35 millionar til bulyst i 2013

22. januar 2013

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har i år løyvd 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. Alle offentlege og private aktørar og verksemder kan søkje innan fristen 8. mars.

Les mer

KOFA gjev Sogn og Fjordane fylkeskommune medhald i klagesak

02. januar 2013

Fylkeskommunen vart i haust klaga inn for Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA). No slår KOFA fast at fylkeskommunen ikkje har brote regelverket i ein innkjøpskonkurranse om kontor- og datarekvisitta.

Les mer

Oppreisingsutvalet handsama sju saker

12. desember 2012

Fire søkjarar fekk oppreising på inntil 750 000 kroner då oppreisingsutvalet hadde møte 10. desember. Sekretariatet minner om at fristen for å søkje om oppreising er 1. januar 2013.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune er Årets nynorskkommune 2012

04. desember 2012

Fylkeskommunen får prisen for å vere eit sterkt nynorskfylke som har løfta nynorskbruken opp på eit politisk overordna nivå. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete overrekte prisen til fylkesordførar Åshild Kjelsnes under ein seremoni i Oslo tysdag 4. desember.

Les mer

Nærkontakt med ein festivalsjef

26. november 2012

Linda Hagen Myklebust var sjef for årets Qfilm-festival ved Firda vidaregåande skule. Førre veke vart det lite vanleg skule og mykje film. Høgdepunkta var prisutdeling og kino i taket.

Les mer

Mykje å lære av naturskadehendingar

23. november 2012

Dersom kommunane følgjer regelverket, kan de forhindre at mange av de naturskadehendingane som har skjedd tidligare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.

Les mer

Fylkeskommunen har fått ny innkjøpsstrategi

15. november 2012

Eit av måla i innkjøpsstrategien er at fylkeskommunen skal bidra til å heve konkurranseevna til kommunane og næringslivet i fylket. Eit anna mål er at fylkeskommunen gjennom avtalar skal syte for gode prisar, god kvalitet og innovative løysingar.

Les mer

Fjord1 trekkjer søknaden om turistrute i Sognefjorden

14. november 2012

Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1 har informert fylkeskommunen om at Fjord1 trekkjer søknaden om løyve til å drive kommersiell turistrute mellom Bergen og Flåm.

Les mer

Fylkesordføraren ber staten sikre flytilbodet i distrikta

12. november 2012

Staten må ta eit overordna ansvar for å sikre eit effektivt og langsiktig flytilbod i heile landet. Det slår fylkesordførar Åshild Kjelsnes fast i ein kommentar til at SAS ønskjer å selje Widerøe. Ho meiner Widerøe også i framtida må syte for at distrikts-Noreg har det flytilbodet som trengst.

Les mer

Fylket får 69,8 mill. i ekstra skjønsmidlar etter Dagmar

30. oktober 2012

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 69,8 millionar kroner til å dekkje kostnadar knytt til ekstremvêret Dagmar. Til no er det meldt inn skader på meir enn 90 millionar kroner på fylkesvegnettet etter uvéret i romjula 2011.

Les mer

Sei meininga di om kommunelova

30. oktober 2012

Fungerer kommunelova på ein god måte? Kommunal- og regionaldepartementet ved statsråd Liv Signe Navarsete vil ha innspel frå deg som bruker lova.

Les mer

Populær stand på karrieremessa i Sogndal

22. oktober 2012

Til saman 450 studentar var innom karrieremessa på høgskulen i Sogndal 16. oktober. Det var stor pågang ved standen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Studentane lurte blant anna på kva jobbar som finst for dei i fylkeskommunen.

Les mer

150-årsjubileum for Leikanger som sete for fylkesmannsembetet

12. oktober 2012

Det er viktig å gå til kjeldene, og kommunale arkiv kan gje svar på så mangt. Fylkesarkivet har denne veka funne ut at det i år er 150 år sidan fylkesmannsembetet vart flytta frå Lærdal til Leikanger.

Les mer

Fylkesordføraren opnar operavekene i Nordfjord

28. september 2012

Laurdag 29. september er det premiere på Madama Butterfly og avspark for operavekene 2012 ved Opera Nordfjord. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er på plass for å få med seg premieren. Ho roser operaen, og meiner han ikkje står tilbake for nokon.

Les mer

Konferanse: Vestlandsk Vidsyn 2012

27. september 2012

Distriktssenteret og partnarskapen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til konferansen Vestlandsk Vidsyn på Nordfjordeid 24.–25. oktober. Tema for konferansen er nyskapande kommunar og lokalsamfunn i vest.

Les mer

Tre søkjarar får 725 000 kroner i oppreising

26. september 2012

Oppreisingsutvalet hadde møte 20. september og fordelte til saman over 2,1 millionar kroner. Oppreisingsordninga gjeld ut 2012. Sekretariatet oppmodar dei som meiner seg utsette for overgrep og omsorgssvikt om å ta kontakt for å få hjelp til å utforme søknad innan 31. desember.

Les mer

Marco Elsafadi snakka for ungdomar og foreldre i Førde

24. september 2012

Over 1000 elevar frå vidaregåande og ungdomsskule vart utfordra frå scena av Marco Elsafadi under temadagen om ungdom i Førdehuset 18. september. Han oppmoda dei til å vere bevisste på å byggje opp både seg sjølv og andre – i staden for å bryte ned.

Les mer

Fylkesdirektøren vil gje Lærdal kommune omstillingsstatus

19. september 2012

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, rår til at Lærdal får omstillingsstatus i to år, med ei startløyving på 1 million kroner. Hovudutvalet for plan og næring avgjer om kommunen vert omstillingskommune eller ikkje 25. september.

Les mer

Nordatlantisk konferanse om den nordiske velferdsstaten

19. september 2012

NORA – Nordatlatisk samarbeidsråd (Island, Færøyane, Grønland og kyst-Norge) – arrangerer regionkonferanse om den nordiske velferdsstaten. Konferansen finn stad i Reykjavik 7. og 8. november.

Les mer

Balestrandverksemd vart lagt merke til under oljemessa ONS

14. september 2012

Quality Intervention (QI) i Balestrand var blant fem utvalde finalistar i Innovation Award for ONS 2012. Dei vart nominerte for teknologien Casing Integrity System (CIS), som framleis er under utvikling.

Les mer

Sunnfjord utfordrar fylkesordføraren

05. september 2012

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) utfordra fylkeskommunen i eit eige møte på fylkeshuset onsdag 5. september om eit tettare samarbeid innan bustadpolitikk, næringsutvikling og samferdsle.

Les mer

Bulyst-midlar til Jostedal, Værlandet og Bremanger

30. august 2012

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var i dag på plass i Jostedal for å dele ut bulyst-midlar. Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel får 475 000 kroner til eit felles bulyst-prosjekt. I tillegg får Nye Bremanger 1,5 millionar kroner til prosjektet «Pendling – stressless – bulyst».

