Mann surfer på bølger
Mann surfer på bølger

Foto: Stad surfeklubb

Regional strategisk plan for kysten

Regional strategisk plan for kysten vart vedteken av fylkestinget 13. juni 2018. Planen sitt hovudmål er å skape «ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og fleire gjestande».

Fylkeskommunen, kommunane og representantar frå næringane på kysten meiner meir forpliktande samarbeid og meir kartlegging av ressursane i kystsona er avgjerande for å nå målet. Planen inneheld fire satsingsområder:

  1. Etablere eit kystråd
  2. Ta styringa i kampen om sjøareal og strandsone
  3. Knyte saman kysten med betre infrastruktur
  4. Auke skaparkrafta og evna til nyskaping

Til kvar av dei fire satsingsområda er det knytt ei rekke tiltak. For kvart tiltak er det presisert kven som skal vere initiativtakar, støttespelar og i kva tidsrom tiltaket skal bli gjennomført.

Planen har vore til offentleg ettersyn og det kom inn 22 høyringssvar. Sett under eitt det ikkje gjort store endringar i planen etter høyringsrunden. Nokre av innspela ligg innanfor andre planar sitt verkeområde, og desse er derfor ikkje handsama her. Endringane som er gjort, dreier seg hovudsakeleg om formuleringar og supplering av arbeidsoppgåver under strategiområda.

Klikk her for å lese planen som fylkestinget vedtok 13.06.2018.

Klikk her for å lese kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for planen.
Klikk her for å lese saksutgreiing frå fylkestinget si handsaming av planen.
Klikk her for å lese møteprotokoll frå fylkestinget si handsaming av planen
Klikk her for å sjå opptak av behandlinga i fylkestinget (behandlinga startar 2 timar, 32 minutt og 30 sekundar ute i opptaket av dag 2)

 

Vidare oppdatering av planen

Den 13. juni vedtok også fylkestinget å gi fellesnemnda fullmakt til å starte opp førebuande arbeid med regional planstrategi for den nye fylkeskommunen. I denne vil alle planane til dagens fylkeskommunar bli evaluerte og vidare status bli vurdert.

Behov for rullering av handlingsprogrammet skal elles vurderast årleg (jf. Pbl. § 8-1).

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette