Fylkeskommunen sluttar seg til Earth hour - verdas største klimakampanje

25. mars 2009

Fylkeskommunen er med å støttar opp om verdas største klimakampanje ved å sløkkje lys laurdag 28. mars 2009 frå kl 20.30.

Les mer

Evaluering av bruken av midlar frå KRD til fylkeskommunane

16. mars 2009

Oxford Research og NIBR har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet gjennomført ei evaluering og utvikla eit effektindikatorsystem for utviklingsmidlane til fylkeskommunane over kap. 551 post 60 på Statsbudsjettet.

Les mer

Fylkeskommunen medstiftar i Norsk Kvernsteinsenter

11. mars 2009

Fylkesrådmannen rår Sogn og Fjordane fylkeskommune til å gå inn som medstiftar i Norsk Kvernsteinsenter.

Les mer

Vellukka rekrutteringsmesser - nærleik til naturen og stabile oppvekstvilkår viktigaste trekkplaster

27. februar 2009

Over 750 påmeldte deltakarar møtte fram ved dei tre messene som nyleg er gjennomførte i våre tre største byar.

Les mer

Oppfølging av "Tenketanken"

13. februar 2009

Fylkestinget vedtok i juni 2008 ei rekkje tiltak som skulle følgjast opp etter arbeidet som vart gjort ”Tenketanken”, som fylkesordførar Nils R Sandal oppnemnde i 2007 for å sjå på nye og alternative utviklingsstrategiar for fylket.

Les mer

Rekrutteringsmesse 2009

09. februar 2009

Fylkeskommunen med stand på rekrutteringsmesser i dei store byane.

Les mer

Ny fylkesbiblioteksjef på plass

06. februar 2009

Ágúst Magnusson tok til i stillinga som ny fylkesbiblioteksjef måndag 2. februar 2009.

Les mer

Nyskaparar i Sogn og Fjordane

29. januar 2009

Fylkeskommunen vil bidra til å lokke tilflyttarar med variert kompetanse til fylket. I regionbilaget ”Sogn og Fjordane – Nyskaparane” annonserer vi for fylket med historier om nyetableringar og moglegheiter

Les mer

Tiltakspakke for kommunesektoren,- Fylkesrådmann si tilråding for fylkeskommunen

27. januar 2009

Fylkesrådmann legg no fram tilråding fordeling for fylkeskommunen. Dette vert handsama i fylkesutvalet den 28. januar 2009.

Les mer

Tiltakspakke for kommunesektoren vert drøfta i fylkesutvalet 28.januar 09

27. januar 2009

Fylkesutvalet skal i møte 28. januar 2009 drøfte regjeringens tiltakspakke for kommunale sektor. 26. januar vart det klart at Sogn og Fjordane fylkeskommune får 32,7 mill kr i auka inntekter.

Les mer

32,7 mill kr til Fylkeskommunen

26. januar 2009

Regjeringa si tiltakspakke er på totalt 20 millarder kroner. Sogn og Fjordane fylkeskommune får 32,7 mill kr i auka inntekter, i den økonomiske krisepakka lagt fram mandag

Les mer

Kommunar og fylkeskommunar blir sentrale i finanspakken som kjem måndag

22. januar 2009

Stortingsmann Reidar Sandal plasserte kommunar og fylkeskommunar sentralt i pakken som regjeringa måndag skal presentere for å møte utfordringane i finanskrisa. "Storleiken på pakken vil vere betydeleg, svært stor," sa han utan å ville nemne nokon sum.

Les mer

Mange søkjer jobb i fylkeskommunen

21. januar 2009

Det har meldt seg 43 søkjarar til fem jobbar i fylkeskommunen "Dette er ein tendens vi er godt nøgde med og viser at vi er ein tiltrekkande arbeidsplass," seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer.

Les mer

Fylkestinget vedtok si første eigarmelding

09. desember 2008

Fylkestinget som er samla i Fylkeshuset i Leikanger vedtok fylkeskommunen si første eigarmelding. Meldinga dreg opp retningsliner for korleis fylkeskommunen sin politikk skal vere i framtida når det gjeld selskapa som fylkeskommunen eig og har eigardeler i.

