Bilete frå ein konsert i DKS med distriktsmusikarar i Sunnfjord.
Bilete frå ein konsert i DKS med distriktsmusikarar i Sunnfjord.

Foto: David Zadig

Distriktsmusikarane

Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane underviser i kulturskulen, held konsertar både på skular og i barnehagar og deltek på større konsertprosjekt i samarbeid med andre profesjonelle musikkaktørar samt frivillige musikkaktørar i fylket. 

Kva gjer dei?

Arbeidsoppgåvene til distriktsmusikarane omfattar hovudsakleg undervisning i kulturskulen i tillegg til  utøvande konsertverksemd i ulike samanhengar, td. skulekonsertar i Den kulturelles skulesekken eller barnehagekonsertar. Distriktsmusikarane representerer også ein verdfull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket gjennom den avtalefesta fylkeskvoten der distriktsmusikarane skal stillast til rådvelde i inntil 10 dagar pr. semester for større konsertprosjekt, td. Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane symfoniorkester og mange større prosjekt for det friviljuge musikklivet.

Kven er dei?

Distriktsmusikarane i Førde

  • Christine Marøy, song
  • Arvid Anthun, trompet/dirigent
  • Henri G. Eftevand, fiolin
  • Helga Lied Wyrtz, fløyte
  • Jacob Wyrtz, gitar
  • Jon Kristian Bye, piano

Distriktsmusikarane i Gloppen

  • Ann-Margrit Silfverhielm, song 
  • Otto Ose, trompet, fiolin, bass
  • Henrik Silfverhielm, cello
  • Thomas Aanonlie, slagverk
  • Tone Holgersson, piano

Distriktsmusikarane i Sogn

  • Bjørn Gisle Seter, song
  • Hans Holgersson, cello
  • Leif Aslaksrud, basstrombone
  • Akiko Anazawa, piano

Bakgrunn

I 1987 vart det etablert distriktsmusikargrupper i kommunane Gloppen, Høyanger og Sogndal med fire musikarar i kvar gruppe. Utgangspunktet for denne ordninga var eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Rikskonsertane og dei tre vertskommunane. I 1988 vart også Førde vertskommune for si distriktsmusikargruppe. I dag er Førde, Gloppen og Sogndal med i ordninga. Høyanger gjekk ut av ordninga i 2004. Leikanger kommune overtok arbeidsgjevaransvaret for distriktsmusikarane i Sogndal i 2006 i samarbeid med Luster og Sogndal (Distriktsmusikarane i Sogn).

Fylkeskommunen si rolle

Fylkeskommunen yter 25 prosent tilskot til kvar av dei 15 distriktsmusikarstillingane, fordelt på Førde (seks), Gloppen (fem) og Leikanger (fire). Ei distriktsmusikarstilling består av 50 prosent utøving og 50 prosent undervisning. Tilskotet frå fylkeskommunen svarar til 50 prosent av utøvardelen av stillingane.

Kontaktinformasjon

Distriktsmusikarane i Førde

Kulturskulerektor Trude Skarvatun
trude.skarvatun@forde.kommune.no
57 61 28 10 / 415 05 970

Distriktsmusikarane i Gloppen

Kulturskulerektor Ann Karin Ose
ann.karin.ose@gloppen.kommune.no
47 47 88 23 / 934 43 519

Distriktsmusikarane i Sogn

Kulturskulerektor Roar Sandnes
roar.sandnes@leikanger.kommune.no
57 65 56 33 / 918 48 373

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øyvind Lyslo
Fylkesmusikkleiar
oyvind.lyslo@sfj.no 
901 13 433

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00