Les mer

Fylkesordføraren aktiv for å styrkje posisjonen til fylket i petroleumsnæringa

29. august 2012

Åshild Kjelsnes har sett av heile veka til å marknadsføre Sogn og Fjordane for olje- og gassnæringa. På opningsdagen hadde ho møte med blant andre franske GDF SUEZ, kanadiske Suncor og tyske RWE-Dea. Seinare i veka vert møta med Statoil, BG og Greater Stavanger viktige.

Les mer

Fylkesordføraren profilerer Sogn og Fjordane som oljefylke på ONS

28. august 2012

Sogn og Fjordane har ein felles stand på oljemessa ONS i Stavanger denne veka. 18 verksemder knytte til olje- og gassindustrien skal vise seg fram, knyte kontaktar og planleggje framtida. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltek på messa heile veka og opna standen i dag.

Les mer

Søk om støtte til kulturkort for ungdom

24. august 2012

Alle som arrangerer kulturtilbod for ungdom mellom 16 og 20 år, kan no søkje om støtte til rabatterte billettar for denne aldersgruppa. Søknadsfristen er 1. september.

Les mer

Fylkesordføraren med minneord under minnekonserten for 22. juli i Stryn

13. august 2012

Hanne Kristine Fridtun frå Stryn omkom i tragedien på Utøya 22. juli i fjor. Laurdag 11. august vart det fleire minnemarkeringar i Stryn. Det vart avduka eit minnesmerke i Betaniaparken, og det var minnekonsert i Stryn kulturhus. Der deltok blant andre fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Les mer

Jakta på kandidatar til Frivilligprisen 2012 er i gang

09. august 2012

Frivilligprisen vert delt ut på TV2 God Morgen Norge 5. desember – FN sin internasjonale dag for frivillig innsats. Prisen kan gå til ein person, ei foreining eller gruppe som har utmerkt seg. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.

Les mer

Oppreisingsutvalet fordelte 2,25 millionar kroner

26. juni 2012

Det var møte i oppreisingsutvalet 20. juni. Der fekk to personar innvilga 725 000 kroner i oppreising, og ein fekk innvilga 500 000. Ein annan person fekk medhald i klagen sin og fekk auka oppreisingsbeløpet frå 300 000 til 500 000 kroner.

Les mer

Landskonferansen for fylkesråd for eldre

11. juni 2012

Representantar frå fylkesråda i heile landet kjem til Loen 22. til 24. mai for å delta på den årlege landskonferansen. Tema for konferansen er aktiv alderdom, og det vert mange spennande og gode føredrag om dette.

Les mer

Streiken i kommunesektoren er over

07. juni 2012

Tysdag 5. juni vart arbeidstakarorganisasjonane og kommuneorganisasjonen KS samde om tariffoppgjeret i kommunal sektor. Streiken som har vart frå 24. mai er dermed over, og dei 49 tilsette i fylkeskommunen som har vore tekne ut i streik, er no tilbake på jobb.

Les mer

Fjord1 og Sogn og Fjordane Energi orienterte fylkestinget

06. juni 2012

Fylkestinget hadde 6. juni sitt årlege møte med Fjord1 og Sogn og Fjordane Energi. Representantar frå selskapa orienterte om hovudtrekka i årsmelding og årsrekneskap, samt om andre relevante og viktige saker, inkludert informasjon om utbytte til eigarane.

Les mer

Fylkeskommunen inngår forlik med Fjord1 AS

04. juni 2012

Fylkesutvalet har i dag vedteke å inngå eit forlik på 1,3 millionar kroner med Fjord1 AS. Dette skal dekkje kostnadane Fjord1 hadde med å delta i den avlyste anbodskonkurransen om hurtigbåtar i 2008.

Les mer

Karrieresenter vert eit nytt tilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane

30. mai 2012

Det skal opprettast fire senter for karriererettleiing her i fylket. Desse skal gje råd om karriereval og utdanning til menneske som per i dag ikkje går på skule. Sentra skal fungere som ei støtteteneste for skuleverket.

Les mer

Streiken i fylkeskommunen er utvida

30. mai 2012

Fagforbundet har teke ut ytterlegare 34 tilsette i fylkeskommunen i streik frå tysdag 29. mai. Til saman er no 49 tilsette ute i streik. Dette råkar blant anna dei vidaregåande skulane Stryn, Øyrane, Hafstad og Mo og Jølster.

Les mer

Tilsette i streik

25. mai 2012

Lønsforhandlingane for kommunesektoren vart avslutta kl. 04.00 natt til torsdag 24. mai. Frå torsdag morgon er 15 tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune tekne ut i streik. Desse er organiserte i Fagforbundet.

Les mer

Vil løyve midlar til tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden

22. mai 2012

Tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden starta i 2010 og har bidrege til folketalsauke og bedriftsetableringar i bygda. Fylkesdirektøren for plan og samfunn Svein Arne Skuggen Hoff går no inn for å løyve kr 150 000 til vidareføring av forprosjektet Europeisk arbeidsinnvandring sikrar busetnad i distrikta.

Les mer

Fylkeskommunen i revidert nasjonalbudsjett 2012 og kommuneproposisjonen for 2013

18. mai 2012

Det reviderte nasjonalbudsjettet for 2012 føreseier ein auke i skatteinntekter på 400. mill. kr for fylkeskommunane.

Les mer

145 millionar ekstra etter ekstremvêret Dagmar

15. mai 2012

Regjeringa gjev 145 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar til kommunar og fylkeskommunar råka av ekstremvêret Dagmar. Sogn og Fjordane fylkeskommune har allereie dokumentert skader på eige vegnett på meir enn 90 mill. kr etter uvêret i romjula 2011.

Les mer

Presentasjonar frå kurs i sakshandsaming

11. mai 2012

Kurset vert gjennomført som ein del av prosjekt kommunal næringsutvikling, der Innovasjon Norge, fylkeskommunen, fylkesmannen og kommunane jobbar saman for å bli betre på næringsutvikling.

Les mer

Meiner Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet

09. mai 2012

– Denne rapporten er eit verdfullt dokument som bør inspirere dei styrande i Sogn og Fjordane og som gir nasjonale styresmakter gode innspel i til dømes utdanningspolitikken, sa styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum då han overrekte dokumentet til fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Les mer

Lokale plan- og kartdagar 2012

09. mai 2012

Dei lokale plan- og kartdagane er ein viktig treffstad for alle som arbeider med stadfesta geografisk informasjon og arealplanlegging. Sogn og Fjordane fylkeskommune er i år medarrangør. Arrangementet var på Alexandra Hotel i Loen 18. og 19. april.

Les mer

Presenterer 366 år med språkutvikling i Sogn og Fjordane

03. mai 2012

Nynorsk kultursentrum har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune dokumentert språkutviklinga i Sogn og Fjordane frå 1646 til i dag. «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» vert presentert i Førde 8. mai.

Les mer

Sterkt filmmiljø i Sogndal

02. mai 2012

Hovudutval for plan og næring (HPN) søkjer å løfte inn filmmiljøet på Campus i Sogndal som Bulyst-prosjekt. Dette vart vedteke på HPN sitt møte i Selje 26. april.

Les mer

KS tilbyr kompetanseprogram om norsk kommunesektor og EU/EØS

16. april 2012

Kompetanseprogrammet «Norsk kommunesektor og EU/EØS i teori og praksis» startar opp til hausten. Det rettar seg spesielt mot folkevalde og administrativt tilsette i kommunar, fylkeskommunar og kommunale bedrifter.

Les mer

Fylkesordføraren møtte stortingspresidenten og fronta framtids- og verdiskapingsfylket

13. april 2012

Stortingpresident Dag Terje Andersen var på besøk i Sogn og Fjordane fredag 13. april. Han møtte mellom andre fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som presenterte fylket som framtidsfylket og verdiskapingsfylket.

Les mer

Tore Eriksen er ny fylkesrådmann

11. april 2012

Sogn og Fjordane har fått ny fylkesrådmann. Tore Eriksen har teke over etter Jan Øhlckers og ser fram til å ta fatt på oppgåva. Han ser både moglegheiter og utfordringar for fylket framover.

Les mer

44 år og 30 dagar ved Flora vidaregåande skule

30. mars 2012

I dag – 30. mars – har førstekonsulent Kårfinn Stigen sin siste arbeidsdag ved Flora vidaregåande skule. Han har vore tilsett ved skulen sidan Flora Gymnas vart oppretta i 1968. Han vart tilsett i mars dette året og var sentral i planlegginga av skulestarten i august.

Les mer

Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klimaet

30. mars 2012

Laurdag 31. mars klokka 20.30 er det igjen tid for Earth Hour. Målet er at flest mogleg bygningar over heile verda skal vere mørklagde for klimaet. Fylkeskommunen er med og skrur av lyset i alle fylkeskommunale bygg.

Les mer

32 søkjarar til ei traineestilling

27. mars 2012

Det kom inn til saman 81 søknadar til dei 14 traineestillingane Framtidsfylket lyste ut for verksemder og organisasjonar i Sogn og Fjordane i år. Av dei vil heile 32 arbeide med kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

KS tilbyr studiet Helse og omsorg i plan

26. mars 2012

Kommuneorganisasjonen KS etablerer no utdanningsprogrammet Helse og omsorg i plan saman med fleire høgskular og universitet. Målet er å betre kompetansen innan kommunalt og regionalt planarbeid.

Les mer

Kriseinfo.no – informasjon til befolkninga i kriser

26. mars 2012

Nettportalen Kriseinfo.no vart lansert tidlegare i vinter og har som mål å styrkje samfunnstryggleiken. Her finn du kvalitetssikra informasjon frå styresmaktene før, under og etter ei krise.

Les mer

Ny rektor ved Firda vidaregåande skule

19. mars 2012

Hallgeir Hansen er tilsett som rektor ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han tek til i stillinga 1. august 2012.

Les mer

Offentleg versjon av notat om lokale båtruter i Florabassenget

10. mars 2012

Etter ynskje frå fylkesutvalet har fylkesrådmannen laga eit offentleg notat om status for kjøp av lokale båtruter i Florabassenget. Han nyttar samstundes høvet til å orientere om universell utforming av båtane og erstatningskravet for salstapet som Fjord1 har fremja.

Les mer

Ein søkjar fekk innvilga 300 000 kroner i oppreising

06. mars 2012

Oppreisingsutvalet i Sogn og Fjordane handsama til saman seks søknader i møtet 29. februar. Ein søkjar fekk oppreising på 300 000 kroner gjennom den felleskommunale oppreisingsordninga.

Les mer

Fylkeskommunen tilbyr utdanningstøtte for å redusere uønskt deltid

09. februar 2012

Det er i år sett av 200 000 kroner i utdanningstøtte til tilsette som vil auke stillingsprosenten sin. Målet er å redusere talet på tilsette i fylkeskommunen som arbeider uønskt deltid.

Les mer

Skade på fylkeskommunale eigedomar etter stormen Dagmar

26. januar 2012

Romjulsstormen gjorde skade for nær ein million på fylkeskommunale eigedomar. Det gjekk hardast utover ein parkeringsplass ved Fylkeshuset og på skog og skogsvegar ved Mo og Jølster vidaregåande skule.

Les mer

Første politiske møte utan papir

23. januar 2012

Hovudutvalet for samferdsle hadde 23. januar det første papirlause politiske møtet i fylkeskommunen. Dette var første gong det ikkje har vorte sendt ut sakspapir på nettopp papir.

Les mer

Oppreisingsordninga

23. januar 2012

Det har så langt kome inn 32 søknadar om oppreising til den felles oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane. Ordninga er for personar som vart utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Det er mogleg å søkje om oppreising fram til 1. januar 2013.

Les mer

Mitt lille land – føreslå sjåverdige stader i Sogn og Fjordane

18. januar 2012

TV2-programmet God morgen Norge skal besøke alle fylka i Noreg i 2012. Målet er å finne fram til ein stad med særpreg i kvart av dei. Fylkeskommunen skal føreslå kandidatar i Sogn og Fjordane – og vi ønskjer hjelp frå deg.

Les mer

Opptak frå evalueringsmøtet etter Dagmar

09. januar 2012

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerte fredag 6. januar eit første evalueringsmøte for å drøfte inntrykka etter stormen Dagmar. Møtet vart overført direkte på nett-tv, og opptaket er tilgjengeleg på nett. Fylkesrådmann Jan Øhlckers deltok på møtet.

Les mer

Fylkesordføraren takkar for innsatsen etter herjingane til stormen Dagmar

28. desember 2011

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er imponert over den store innsatsen som alle etatar, instansar og enkeltpersonar har utført etter Dagmar sine omfattande skadar i fylket.

Les mer

Statusrapport frå fylkesberedskapen

28. desember 2011

Fylkesmannen oppdaterer heimesidene sine med informasjon om situasjonen i fylket etter stormen no i romjula. Fylkesberedskapsrådet blir oppdatert om situasjonen når det gjeld straum, telefoni og vegar. Direkte telefonnummer til krisestaben til Fylkesmannen er 57 65 30 13.

Les mer

Sogn og Fjordane får 13,5 millionar kroner til flaumskader

21. desember 2011

Flaum har gjort skade på fleire vegar i Sogn og Fjordane i 2011, og fylkeskommunen har fått store uventa kostnadar. No gjev regjeringa flaumråka kommunar og fylkeskommunar til saman 170 millionar kroner til nettopp dette.

Les mer

Invitasjon til leverandørkonferanse - miljøvenlege møblar

16. desember 2011

Sogn og Fjordane Felles Innkjøp skal i løpet av forsommaren 2011 starte ein anbodsprosess på møblar. I forkant av dette ynskjer vi å invitere til ein leverandørkonferanse om miljøstandardane knytt til møblar.

Les mer

Set fokus på offentlege innkjøp

16. desember 2011

Gjennom Knutepunkt Sogn og Fjordane set fylkeskommunen fokus på offentlege innkjøp og arrangerer i vår både fagdag og konferanse om temaet. – Hovudfokuset er på miljø og miljøkrav i innkjøpsprosessen, seier prosjektleiar Ylva T. Tyssing.

Les mer

Inviterer til fagdag om offentlege innkjøp og miljøkriterium

16. desember 2011

Årleg vert det omsett for 400 milliardar kroner i offentlege innkjøp her i landet, noko som gjev det offentlege veldig stor makt i marknaden. – For at denne makta skal utnyttast best mogleg, inviterer Knutepunkt Sogn og Fjordane no til ein fagdag om dette, seier prosjektleiar Ylva T. Tyssing.

Les mer

Fylkestinget fekk utdelt pc-ar

14. desember 2011

Alle fylkespolitikarane fekk utdelt politikar-pc etter møtet i fylkestinget 14. desember. Dette er eit viktig steg på vegen mot papirlaust fylkesting. Det første papirlause møtet i fylkestinget vert 31. januar.

Les mer

Tore Eriksen blir ny fylkesrådmann

13. desember 2011

Fylkestinget har tilsett Tore Eriksen som ny fylkesrådmann etter at Jan Øhlckers gir seg. Eriksen tek til 10. april 2012, og Øhlckers vert sitjande i stillinga fram til då.

Les mer

Fylkesordføraren med på skipinga av støttegruppe etter 22. juli

08. desember 2011

Åshild Kjelsnes var 4. desember med på oppstartsmøtet for ei støttegruppe for nordvestlandet. Gruppa skal ta opp aktuelle saker som gjeld oppfølging av dei som vart råka av tragedien 22. juli.

Les mer

Tore Eriksen vert tilrådd som ny fylkesrådmann

07. desember 2011

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes rår til at Tore Eriksen vert tilsett som ny fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eriksen er i dag rådmann i Luster kommune. Konsulentbyrået Mercuri Urval har hatt samtalar med 15 potensielle kandidatar i tilsetjingsprosessen.

Les mer

Søkjarliste for stillinga som fylkesrådmann

06. desember 2011

Ein person hadde søkt på stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane då søknadsfristen gjekk ut 4. desember.

Les mer

Oppreisingsutvalet fordelte 1,8 millionar kroner

29. november 2011

Fire nye søkjarar har fått innvilga søknadane sine om oppreising gjennom den felleskommunale oppreisingsordninga. To søkjarar fekk 300 000 kroner kvar, ein fekk 500 000, og den siste fekk 725 000.

Les mer

Landskonferanse for fylkesråda for eldre i mai 2012

28. november 2011

Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Statens Seniorråd arrangere landskonferanse for fylkesråda for eldre 22.–24. mai 2012 på Alexandra hotell, Loen. Tema for konferansen vert "Aktiv Alderdom".

Les mer

Framtidsfylket lanserer mobilversjon av karriereportalen

25. november 2011

No kan dei mest brukte tenestene på framtidsfylket.no òg nåast frå mobiltelefonen. – Stadig fleire av dei som brukar nettportalen vår gjer det via mobilen, seier assisterande dagleg leiar Alice Blålid i Framtidsfylket.

Les mer

Stillinga som fylkesrådmann – utvida søknadsfrist

21. november 2011

Søknadsfristen til stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune er no 4. desember.

Les mer

Vi er blitt 80 fleire i fylket

17. november 2011

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 80 personar i tredje kvartal i år. Fødselsoverskotet på 63 born er det største bidraget til veksten. Fjorten kommunar har vekst i folketalet, og Sogndal er kommunen med størst auke.

Les mer

Borer fjellbrønnar for å kjøle ned ny datasentral på Fylkeshuset

16. november 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune byggjer nytt serverrom på Fylkeshuset i Leikanger. For å få ein framtidsretta datasentral vil fylkeskommunen nytte såkalla frikjøling av dataserverane. Kjølinga skal skje ved hjelp av fjellbrønnar, og det vert no arbeidd med å bore slike rundt Fylkeshuset.

Les mer

Fylkeskommunen rapporterer godt om likestilling

09. november 2011

Sogn og Fjordane er ein av to fylkeskommunar som kjem best ut når Likestillingssenteret har vurdert korleis dei rapporterer om likestilling. Vurderinga legg vekt på rapportering om tilhøve og tiltak som gjeld kjønn, etnisitet og funksjonsevne.

Les mer

Rektoren overtok nøkkelen til Sogndal vidaregåande skule

08. november 2011

Tysdag 8. november tok rektor Marta Sofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule offisielt over nybygget ved skulen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes overleverte nøkkelen og ønskte lukke til med bruken av bygget.

Les mer

Offisiell opning av nybygget ved Sogndal vidaregåande skule

07. november 2011

Sogndal vidaregåande skule tok i bruk nybygget ved skulestart i august, men tysdag 8. november kl. 14.00 er det tid for offisiell opning. Rundt 80 gjester er inviterte til arrangementet med nøkkelseremoni, omvising og orientering om prosjektet.

Les mer

Eigarmeldinga for 2011 er klar

04. november 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medeigar i 25 ulike selskap og legg i haust fram si fjerde eigarmelding. Denne tek føre seg eigarpolitikk, omtale av kvart av selskapa og ei vurderinga av eigarskapen.

Les mer

Kommuneproposisjonen for 2012 er lagt fram

03. november 2011

Kommunaldepartementet la fredag 13. mai fram kommuneproposisjonen som trekkjer opp rammer for den kommunale og fylkeskommunale økonomien neste år. Det er ikkje varsla endringar som gjev vesentlege utslag i det økonomiske opplegget til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Reduserte tilskot til rentekompensasjon

03. november 2011

Sogn og Fjordane får 244 millionar kroner mindre i låneramme innafor rentekompensasjonsordninga dei neste fire åra enn det som er føresett i framlegget til Handlingsprogram for fylkesvegnettet i tida 2010 – 2019.

Les mer

Vil auka inntektene frå konsesjonskrafta

03. november 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune bør seia opp avtalen med SFE om forvaltning og sal av konsesjonskraft. Før avtalen om sal av konsesjonskrafta eventuelt vert lyst ut på anbod, bør fylkesrådmannen vurdere andre omsetnadsalternativ, mellom anna å selje tilbake til konsesjonærane. Fylkesutvalet vil deretter ta endeleg stilling til saka.

Les mer

Frie inntekter (skatt og rammetilskot)

03. november 2011

I framlegget til statsbudsjett ligg det inne 1,95 milliard i frie inntekter til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Fylkeskommunen på Facebook og Twitter

31. oktober 2011

No kan du følgje aktivitetane og tenestene til Sogn og Fjordane fylkeskommune på både Twitter og Facebook. Du kan også ta kontakt med oss i desse sosiale media.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev 50 000 kroner til tv-aksjonen

17. oktober 2011

Fylkeskommunen gjev 50 000 kroner til tv-aksjonen 2011. Pengane går til arbeidet Norsk Folkehjelp gjer med å rydde miner og klasebomber i Europa, Afrika og Asia.

Les mer

Fylkeskommunen og kommunane saman om ny oppreisingsordning

10. oktober 2011

Frå 1. januar kan menneske som vart utsette for overgrep og omsorgssvikt då dei var under offentleg omsorg, søkje om økonomisk oppreising. – Fylkeskommunen og kommunane ønskjer å ta eit moralsk ansvar for det desse menneska har opplevd, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Les mer

Nils R. ønskte nytilsette velkomne til fylkeskommunen

05. oktober 2011

– De er på veg inn i denne organisasjonen, og eg er på veg ut, men det er veldig kjekt å ønskje dykk velkomne til ein spennande arbeidsplass. Eg har vore her i 12 år, og det har vore ei oppleving kvar einaste dag, sa Nils R. Sandal på introduksjonssamlinga for nytilsette i fylkeskommunen 4. oktober.

Les mer

Eigarskiftet i Fjord1 Nordvestlandske AS er gjennomført

30. september 2011

Havila AS har no overteke Møre og Romsdal fylkeskommune sine 41 prosent av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske AS. Havila og Sogn og Fjordane fylkeskommune er samde om fordelinga av styreplassane i Fjord1 etter eigarskiftet. 13. oktober vert det gjennomført suppleringsval til styret fram til det nye fylkestinget peikar ut medlemer i styret og bedriftsforsamlinga.

Les mer

Ni søkjarar får til saman 4,9 millionar kroner i oppreising

23. september 2011

Oppreisingsutvalet i Sogn og Fjordane fordelte 21. september til saman 4,9 millionar kroner til personar som har vore utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg.

Les mer

Viktig å bli klar over moglegheitene i Sogn og Fjordane

14. september 2011

Mange studentar var innom standen fylkeskommunen hadde på Karrieredagen i Bergen 6. september, blant andre 22 år gamle Silje Marita Vallestad frå Viksdalen. – Eg opplever at det er spennande jobbar i Sogn og Fjordane, og det viktig at vi som studentar blir klare over moglegheitene som finst, seier ho.

Les mer

“Kløften” vann plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin i Movika

31. august 2011

Bystrup Arkitekter og Designere APS, København, Danmark vann den opne plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin, administrasjon og publikumsareal for Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum i Movika i Førde.

Les mer

Fylkestinget vedtok å halde fram med 59 prosent eigardel i Fjord1

26. august 2011

Med 23 røyster vedtok fylkestinget onsdag å halde fast på at fylkeskommunen skal eige 59% i Fjord1. Dermed nyttar ikkje fylkeskommunen forkjøpsretten sin. Det opnar for at den tidlegare eigardelen til Møre og Romsdal Fylkesbåtar på 41% no kan seljast til det private selskapet Havila.

Les mer

Kunngjer vinnarane av spennande plan- og designkonkurranse

24. august 2011

Måndag 29. august blir vinnarane i den opne plan- og designkonkurransen om å utforme nytt fellesmagasin, administrasjon og fellesareal for Musea i Sogn og Fjordane offentleggjort. Kunngjeringa finn stad på Sunnfjord Museum i Movika i Førde og startar klokka 11.00.

Les mer

Fylkesutvalet tilrår uendra eigarposisjon i Fjord1

19. august 2011

Fylkesutvalet rår fylkestinget til ikkje å nytte forkjøpsretten på dei 41 prosent av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske AS som Havilafjord AS har forplikta seg til å kjøpe av Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesutvalet rår også fylkestinget til å halde på eigarposten sin på 59 prosent i Fjord1.

Les mer

Torolf Norheim er død

17. august 2011

Bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom mange år, Torolf Norheim, døydde måndag 15. august etter ei tids sjukeleie.

Les mer

Eigarposisjonen i Fjord1 til fylkesutvalet og fylkestinget

12. august 2011

Saka “Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS” skal handsamast i møte i fylkesutvalet 19. august og i fylkestinget 25. august.

Les mer

Heile landet i djup sorg seier fylkesordførar Nils R. Sandal

25. juli 2011

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier at drapa på Utøya og bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet har sett heile landet i djup sorg. Det er eit alvorleg angrep på demokratiet og vårt opne samfunn.

Les mer

Tek over ansvaret for sekretariatet for oppreisingsordninga

11. juli 2011

Karen Steingildra er tilsett som konsulent i oppreisingsordninga og får ansvaret med å administrere ordninga, som alle kommunane i Sogn og Fjordane er med i. Så langt er elleve søkjarar tilkjent til saman 7,3 millionar kroner som oppreising for urett dei vart utsette for under offentleg omsorg.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune fornyar seg

08. juli 2011

Fylkeskommunen fornyar den grafiske profilen sin og legg vekt på å spegle kjenneteikna til fylket, frå hav og fjord til fjell og bre. Det grafiske hovudelementet Storbølgja er formgjeve av trainee i fylkeskommunen Asbjørn Ness.

Les mer

Oppreisingsutvalet fordelte 3,9 millionar kroner

04. juli 2011

I sitt andre møte tilkjente oppreisingsutvalet for den felleskommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane seks søkjarar til saman 3 900 000 kroner.

Les mer

Internasjonalt blikk på utfordringar i Sogn og Fjordane

01. juli 2011

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) sommarskule for internasjonale doktor- og mastergradstudentar. Som ein del av dette, skal studentane arbeide med ei rekke sentrale utfordringar for Sogn og Fjordane.

Les mer

100 000 kr. til forstudien Forum/arena mellom aktørar på Fosshaugane Campus

17. juni 2011

Hovudutval for plan og næring løyvde i møte 15. juni 100 000 kr. til forstudien med prosjektmål å finne ut korleis det kan skapast meir verkst i fylket/regionen og få fleire kunnskapsarbeidsplassar.

Les mer

Sogn og Fjordane held fram som trygt lokalsamfunn

14. juni 2011

– Utnemninga av fylkeskommunen som eit trygt lokalsamfunn i Safe Commuinity-nettverket i 2005 var ein viktig milepæl for oss. På same måte er vi glade for at vi i dag er i posisjon til å bli regodkjent, sa fylkesordførar Nils R. Sandal då fylkeskommunen fornya avtalen med Trygge lokalsamfunn under fylkestinget i Balestrand 7. og 8. juni.

Les mer

Trong for overordna reiselivsstrategi på Vestlandet

14. juni 2011

Vestlandet i dag har ingen samlande reiselivsstrategi som knyt saman dei ulike satsingane innan ferie og fritidsturisme og skisserer korleis samarbeidet mellom reiselivsnæringa og styresmaktene bør fungere. Ei av dei store utfordringane er mengda ulike næringsaktørar og styringsorgan og korleis ein saman best mogeleg kan finne felles strategiar mot marknaden.

Les mer

Fagskulen samarbeider med næringslivet

09. juni 2011

Fagskulen i Sogn og Fjordane legg opp til tett samarbeid med næringslivet i fylke, og har som mål å leggje styremøta sine til bedrifter dei samarbeider med. Førre styremøte vart lagt til firma Åsen og Øvrelid as i Førde.

Les mer

Melodi Grand Prix i Florø får 750 000 kroner

08. juni 2011

Hipphipp Flora AS får 750 000 kroner frå fylkeskommunen for å arrangere ny delfinale i Melodi Grand Prix i Florø i 2012. Det vedtok fylkestinget 8. juni.

Les mer

Nils R. heldt sin siste tale til fylkestinget

07. juni 2011

– Eg meiner vi i Sogn og Fjordane klårt er på rett veg. Vi er eit ressursfylke med etterspurde kvalitetar på fleire område som vi kan satse på i åra som kjem, sa fylkesordførar Nils R. Sandal i sin siste tale til fylkestinget 7. juni. Samstundes peikte han på ein del utfordringar det nye fylkestinget får framover, som nedgang i inntekter, redusert elevtal og mindre pengar til veg. Her kan du lese heile talen.

Les mer

Kongevegen over Filefjell – lansering av forprosjektrapport

01. juni 2011

Rapporten frå forprosjektet Kongevegen over Filefjell er klar og skal presenterast. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og regionvegsjef i Statens vegvesen Paal Fosdal deltek på markeringa, som finn stad på Maristuen i Lærdal onsdag 1. juni klokka 16.00.

Les mer

12 lister godkjende til fylkestingsvalet

27. mai 2011

Fylkesvalsstyret har godkjent 12 av dei 13 listeforslaga som kom inn til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane 12. september 2011.

Les mer

Havila AS orienterte fylkesutvalet om mogleg kjøp av Fjord1-aksjar

20. mai 2011

Fredag 20. mai orienterte dagleg leiar Per Sævik og rådgjevar Lars Pamer frå Havila AS fylkesutvalet om mogleg kjøp av Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1 Nordvestlandske AS. Møtet fann stad på Fylkeshuset i Leikanger.

Les mer

Storehagen Atrium vekkjer stadig merksemd

20. mai 2011

Merkinga av kontorbygningen i Førde har fått skryt i både inn- og utland. Nyleg publiserte det amerikanske designbladet segdDesign ein lengre artikkel om merkesystemet.

Les mer

Kommuneproposisjonen for 2012 er lagt fram

16. mai 2011

Kommunaldepartementet la fredag 13. mai fram kommuneproposisjonen som trekkjer opp rammer for den kommunale og fylkeskommunale økonomien neste år. Det er ikkje varsla endringar som gjev vesentlege utslag i det økonomiske opplegget til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Beste eFylkeskommune for andre år på rad

11. mai 2011

KS har kåra Sogn og Fjordane fylkeskommune til beste eFylkeskommune i 2011 – for andre året på rad. – Vi er svært takksame for prisen som syner at IKT-satsinga i fylkeskommunen er målretta. Den viser òg at vi tilbyr brukarane våre gode tenester, noko vi legg stor vekt på, seier driftsleiar Tom Sølve Myklebust.

Les mer

42 vil utforme formidlingsbygg i Gulen

09. mai 2011

Fylkeskommunen har ansvaret for ein open plan- og designkonkurranse for utforminga av eit formidlingsbygg ved tusenårsstaden Gulatinget på Flolid i Gulen. Då fristen gjekk ut, hadde det kome inn 42 prosjektframlegg frå arkitektfirma både innanlands og utanlands.

Les mer

Sogndalselevar på besøk på Fylkeshuset

29. april 2011

To klassar frå Sogndal vidaregåande skule var 29. april på besøk på Fylkeshuset i Leikanger, der dei fekk ei innføring i kva fylkeskommunen driv med. – Vi lærte mykje om korleis ting heng saman, og korleis fylkeskommunen er bygt opp, seier Dorte Grønsberg frå Vik.

Les mer

Møre og Romsdal vil selje aksjeposten i Fjord1

13. april 2011

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at dei vil selje aksjeposten sin i Fjord1 til Havila AS for 362,3 millionar kroner. Vedtaket vart gjort på fylkestinget onsdag 13. april med 32 mot 15 røyster.

Les mer

Minst 800 såg fylkestinget på nett

11. april 2011

Fylkestinget 6. april vart overført direkte i web-tv, og hadde minst 800 sjåarar. – Dette var moro, og vi er svært nøgde med tala. Dette syner at folk er interesserte i fylkespolitikken, og at å sende møta i web-tv er både etterspurt og nyttig, seier informasjonssjef i fylkeskommunen Ingvild Ramstad. Her kan du sjå opptaka frå fylkestinget.

Les mer

Fylkeskommunen støttar dei katastroferåka i Japan

07. april 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver 100 000 kroner til hjelpearbeidet etter jordskjelvkatastrofen i Japan i mars.

Les mer

Fylkeskommunen støttar bondelaget sine krav

07. april 2011

I ein aksjon for å markere og gi klar melding til styresmaktene om korleis bøndene ser på eiga framtid, har bondelaget laga ei bodstikke som skal overleverast til regjeringa. 6.april vitja dei fylkestingseta i Loen der fylkesordførar Nils R. Sandal overleverte fylkeskommunen sin visjon til bodstikka.

Les mer

Skipar nytt aksjeselskap

07. april 2011

Fylkestinget vedtok 6. april å skipe eit nytt aksjeselskap og overføre fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til dette selskapet. Dette vert gjort for å skape ein beredskap i høve til om Møre og Romsdal fylkeskommune bestemmer seg for om dei vil selje aksjane sine i Fjord1 eller ikkje.

Les mer

Legg fram årsrapporten for 2010

06. april 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune oppsummerer fjoråret i Årsrapport 2010. – Vi er no ein meir komplett utviklingsaktør med auka ansvar og mynde for kunnskap og opplæring, samferdsle, næring og innovasjon, fiskeri og havbruk, kultur, folkehelse, miljøvern og landbruk/mat, skriv fylkesrådmann Jan Øhlckers i forordet.