Les mer

14 vil bli rådgjevar i kulturavdelinga

18. november 2008

Det er stor interesse for det ledige vikariatet som rådgjevar i fylkeskommunen si kulturavdelinga. Då søknadsfristen gjekk ut hadde det meldt seg heile 14 søkjarar. Arbeidsfeltet er Den kulturelle skulesekken.

Les mer

Fylkeskommunen som politisk aktør i Europa

16. oktober 2008

Som medlem i CPMR – Conference of Periphery and Maritikme Regions – er fylkeskommunen med å sikre kystregionar i Europa sine interesser i høve EU.

Les mer

God vekst i fylkeskommunen sine inntekter

07. oktober 2008

Trass den gode veksten er det eit skår i gleda at kompensasjonen for auken i dieselprisen er mindre enn forventa.

Les mer

Samandrag av lekkasjar frå statsbudsjettet

07. oktober 2008

Vi har samla ein del av lekkasjane frå statsbudsjettet. Det er mellom anna kome signal om at det kjem pengar til å ruste opp vegen fram til Stegastein.

Les mer

Regionalpolitiske oppgåver må til regionane

14. august 2008

-Fylkeskommunane er skuffa over at regjeringa legg opp til dobbeladministrasjon og at miljø og landbruk ikkje vert integrert i ein heilheitleg regional utviklingspolitikk, heiter det i uttalen frå fylkesordførarane og –rådsleiarane i landet på det årlege Sommarmøtet, i år halde i Leikanger.

Les mer

Sogn og Fjordane med internasjonal video

09. juli 2008

Fylkeskommunen presenterer fylket i ein ny video, også som aktuell partnar i nye EU prosjekt. Den kan nyttast gratis av kommunar, organisasjonar osb for å presentere seg eller vise kvar ein kjem frå.

Les mer

Vil ha norsk språkbank til Sogn og Fjordane

08. juli 2008

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ein framtidig norsk språkbank til fylket. - Vi har eit sterkt fagmiljø på IKT og språk, og gode erfaringar med utflytting av statlege arbeidsplassar til fylket, seier fylkesordføraren i eit brev til kulturdepartementet.

Les mer

Oppretting av stilling som assisterande fylkesrådmann

17. juni 2008

Fylkesrådmannen har gjort vedtak om å opprette stilling som assisterande fylkesrådmann frå 1. juni 2008.

Les mer

Streiken avslutta

04. juni 2008

Streiken i kommunal sektor er avblåst, etter at KS og Unio vart samde onsdag formiddag. Fylkeskommunen vart ikkje råka av streiken.

Les mer

Streikeuttak i Sogn og Fjordane fylkeskommune

04. juni 2008

Unio har varsla fylkeskommunen om streikeuttak for 135 medlemer ved 4 vidaregåande skular i Sunnfjord frå 5. juni 2008. Medlemene er organisert i Utdanningsforbundet og Norsk Sykepleierforbund.

Les mer

Ros og takk frå Kommunal- og forvaltingskomitèen i Stortinget

27. mai 2008

Sogn og Fjordane fylkeskommune får ros og takk i eit brev frå kommunal- og forvaltingskomitèen i Stortinget ved komitèleiar Tore Hagebakken.

Les mer

NVE vel straum frå Mongstad, ikkje Lutelandet

21. desember 2007

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har valt Mongstad framfor Lutelandet som straumleverandør til Gjøa-plattforma. - Veldig skuffande for Lutelandet og fylkeskommunen, me vil anke avgjersla, kampen er ikkje tapt! seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Les mer

Tenketanken med 3 nye framlegg

21. desember 2007

Tenketanken ønskjer ein mangfaldig og kreativ debatt om folketal, sysselsetjing og karrieremoglegheiter, omdøme og ’imitsj’ samt etableringsmoglegheiter i Sogn og Fjordane.

Les mer

Cruiseturisme i Nord-Atlanteren

17. desember 2007

Nord-Atlantisk samarbeid - NORA –– vil invitere til ein dagskonferanse i København 14 februar 2008 for å drøfte dagens og morgondagens utfordringar innan cruisetrafikken.

Les mer

Fylkeskommunen avviser ESA-klage

15. november 2007

Eigarane av Fjord1 Nordvestlandske er klaga inn for ESA av konkurrenten Nor-Ferjer AS, for angjevelege brot på EØS-avtalen sine reglar om statsstøtte. Påstandane er grunnlause etter fylkeskommunen sitt syn.

