Prosjektomtalar

Store prosjekt

Fv. 60 Ugla – Skarstein

Fylkestinget vedtok i april 2015 investeringsprosjektet fv. 60 Ugla – Skarstein, jf. FT-sak 5/15. Prosjektet omfattar bygging av:

  • Vangbergtunnelen på om lag 1,2 km med tunnel- profil 9,5 meter
  • Veg i dagen, mellom Ugla – Vangbergtunnelen vest og Vangbergtunnelen aust til Skarstein, totalt om lag 4,1 km

Arbeid i 2018 vil ferdigstilling av tunnel, testing og godkjenning. Planlagt ferdigstilling er sett til 1. mars 2018.

Fv. 698 Blaksettunnelen

Eksisterande tunnelar langs fv. 698 ved Blakset har svært dårleg standard. Det er ikkje mogeleg å gjere tiltak på tunnelane for å oppgradere til betre standard då det er for låg overdekning og det er rekna som for farleg å arbeide i tunnelane.

Det er planlagt å byggje ein ca. 1200 meter lang tunnel og ca. 650 meter veg.

Arbeidet med reguleringsplanen er i gang.

Fv. 303 Seimsdalstunnelen

På bakgrunn av høg trafikkmengde, at eksisterande tunnel er svært låg (3,3 m) og smal, og behov for tilbod til dei mjuke trafikantane må tunnelen utbetrast. Val av løysing for Seimsdalstunnelen vart vedteke av fylkestinget i møte 17.10.2017. Det vart gjort vedtak om at dagens tunnel skal strossast til profil T10,5 med 2 meter brei gang- og sykkelveg. Tunnelen er ca. 1500 m lang.

Arbeidet med reguleringsplan vert no sett i gang.

Førdepakken

Førdepakken er ein bompengepakke med ei samla investeringsramme på 1,5 mrd. 2012-kr omrekna til 1,65 mrd. 2015-kr. Målsetjinga med Førdepakken er å sikre ein meir miljøvennleg og stabil trafikksituasjon i Førde sentrum. Fleire av prosjekta har som mål å legge betre til rette for gåande og syklistar. Dette gjeld m.a. strekninga mellom Angedalsvegen og Hafstadvegen. Førdepakken vil bidra til å løyse kapasitetsproblem i Førde sentrum, gjere det sikrare for mjuke trafikantar samt gjere det enklare og smidigare for bilar å ta seg fram.

Innkrevjing av bompengar starta i oktober 2016, og vil halde fram i ca. 12 år. Utbygging av tiltaka starta i 2017, og vil truleg vere avslutta i 2024.

  • Fv. 609 fortau Steinavegen; bygging startar 2017/2018
  • Fv. 484 Vievegen; reguleringsplan godkjent, prosjektering starta i 2017 og held fram i 2018
  • Fv. Angedalsvegen – Hafstadvegen planlegging/ prosjektering er starta og vil pågå i 2018
  • Fv. 609 Halbrendsøyra – Øyrane; planlegging startar i 2018
  • Fv. 481 Storehagen – Angedalsvegen; planlegging/ prosjektering er starta og vil pågå i 2018
  • Fv. 481 Angedalsvegen; planlegging/prosjektering er starta og vil pågå i 2018

Fv.606 Ytre Steinsund bru

Målet med prosjektet er å bygge ei bru mellom Daløy og Haldorsneset i Solund kommune.

Prosjektet har ein investeringskostnad på 700 mill. kr. I tillegg er det lagt inn eit avviksfond på 10 % - 70 mill. kr.

Fylkestinget vil ta endeleg stilling til oppstart av prosjektet etter at søknaden om ferjeavløysingsmidlar er handsama i Kommunal - og moderniserings - departementet.

Fv. 614 Svelgen – Indrehus

Prosjektet omfattar bygging av tunnel og veg i dagen mellom Svelgen og Indrehus. Prosjektet er ein del av Kystvegen. Kostnadsoverslag er frå inneverande HP omrekna til 691 mill. 2017-kr.

Mindre prosjekt

Tiltak for framkome og tryggleik

Årleg løyving på 15 mill. kr for å løyse utfordringar/flaskehalsar knytt til framkome og trafikktryggleik på enkeltpunkt.           

Fv. 611 Vevring II - bru

Brua er 9 meter lang og har bruksklasse 10/60. Brua er understøtta med støtte som ikkje lenger er brukande. Rekkverk kan ikkje oppgraderast utan at det vert bygd ny bru. Det vert gjort midlertidige tiltak i 2017. Det er såleis ikkje lenger kritisk å byggje ny bru tidleg i perioden.

Fv. 628 Husevågøy ferjekai

Dagens ferjekaibru er smal og tilleggskaien er for kort og ikkje tilpassa dagens ferjer. Brua og brubåsen må utvidast og tilleggskaien må forlengast.

Fv. 577 Øvrebotn bru I og II

Bruene er høvesvis 7,45 og 5,6 meter lange. Bruene er i så dårleg stand at vedtak om nedklassifisering av bruksklasse til BK 6 er gjennomført. Det kjem på plass midlertidige bruer i løpet av november som gjer at bruksklassen kan aukast att til BK 10. Det må difor byggjast nye permanente bruer.