Les mer

Politiske møte kan verte papirlause frå november

04. april 2011

Dei nye fylkespolitikarane som vert valde til hausten, kan gå ei papirlaus framtid i møte. Onsdag 6. april skal nemleg fylkestinget avgjere om politiske møte i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjerast papirlause frå 1. november.

Les mer

Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klima

25. mars 2011

This Earth Hour, go beyond the hour. Earth Hour har blitt ei global rørsle og den største klimakampanjen i verda sidan markeringa oppstod i 2007. I år har fylkeskommunen slutta seg til rørsla og deltek den 26. mars kl. 20.30.

Les mer

Har fordelt 5,2 millionar til tettstadforming

23. mars 2011

Elleve søkjarar har fått til saman 5,2 millionar kroner til tettstadforming etter at hovudutval for plan og næring 16. mars fordelte tettstadmidlane for 2011. Mellom anna får Leikanger nesten to millionar kroner til sentrumsplassen, og Sogndal får ein halv million til fjordsti.

Les mer

Attraktive traineestillingar i fylkeskommunen

21. mars 2011

Av 107 søkjarar til traineestillingar i fylket, ønskjer 46 å jobbe i Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Det tyder på at vi er ein attraktiv arbeidsplass, med godt omdømme og interessante arbeidsoppgåver. Dei traineeane vi har hatt til no har tilført oss mykje kompetanse, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Les mer

Protest mot Sellafield-anlegget

18. mars 2011

Leiar av Vestlandsrådet, Tom Tvedt, krev at miljøvernminister Erik Solheim no startar drøftingar med styresmaktene i Storbritannia for å få redusert faren for atomutslepp frå Sellafield-anlegget.

Les mer

Får 3,4 millionar i oppreising

17. mars 2011

I sitt første møte 16. mars, innvilga oppreisingsutvalet fem søknader om oppreising til personar som har vore utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Dei fem får til saman 3,4 millionar kroner. – Vi meiner det er både rimeleg og viktig at søkjarane no får slik oppreising, seier utvalsleiar Arvid Mellingen.

Les mer

Velferdsfellen – konferanse 7. april

07. mars 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør når NHO Sogn og Fjordane inviterer til Årskonferansen 2011 i Florø 7. april. Tema for konferansen er korleis vi skal unngå å hamne i ”Velferdsfellen”.

Les mer

Gjer oss heite – den nasjonale bulystkonferansen 2011

04. mars 2011

Kommunalminister Liv Signe Navarsete opnar konferansen, som tek mål av seg å gjere bygdene heitare og meir attraktive – både for dei som bur der, og for dei som kan tenkje seg å flytte dit.

Les mer

– Framtidsfylket-filmen viktig for å lokke folk til fylket

04. mars 2011

– Det er viktig at vi får marknadsført fylket vårt på ein god måtte gjennom både fylkesfilmen, traineeordinga og karrieremessene, seier Kjartan Longva om kvifor Sogn og Fjordane fylkeskommune har sponsa Framtidsfylket-filmen med 300 000 kroner.

Les mer

U-864 ved Fedje – trong for endeleg avklaring

03. mars 2011

– Eg vil derfor be fiskeri- og kystministeren om halde på det opphavlege vedtaket og få heva ubåten og fjerna kvikksølvet på ein forsvarleg måte, seier leiar i Vestlandsrådet, Tom Tvedt, i ein uttale.

Les mer

Tek grep for å redusere uønska deltid

28. februar 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å redusere talet på tilsette som arbeider uønska deltid. Difor vert det no lyst ut midlar til utdanningsstøtte for tilsette i fylkeskommunen som ønskjer å auke stillingsprosenten sin. Det er i 2011 sett av 200 000 kroner til dette tiltaket.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin rekneskap for 2010

25. februar 2011

Administrasjonen har no lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2010. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på 30,7 mill kr.

Les mer

Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

25. februar 2011

- For å få utnytta dei milliardressursane vi har her i fylket, under føtene våre og i lufta, så må det kome høgt utdanna menneske hit, seier Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han er ein av dei mange vi møter i den nye Sogn og Fjordane-filmen som får nettpremiere fredag 25. februar.

Les mer

Krinsmeistrar i fylkeskommunekunnskap

17. februar 2011

Fire grupper følgde kvarandre som skuggar i eit spanande og beinhardt oppgjer i Krinsmeisterskapen i fylkeskommunekunnskap onsdag 16. februar 2011. Til slutt stod to vinnarar att og ikkje ein gong målfoto kunne skilje dei.

Les mer

Vil gjere leverandørar betre rusta i konkurransen om offentlege anbod

15. februar 2011

Knutepunkt Sogn og Fjordane inviterer næringslivet i fylket til konferansen ”Offentlege innkjøp – nye mogelegheiter for næringslivet” på Skei Hotell 23. mars 2011. Målet med konferansen er å auke kunnskapen om det offentlege og gje ei grundig innføring i korleis svare på anbod.

Les mer

Oppreisingsordninga – ein dugnad for å rette opp tidlegare urett

04. februar 2011

– Oppreisingsordninga for personar som vart utsette for omsorgssvikt og overgrep medan dei var under offentleg omsorg, er ein dugnad der fylkeskommunen og kommunane no tek ansvar for den uretten desse menneska vart utsette for, seier fylkesordførar Nils R. Sandal. Ordninga tredde i kraft 1. januar 2011, og så langt har det kome inn ti søknader.

Les mer

Fylkeskommunen på karrieremessene til Framtidsfylket

31. januar 2011

Fylkeskommunen er tilstades når karrieremessene til Framtidsfylket av året byrjar med første messa i Trondheim 3. februar. Nytt av året er ei messe i Sogndal og lanseringa av filmen om Framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Les mer

Nasjonal rassikringskonferanse

27. januar 2011

Nasjonal Rassikringsgruppe inviterar til konferanse 8. februar 2011 på Grand Hotel Oslo. På programmet står blant anna ein orientering om Regjeringen sitt arbeid for rassikring.

Les mer

Signerte kontraktar om drift av lokale båtruter

24. januar 2011

Fylkesrådmann Jan Øhlckers signerte måndag 24. januar kontraktane med Fjord1 om drift av lokale båtruter i Lærdal/Vik/Høyanger og Gulen/Solund/Askvoll.

Les mer

Fylkesordføraren gler seg over optimismen i næringslivet

21. januar 2011

Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane vart presentert 20. januar, og det viste at det er venta både auka omsetning og styrka lønsemd for Sogn og Fjordane i 2011.

Les mer

Bilete frå fylkestinget 17. januar

17. januar 2011

Det er no tilgjengeleg bilete frå fylkestinget til fri bruk mot kreditering, på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin Flickr-konto.