Les mer

Sogn og Fjordane i front for Felles Elektronisk Identitet

13. november 2007

I samband med Kunnskapsløftet har Kunnskapsdepartementet ein ambisjon om at alle kommunar og utdanningssektoren skal ha Felles Elektronisk Identitet i 2010.

Les mer

Stryn vidaregåande skule samla til eitt rike

09. november 2007

Då fylkesordførar Nils R. Sandal tysdag 30. oktober leverte lykelen til Stryn vidaregåande skule til rektor Kåre Roset, symboliserte det at skulen var samla til eitt rike.

Les mer

Hærførar for dei store utbyggingane til fylkeskommunen

31. oktober 2007

Bygge- og eigedomssjef Torolf Norheim fullførte endå eit stort byggeprosjekt då fylkeskommunen opna Stryn vidaregåande skule tysdag 30. oktober.

Les mer

Miljøsatsing i Stryn

30. oktober 2007

Biobrensel og vassboren varme er nokre av miljøsatsingane til fylkeskommunen i nybygget til Stryn vidaregåande skule. Tysdag 30/10 er det opning ved Fylkesordføraren.

Les mer

Ut i verda – så heim

28. oktober 2007 Les mer

Nyskaping med ny teknologi

04. september 2007

IT-forum arrangerer konferansen Nyskaping med ny teknologi i Loen 26.-27. september.

Les mer

Fiskeriministeren til Vestlandets stand på Aqua-Nor

16. august 2007

Fiskeriminister Helga Pedersen og likestillingsminister Karita Bekkemellem serverte "politisk" fiskesuppe på Vestlandet sin stand i går. Dei to ministrane tiltrakk seg rikeleg med publikum til sjømatbaren vår, der dei delte ut nylaga og velsmakande fiskesuppe.

Les mer

Fylkeskommunen sparde straum i 2006

24. juli 2007

Takka vere gode avtalar på kjøp av straum sparde Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane i det felles innkjøpssamarbeidet vel 7,8 millionar kroner for 2006.

Les mer

Utdeling av heidersteikn

02. juli 2007

Onsdag 20. juni fekk tre tilsette ved Fagskulen i Førde utdelt heidersteikn for lang og tru teneste i fylkeskommunen.

Les mer

Ny nettstad om Gjøa-utbygginga

13. november 2006

Nyleg vart den nye nettsida for Gjøa-utbygginga offisielt opna i Florø. Det er Leverandørnett Olje og Gass (LOG) som står bak den nye portalen.

Les mer

- Få ungdommen tilbake

03. november 2006

- Næringslivet må profilere seg sterkare for å hindre at ungdommen flyktar fylket. Det seier leiar i ungdomspolitisk utval, Kjell Netland, til NRK Sogn og Fjordane.

Les mer

Danseglad ungdom til Hafslo

03. november 2006

Helga 24. til 26. november vert det igjen skipa til Dansecamp for ungdom i fylket. Hafslo er staden, og alt ligg til rette for ei helg fylt med dans, show, sveitte og latter.

Les mer

Stor vegglede på Bjørnebitet

01. november 2006

Tett snøkave, eit lite hav av paraplyar og fylkesordførar Nils R. Sandal som opna den kommunale vegen mellom Steinseth i Fjaler og Høgelid i Gaular.

Les mer

Handelslekkasje eller kapitallekkasje?

25. oktober 2006

Sentrums-ekspert Odd Midtskog meiner kommunane må skjerpe seg i kampen om å halde kundar og forretningar i sentrumsområda i tettstadane. Han skapte sterkt engasjement under tettstadkonferansen på Årdalstangen.

Les mer

Lokalsamfunna må forstå sin eigen situasjon

24. oktober 2006

- Vestlandet har hatt ein fabelaktiv evne til å kombinere det superpessimistiske synet og det positive endringsarbeidet. Det meiner professor Jørgen Amdam som innleia under tettstadkonferansen i Årdal.

Les mer

-Vi ønskjer å ta heile fylket i bruk

24. oktober 2006

Fylkesordførar Nils R. Sandal la vekt på fylkesplanen sine hovudstrategiar under opninga av tettstadkonferansen i Årdal. Vi ønskjer å ta heile fylket i bruk, slo han fast.

