Samlaget (jfr. Boka Målreising gjennom 75 år.), og som representant for Firda Mållag (jfr. avisa Fjordenes Blad).

Drøftingane starta dagen før, laurdag 3. februar, med fest i BUL. Sjølve hovudsamlinga tok til søndag kl. 17 og varde i eit strekk til klokka 2 om natta. Jostein Krokvik fortel i boka han skreiv til 75 årsjubileet i 1981 at møtestyraren stod på heile tida og fekk til slutt tre gonger tre hurra for innsatsen sin.

Me har sett etter i dei to venstreavisene Sogns Tidende (Sogndal) og Fjordenes Blad (Nordfjordeid) for å finna ut kva dei skreiv om eit såpass viktig hende i norsk målsoge som skiping av landslag. Begge har oppropet om å møta på maalmannsstemna, og litt frå drøftingane. Men ingen nemner særskilt at det vart skipa eit landslag på stemna, eit Norigs Maallag. Elles ser det ut til at Oppstryn var eit lokalt kraftsenter i målrørsla. Fjordenes Blad hadde ein trespaltar av Jon Fridtun på fyrstesida 7. februar. Overskrifta var ”Fraa Firda Maallag”. I same bladet stod diktet Maalsong skrive av Harald Berge - i Oppstryn.

Sogn og Fjordane fekk Nikolaus Gjelsvik som ”sin mann” i Noregs Mållag sitt fyrste styre. Styret hadde fylgjande samansetjing:

Professor Marius Hægstad, (samrøystes vald til formann)

Styremedlemmer:
Redaktør Johs. Lavik, Bergen (45 røyster)
Dosent Nikolaus Gjelsvik, Oslo (38 røyster)
Adjunkt Peter Holter, Hamar (33 røyster)
Lærar Ingvald Forfang, Orkdal (31 røyster)

Kjelder:
Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981. Oslo 1981.
Fjordenes Blad og Sogns Tidende, fleire nummer.
Lothe, Anders A: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.

Sjå artikkel om Gjelsviksteinen (KAL/SF-1428.007).

Del dette:

Relaterte lenker