Fv. 618 Barmen - Barmsund

Fylkestinget gjorde vedtak i sak 31/2016 om å ta over drift av ferjesambandet frå 1. juni 2019 og har gjort vedtak om at sambandet skal lysast ut med krav om el-ferje, jf. fylkestingsvedtak 23/2017. I den samanheng må kaiane oppgraderast. På Barmsund må det byggjast ny tilleggskai. Det må leggjast til rette for vatn, og førast fram straum for el-ferje. Utdjuping må gjennomførast og ein del av gamal konstruksjon som ikkje skal rivast må reparerast. På Barmen er det i konkurransegrunnlaget lagt til rette for at tilleggskaia kan forlengast dersom ferja som vert sett inn i sambandet har behov for dette.

Fv. 611 Sæle – Engebø

Det er sett av midlar til tiltak på strekninga jf. avtalen med Nordic Mining. Det må avklarast kva tiltak som skal utførast. Dette vil skje i samarbeid med Naustdal kommune.

Fv. 53 Ny brøytestasjon Holsbru

Det skal byggjast ny brøytestasjon på Holsbru på fv. 53 mellom Årdal og Tyin. Prosjektet vert lyst ut og gjennomført i 2018.

Fv. 614/fv. 577 Myklebust

Det vert bygd nytt kryss mellom fv. 614 og fv. 577. Prosjektet skal sluttførast i 2018.

Gang- og sykkelvegar

Fv. 614 Breivika – Svelgen

Denne strekninga knyter eit stort bustadområde på Langeneshaugen og Breivika saman med Svelgen oppvekst (barne- og ungdomskule med om lag 200 elevar) og Svelgen sentrum. Sjølv om sentrum ikkje er særleg stort ligg det nokre butikkar her, idrettsanlegg, arbeidsplassar, og då særleg Elkem Bremanger, som alle generer mange korte reiser. Heile bustadområdet ligg innanfor 3 km frå skulen. Her er potensialet stort for å auka talet på reiser som vert føreteke med sykkel eller til fots, både til arbeid, skule og på fritida.

Trafikkmengda på strekninga er på 2050 køyretøy pr. døgn. Strekninga er om lag 1,2 km, og går frå krysset med Strandvegen til skulen. Det finst ein reguleringsplan frå 2009. Denne må reviderast. Ekspropriasjonsheimel går ut i 2019. Prosjektering og regulering kan gå parallelt.

Fv. 607 Heggebø – Leirvik

Det er bygd gang- og sykkelveg på deler av strekninga, og nokre vanskelege parti står att. Denne strekninga blir prioritert for å fullføra eit halvgjort prosjekt. Trafikkmengda er 600 køyretøy pr. døgn og farten er 50 km i timen.

Fv. 548 Brandsøy - Solheim

Strekninga knyter nokre bustadområde mot sentrum av Florø. Her er mange skular, arbeidsplassar og andre funksjonar, og Florø er soleis ein av dei områda i fylket med størst potensialet for å auke talet på gåande og syklande. Strekninga er delvis bygd ut med fortau, men nokre parti står att. Det kan difor vera aktuelt å fullføre denne strekninga med fortau, eventuelt med sykkelveg med fortau. Trafikkmengda er 900 køyretøy pr. døgn og fartsgrensa er 50 km/t.

Det er laga eit forprosjekt for strekninga. Her er beskrive kostnader for å byggje fortau (låg kostnad) eller sykkelveg med fortau (høg kostnad).  Strekninga kan delast i mindre parsellar. Investeringsramma er basert på bygging av deler av strekninga.

Enkle fysiske tiltak

Det er mange enkle tiltak som kan betra tilhøva for gåande og syklande mykje. Dette er tiltak som gagnar dei som allereie går eller syklar, og som gjer det meir attraktivt for fleire å gå og sykle der det allereie er tilrettelagt med anlegg for gåande og syklande. Dette kan vere tiltak knytt til sykkelparkering og til forbetring av dagens sykkel- og gåruter.

Skredsikring

Fv. 633 Tunnel Kleiva

Prosjektet skal bygge ein kort tunnel som skredsikringstiltak. I prosjektet inngår om lag 600 meter tunnel og om lag 100 meter veg i dagen. Bygginga er starta i haust, med ferdigstilling hausten 2018.

Fv. 722 Flovegen

Fylkestinget vedtok val av alternativ løysing for Flovegen i sak 47/14.   Vegen langs Flostranda mellom Veslebygda og Flovegen er ei vegstrekke som er svært utsett for skred. Det er føresett bygging av ein ca. 3860 meter lang tunnel og ca. 800 meter veg i dagen. Reguleringsplanen er venta vedteken hausten 2017.

Fv. 53 Ljoteli

Det er utarbeidd eit forprosjekt for skredsikring langs fv. 53 ved Ljoteli forbi den mest skredutsette strekninga på denne vegen. Det er planlagt å byggje ein tunnel i området mellom avkøyrsle til gamlevegen og rasoverbygget på eksisterande veg for å skredsikre vegstrekninga. Det er planlagt å byggje ein ca. 780 meter lang tunnel.

Fv. 55 Kjenes

Prosjektet er eit skredsikringsprosjekt og omfattar bygging av bru over Esefjorden i Balestrand kommune.

Fv. 50 Vassbygdvatnet Aurland

Her er det planlagt å setje opp fanggjerde.

Fv. 60 Galdane i Borgund

Her er det planlagt å reinske og sikre ei vegstrekke på 2 km.

Fv. 57 Strand i Fjaler

Her er det planlagt å setje opp ein støttemur.

Mindre skredsikringstiltak - ufordelt

Prosjekta vert prioritert årleg som del av budsjettarbeidet.

Investeringsprogram

Investeringsprogram

Finansieringsprogram

 

Del dette:

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00