Les mer

Svært vellukka temadag om helse

20. oktober 2006

God debatt og interessante innlegg prega den helsepolitiske temadagen under fylkestinget i Loen.

Les mer

Fylkeskommunen skal bli miljøfyrtårn

17. oktober 2006

Fylkestinget i Loen vedtok i dag at det skal innførast ein miljøprofil for alt fylkeskommunalt innkjøp. Det inneberer mellom anna strengare krav til tilbydarar av varer og tenester.

Les mer

Samarbeid med Ningxia om trygt lokalsamfunn

10. oktober 2006

Då ein delegasjon frå Ningxia- provinsen i Kina besøkte Sogn og Fjordane i haust var trygge lokalsamfunn eitt tema. Sogn og Fjordane kan, som såkalla ”safe commuity”, gje råd og støtte for at Ningxia også kan oppnå ein slik status. WHO er svært positive til planane om samarbeid.

Les mer

Statsbudsjettet og fylkeskommunen

06. oktober 2006

Statsbudsjettet vart om lag som forventa for Sogn og Fjordane fylkeskommune.Regjeringa har stort sett følgt opp signala i kommuneproposisjonen frå mai 2006. Resultatet vert at fylkeskommunen totalt får eit redusert driftsnivå i 2007.

Les mer

Bratt læringskurve for den nye fylkesrådmannen

05. oktober 2006

- Då eg fekk jobben som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, kommenterte mange at eg var heldig som kjende systemet godt frå før. Den erfaringa var sjølvsagt til hjelp, men eg må vedgå at læringskurva har vore bratt.

Les mer

Arkivkonferanse med NAV på dagsorden

27. september 2006

Den årlege arkivkonferansen til kommunearkivordninga vart skipa til i Leikanger 25. og 26. september og hadde mellom anna NAV på dagsorden siste dagen. Konferansen gjekk i regi av fylkeskommunen.

Les mer

Ungdomspolitikar Miriam Vårdal var borddame for kronprinsen

07. september 2006

"Kronprins Haakon Magnus var veldig kjekk og lett å snakke med," seier den 17 år gamle ungdomspolitikaren Miriam Vårdal frå Askvoll. Ho var borddame for kronprinsen under middagen som fylkeskommunen skipa til for kronprinsparet på Alexandra Hotell i Loen.

Les mer

Fylkeskommunen har gjort målingar av fjellsprekker i Stryn

30. august 2006

Då Fjellskredprosjektet gjorde målingar i Oppigardshynna og Hjellehynna i Oppstryn fann dei ein del større sprekker, men det er ikkje noko som tyder på at sprekkene har utvikla seg mykje sidan 1950-talet.

Les mer

Delegasjon frå Kina skal sjå på tilhøva for funksjonshemma i fylket vårt

29. august 2006

Ein delegasjon frå Ningxia-provinsen i Kina kjem til fylket vårt for å sjå på korleis vi legg tilrette tilhøva for funksjonshemma. Vitjinga er ein gjenvisitt etter at ein delegasjon frå Sogn og Fjordane var i Kina i fjor.

Les mer

Sogn og Fjordane-miljø har underteikna intensjonsavtale med offshore-firma i Singapore

28. august 2006

Gulen og Masfjorden Utvbyggingsselskap i Gulen og Fjord Base i Flora har underteikna intensjonsavtale om å utgreie eit mogleg samarbeid om basedrift med Singapore Offshore Petroleum Services. Avtalen er eit resultat av organisasjonsbygging som starta på offshoremessa i Stavanger i 2004.

Les mer

Nasjonal konferanse om trafikktryggleik

23. august 2006

Statens vegvesen arrangerar konferanse om trafikktryggleik, i Loen i september. - Det at konferansen er lagt til vårt fylke viser vår posisjon i ulykkes- og det førebyggande arbeidet, seier Åshild Kjelsnes, leiar i Trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane.

Les mer

Besøk frå Skottland til Bulandet

28. juni 2006

29. juni kjem ei gruppe frå Nord-Skottland på besøke til Bulandet og Værlandet. Dette er ei oppfølging av partnerskapsavtala som vart underskriven på Leikanger i desember 2005.

