q 6tu 4xj 2k 5
q 6tu 4xj 2k 5

UKM Sogn og Fjordane 2018, Gloppen kulturskule sitt slagverkensemble Foto: Ida Emile Bruhn Henriksen/ UKM Media, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Felles barn, felles ansvar

20. - 21. september arrangerte fylkeskommunen konferansen «Felles barn, felles ansvar» saman med Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane. på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.

Her finn de presentasjonar brukt under konferansen. Fleire kan blir lagt ut etter kvart.

 

 

Kulturskule, UKM og DKS er tre offentlege ordningar som bidreg positivt i barn og unge sitt oppvekstmiljø.

Tema på årets konferanse er korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt på tvers av desse ordningane. Både KS og leiarar i kommunar i fylket skal få seie sitt om dette. I tillegg blir det presentasjon av prosjekt og potensielle samarbeidsprosjekt.

Det blir også visning av produksjonar som skal på turné i DKS skuleåret 2018/2019. Nokon blir vist om kvelden dag 1, medan andre i ein eigen parallellsesjon for DKS dag 2.

Samtidig med DKS-sesjonen dag 2 vil det også vere sesjonar for UKM og kulturskuletilsette. Lokalkontaktane for UKM får vere med på ein verkstad om korleis få til UKM Media i kommunane. Marius Mandal frå UKM Norge vil halde verkstaden. Tilsette i kulturskulane kan velje mellom sju ulike parallellar med tema alt frå arrangering for samspelgrupper til lokalt læreplanarbeid.

Heile programmet og praktisk informasjon om konferansen finn du her

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er

Torsdag:

  •  Politikarar
  •  Administrativ leiing i kommunane
  •  Rektorar i grunnskule og kulturskule
  •  Lokalkontaktar for UKM
  •  Kommunekontaktar for DKS

Torsdag frå kl. 17.30 og fredag:

  •  DKS-kontaktane på skulane
  •  Kommunekontaktar for DKS
  •  Lokalkontaktar for UKM
  •  Kulturskuletilsette
  •  Distriktsmusikarar
  •  Rektorar i grunnskulen

Prisar og påmelding

DKS-kontaktar på skulane og UKM-kontaktane i kommunane

  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i enkeltrom, inkl. alle måltid: kr 800,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i dobbeltrom, inkl. alle måltid: kr 700,- pr. person
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i enkeltrom: kr 600,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i dobbeltrom: kr 550,- pr. person.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag: kr 500,-.
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: kr 300,-.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj og middag og fredag inkl. lunsj: 800,-.

Tilsette i kulturskulane og andre

  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i enkeltrom, inkl. alle måltid: kr 2400,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i dobbeltrom, inkl. alle måltid: kr 2000,-. pr. person.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i enkeltrom: kr 2100,- pr. person.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i dobbeltrom : kr 1700,- pr. person.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag: kr 1300,-.
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: kr 1000,-.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj og middag og fredag inkl. lunsj: kr 2300,-.

Avbestilling etter 3. september vil bli fakturert fullt ut. 

Påmelding

Påmeldingsfrist er 29. august 2018. 

Gå til påmeldingskjema

 

logo_fellesbarn-fellesansvar.jpg

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00