Logo for prosjektet Prosjekt Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Hydrogen Region Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennomført eit prosjekt for å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

Ved hjelp av midlar frå Sparebankstiftinga og fylkeskommunen har prosjektet frå 2016–2018 tildelt økonomisk støtte til 6 næringsprosjekt knytt til hydrogen:

  • Hydrogendriven passasjerbåt (Brødrene Aa, Mancraft, Florø Skyssbåt, Flora kommune, Maritim Forening Sogn og Fjordane)
  • Hydrogendriven arbeidsbåt for oppdrett (Osland Havbruk, Kvernevik Engineering, Høyanger Næringsutvikling, Høyanger kommune, Greenstat)
  • Hydrogen i tungtransport ved TINE Byrkjelo (TINE, Byrkjelo Kraft, SFE, Gloppen kommune, Greensight)
  • Hydrogenproduksjon frå bølgekraft (Hydrowave, SMC)
  • Hydrogen som energiberar i energisystem for oppdrettsanlegg (oppdrettar frå fylket og partnarar)
  • Storskala hydrogenproduksjon frå vasskraft til land- og sjøtransport eventuelt eksport (Østfold Energi, E-CO, Hydro Årdal, DNV GL, Årdal Utvikling)

Sjå sluttrapporten frå prosjektet (pdf)

Sjå rapportar frå delprosjekta

Bakgrunn

Fylkespolitikarane har sagt at hydrogen skal vere eit satsingsområde for Sogn og Fjordane. Det er slått fast i industristrategien for verdiskapingsplanen 2015–2025, og i handlingsprogrammet for klima og miljø 2016–2017.

Hovudutval for næring og kultur har vedteke eit prosjekt som skal stimulere til auka bruk av hydrogenløysingar, samt til produksjon og effektiv distribusjon av hydrogen. Det vart mellom anna synt til at arbeidet med hydrogen så langt har fått god mottaking i næringslivet, og mange har forventningar til ei satsing framover (sak 16/570-1).

Med utgangspunkt i denne utviklinga, og moglegheitene for regionalt næringsliv, sette Sogn og Fjordane fylkeskommune i gang prosjektet Hydrogenregion Sogn og Fjordane med mål om å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

Prosjektet vart gjennomført frå 2016–2018 med fem hovudaktivitetar:

  1. Bidra til utviklingsprosjekt i næringslivet.
  2. Samarbeide med kommunane om areal - og transportplanlegging.
  3. Utvikle og styrke kompetanse og kunnskap i fylket knytt til hydrogen.
  4. Samarbeide med dei andre fylka på Vestlandet om strategiske interesser knytt til hydrogen.
  5. Delta i relevante nettverk, partnarskap og møteplassar regionalt , nasjonalt og internasjonalt.

Kvifor hydrogensatsing?

Vi forventar eit kraftoverskot i Noreg i åra framover, og energimarknaden er i rask endring. Dette skuldast mellom anna teknologiutvikling, meir desentralisert produksjon, press på infrastruktur og distribusjonsleddet, og nye behov hos sluttbrukar. Denne utviklinga gjer til at norske myndigheiter no vil satse på meir lokal utnytting av dei fornybare kraftressursane, mellom anna gjennom av karbonisering av land- og sjøtransport.

I stortingsmeldinga om energipolitikk seier regjeringa at auka bruk av batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi på ulike bruksområde vil bidra både til utsleppsreduksjon og næringsutvikling for aktørane i dei aktuelle verdikjedene.

Kva er hydrogen?

Grunnstoffet hydrogen finst det mykje av i naturen, til dømes i vatn. Framstilling av hydrogen kan mellom anna skje i ein elektrolyseprosess, der ein spaltar vatn ved hjelp av elektrisitet. Sogn og Fjordane er rikt på fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft, biomasse og bølgjekraft. Produksjon av hydrogen i fylket kan difor skje med utgangspunkt i fornybare energikjelder, utan utslepp av klimagassar.

Hydrogen kan nyttast som drivstoff til brenselceller, som igjen produserer elektrisitet ved å om danne hydrogen og oksygen til vatn i ein elektrokjemisk prosess. Med denne teknologien kan hydrogen verte brukt som drivstoff i motorar med null utslepp av klimagassar.

Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil difor truleg auke i åra framover, då det kan redusere behovet for fossil energi. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Endre Høgalmen
ass. fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Audun Erik Sunde
seniorrådgjevar
Audun.Erik.Sunde@sfj.no
916 45 874