Les mer

Nye tider i fylkeskommunen

15. juni 2006

Den nye fylkesrådmannen Jan Øhlckers hadde sitt første fylkesting i Førde 13. juni då han sat ved dirigentbordet saman med fylkesordførar Nils R. Sandal og sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad. Elles ser vi no kvinner på frammarsj mellom toppbyråkratene.

Les mer

Offentleg offensiv innan ikt-utvikling

07. juni 2006

"Det offentlege er no i ferd med å setje dagsorden innan ikt-utvikling. Tidlegare var dei sett på som litt trauste. No er dei i ferd med å gå føre, bli trensetjarar og vise veg."

Les mer

Fylkeskommunalt It-forum jubilerer i Balestrand

06. juni 2006

Rundt 50 utsendingar er samla i Balestrand når fylkeskommunalt It-forum markerer 20-årsjubileet sitt i dagane 6. til 8. juni.

Les mer

Fylkeskommunen får god karakter i stor spørjegransking

22. mai 2006

Læringslaben har gjennomført ei stor spørjegransking der Sogn og Fjordane fylkeskommune totalt får nest høgste moglege karakter.

Les mer

Revidert nasjonalbudsjett 2006

12. mai 2006

Det reviderte nasjonalbudsjettet som vart lagt fram i dag får ikkje dei store verknader for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Nettoverknaden vert truleg ca. 1 million kroner.

Les mer

'Lidvin attende frå Pyramidane'

19. april 2006

I arbeidet med å etablere eit unikt samarbeidsopplegg mellom Den Kinesiske Mur, Pyramidane i Egypt og Sognefjorden har det vore drøftingsmøte i Cairo 16.-19. mars 2006. Møtet fann stad i samband med markeringa av 50-års dagen for Kinesisk-Egyptisk kultursamarbeid.

Les mer

Fylkeskommunen støttar arbeidet med Livsmeistringssenter på Skei

10. april 2006

I samband med fylkestinget 5. april stilte representant Norunn Lunde Furnes, KrF spørsmål til fylkesordføraren vedkomande planane for eit livsmeistringsenter på Skei i Jølster. Her er svaret.

Les mer

Ordførar Roger Silden i Vågsøy utfordrar kysten til å stille på Nor-Fishing

31. mars 2006

”Vi føler at når fylkeskommunen stiller opp og legg til rette for ei fylkessatsing på fiskerimessa Nor-Fishing, så må kystkommunane kjenne si besøkstid.

Les mer

Tidlegare fylkesordførar Julius Fure er død

23. mars 2006

Tidlegare fylkesordførar Julius Andreas Fure er død 74 år gamal. Julius Fure fødd 19. desember 1931 døydde i Selje 18. mars 2006 kl. 23:30 etter å ha vore kreftsjuk ei tid.

Les mer

Kongens fortenestemedalje til fylkeskommunal medarbeidar

11. februar 2006

På dagen 40 år etter at han tok til i fylkeskommunen vart Reidar Tjønn tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv av ordførar Olav Lunden i Leikanger.

Les mer

Mange vinnarar på ungdomsmessa

10. februar 2006

Den store ungdomsmessa i Førde 8. og 9. februar hadde mange vinnarar. Her kan du sjå "resultatlista".

Les mer

Fylkesmisjonærar på turné

09. februar 2006

I neste veke legg dei to traineeane Kristin Vik og Ole Morten Sunde i Sparebanken Sogn og Fjordane ut på ei lita "misjonsreise" i fylket vårt. Dei skal vitje dei vidaregåande skulane og fortelje om jobbalternativ og karrierevegar i Sogn og Fjordane.

Les mer

Dei unge trur Sogn og Fjordane er plassen for bønder og fiskarar

09. februar 2006

Den som skal ha seg jobb i Sogn og Fjordane må anten bli bonde eller fiskar. Dette er ei hardnakka oppfatning mellom 17-18-åringar i fylket.

Les mer

"Vi bur på ein drittplass, men eg trivst"

09. februar 2006

Trass i at Sogn og Fjordane blir framstilt som ein keisam og bondsk plass, kjem det også fram at ungdommen trivst og kan tenkje seg å bu her.

Les mer

Partnerskapsavtale mellom Ny Kunnskap AS og fylkeskommunen

03. februar 2006

Sogn og Fjordane fylkeskommune signerte i dag partnerskapsavtale med NyKunnskap AS. Det var fylkesrådmann Per Drageset som signerte for fylkeskommunen og Leif Røv for NyKunnskap.

Les mer

Tre frå fylket til stades då Noregs Mållag vart skipa

03. februar 2006

Noregs Mållag fyller 100 år. Laget vart skipa på ei ”maalmannsstemna” i hovudstaden 4. februar 1906. Tre menn frå Sogn og Fjordane var til stades og ein av dei vart vald inn i styret, dåverande dosent og seinare professor Nikolaus Gjelsvik, Askvoll.
Frimerket kom i handelen i dag, 3. februar.

Les mer

Fylkesordføraren med klar melding til olje- og energiministeren

02. februar 2006

"Vårt mål er at aktiviteten off-shore skal ha langt større regionale ringverknader enn det den har i vårt fylke i dag," sa fylkesordførar Nils R. Sandal då han helsa olje- og energiminister Odd Roger Enoksen velkomen til Florø.

Les mer

Fylkesordføraren med tale ved heimkomsten for autolinebåten 'Haugefisk'

01. februar 2006

Fylkesordførar Nils R. Sandal heldt tale på Hauge i Bremanger 27. januar ved heimkomstfesten for autolinebåten 'Haugefisk'. Han understreka at fartøyvernarbeid er ein viktig del av kystkulturen, og at ingen autolinebåtar tidlegare er tekne vare på. Vidare: 'Haugefisk' skal hjelpe oss til å forstå kva havet, lokalsamfunna, fiskarane og familiane har representert for oss — nesten heilt fram til i dag. 'Haugefisk' som del av kulturarven vår skal brukast. Det gir det beste vernet for denne båten.

Les mer

Åshild Kjelsnes ny leiar i Nasjonal rassikringsgruppe

23. januar 2006

Åshild Kjelsnes er vald til ny leiar i den nasjonale rassikringsgruppa. Britt S. Nordlund frå Troms er vald til ny nestleiar.

Les mer

Fylkesordføraren om fylket si satsing innan olje og gass

19. januar 2006

Fylkessordførar Nils R. Sandal sa mellom anna: '28 prosent av norsk oljeproduksjon vert produsert mellom 61. og 62. breiddegrad. Statoil er for tida einaste operatør på felt i drift i denne sektoren, og området står for 50 prosent av selskapet sin samla oljeproduksjon. Med denne geografiske plasseringa av aktivitetane er det urimeleg at Sogn og Fjordane ikkje har meir enn om lag éin prosent av sysselsettinga i petroleumsnæringa'.

Les mer

Reodorprisen til Paneda AS i Selje

19. januar 2006

For knappe 2 månader sidan delte Innovasjon Norge ut Reodorprisen 2005 under ein storslagen festkveld i Oslo konserthus. I Flora 18. januar gav fylkesordførar Nils R. Sandal blomar til dagleg leiar Geir Gjørsvik.

Les mer

Fylkesordføraren song for 900 millionar kinesarar

06. januar 2006

Fylkesordførar Nils R. Sandal var i dag ein av hovudgjestene i eit kinesisk fjernsynsprogram som går ut til 900 millionar kinesarar.

Les mer

Fylkesordføraren har invitert heile regjeringa til å besøke Sogn og Fjordane

21. desember 2005

I samband med presentasjonen av Soria Moria-erklæringa vart det varsla at Regjeringa ville legge vekt på å reise rundt i landet og legge møte utanfor Oslo. Dette tykkjer eg er ei særs god målsetting. Det ville gle meg storleg om Regjeringa kunne starte med å besøke Sogn og Fjordane, skriv fylkesordførar Sandal i invitasjonen.

Les mer

Stor interesse for å teikna nytt museum

14. desember 2005

Etter offentleg utlysing i EØS-området har heile 22 arkitektgrupper meldt seg interesserte i å utforma det nye kunstmuseet i Førde. Interessentane er både norske og utanlandske.

Les mer

Stor delegasjon til nordisk tryggleiks-konferanse

03. november 2005

20 personar frå Sogn og Fjordane deltek på den sjette nordiske Safe Community Conference i Sverige i neste veke.

Les mer

Partnerskap på fylkesnivå

27. september 2005

Folkehelsearbeidet er forankra i Fylkesplan 2005-2008

Les mer