Les mer

Tom Tvedt ny leiar i Vestlandsrådet

17. januar 2011

1. januar 2011 tok Rogaland fylkeskommune over leiinga av Vestlandsrådet. Tom Tvedt avløyser fylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal fylkeskommune som leiar av rådet.

Les mer

Fedrelandssalmen i fylkestinget

14. januar 2011

Ved opninga av fylkestinget 10. og 11. desember 2007 tok representanten Heidi Kathrin Osland (SV) opp skikken med å opna kvart fylkesting med fedrelandssalmen. Ho ba om at praksisen vert endra. Fleire tok til motmæle. Jostein Kvalsvik (Frp) lova kamp om dette verkeleg skulle bli eit forslag til avrøysting. - Dei trykte fylkestingsforhandlingane seier noko om tradisjonen med song og fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinga.

Les mer

Konsert med melankolske songperler

14. januar 2011

Ein uvanleg stemningsfull skulekonsert er no på turné til ungdomsskuleelevar i 17 kommunar. Konserten er eit samarbeid mellom Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken i fylket.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar nyttårskonsertar

07. januar 2011

Fredag 7. og laurdag 8. januar gjestar Bergen Filharmoniske Orkester Førde og Sogndal med sin nyttårskonsert. Desse arrangementa er ein del av avtalen orkesteret har med fylkeskommunen og kommunane Førde, Gloppen og Sogndal.

Les mer

Positive signal i planar for Jordbær-feltet

06. januar 2011

Plan for utbygging og drift av Jordbær-feltet, som ligg nord-aust for Snorre-feltet, vart i dag levert til Olje- og energidepartementet.

Les mer

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk medhald i KOFA

09. desember 2010

Bergen-Nordhordland Rutelag (BNR) klaga i sommar Sogn og Fjordane fylkeskommune inn for Klageorganet for offentlege anskaffelser (KOFA), for det dei meinte var feil i utlysinga av anbodet på snøggbåtrutene mellom Sogn og Bergen. Klaga er no avvist av sekretariatet til KOFA, som gjev fylkeskommunen fullt medhald.

Les mer

Åsen og Øvrelid AS innstilt som totalentreprenør for det nye kunstmuseet i Førde

06. desember 2010

Det var kome inn tre tilbod på bygging og prosjektering av det nye kunstmuseet i Førde då anbodsfristen gjekk ut 28. oktober. Sogn og Fjordane fylkeskommune har no evaluert tilboda og innstilt Åsen og Øvrelid AS som totalentreprenør for gjennomføringa av prosjektet.

Les mer

Fjord1 frikjent i ESA

24. november 2010

Det europeiske kontrollorganet ESA slår fast at Fjord1 ikkje nytta statleg/offentleg støtte for å vinne fram i ein anbodskonkurranse i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det var Tide Sjø AS som i 2007 klaga Fjord1 inn for ESA.

Les mer

Haldningar og omdøme i fokus

17. november 2010

Leiarar og tillitsvalde i fylkeskommunen har vore på inspirasjonssamling i vakre Balestrand.

Les mer

Skiltinga i Storehagen Atrium vekkjer internasjonal oppsikt

11. november 2010

Skiltinga i Storehagen Atrium har fått dekning i både norske og utanlandske medium siste tida, grunna den fargerike skiltinga inne i bygningen.

Les mer

Forlik mellom fylkeskommunen og Mesta Entreprenør AS

09. november 2010

Fylkeskommunen har inngått forlik med Mesta Entreprenør AS. Forliket er på 500 000 kroner, og saka er med dette endeleg avgjort.

Les mer

Årsrapport 2009 vurdert av Farmandprisen

05. november 2010

”Sogn og Fjordane fylkeskommune leverer innholdsmessig en spennende rapport”, heiter det i evalueringa fylkeskommunen har fått frå Farmandprisen.

Les mer

Sfj.no med RSS-feed

04. november 2010

Det har no blitt mogleg å abonnere på nyhende frå sidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune med RSS.

Les mer

Invitasjon til møte om offentlege innkjøp 9. november

27. oktober 2010

Knutepunkt Sogn og Fjordane inviterer til møte om offentlege innkjøp. Dette vert eit felles møte for kommunane og andre offentlege oppdragsgjevarar samt for tilbydarar til det offentlege.

Les mer

Fylkesrådmannen held innlegg om oppreisingsordninga

22. oktober 2010

26. oktober held fylkesrådmann Jan Øhlckers innlegg om oppreisingsordninga på haustkonferansen til KS i Førde. Ordninga er etablert for at personar som var utsette for overgrep eller omsorgssvikt under kommunal eller fylkeskommunal omsorg før 1. januar 1993, kan søkje om oppreising.

Les mer

Fylkeskommunen skal framleis vere medeigar i Fjord1

19. oktober 2010

Frank Willy Djuvik (Frp) reiste framlegg om at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal selje seg ut av Fjord1 i fylkestinget i dag 19. oktober. Framlegget nådde ikkje fram, og fylkespolitikarane slutta seg til eigarmeldinga slik ho låg føre.

Les mer

Held fram som fylkesrådmann

19. oktober 2010

Eit samrøystes fylkesting vedtok i dag 19. oktober å utvide åremålsstillinga til fylkesrådmann Jan Øhlckers fram til 1. mars 2012.

Les mer

Spanande arbeidsplassar og fin dialekt

11. oktober 2010

Fylket synte seg godt fram på tidenes best besøkte arbeidslivsdag ved Universitetet i Oslo (UiO). Sogn og Fjordane fylkeskommune og Framtidsfylket fekk mange spørsmål om karrieremogelegheiter, skikøyring og traineeprogram frå søkande studentar.

Les mer

Fylkesordføraren nøgd med statsbudsjettet

05. oktober 2010

Fylkesordførar Nils R. Sandal meiner framlegget til statsbudsjett er eit viktig verkemiddel for vidare utvikling av Sogn og Fjordane.

Les mer

Frie inntekter (skatt og rammetilskot)

05. oktober 2010

I framlegget til statsbudsjett for 2011 ligg det inne 1,95 milliard i frie inntekter til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Verneomboda møttest på Tørvis

04. oktober 2010

To dagar var sette av til fagleg påfyll for verneombod og tillitsvalde i fylkeskommunen under den årlege verneombodskonferansen.

Les mer

Pandora Film skal lage film om framtidsfylket

01. oktober 2010

Bergensselskapet Pandora Film AS er innstilt til å få oppdraget med å lage filmen som skal promotere Sogn og Fjordane som framtidsfylket.

Les mer

Løyver 50 000 kroner til tv-aksjonen

01. oktober 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev 50 000 kroner i tilskot til årets tv-aksjon.

Les mer

Sogn og Fjordane tilstades på KarriereDagen

01. oktober 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune var tilstades på KarriereDagen 2010 i Trondheim, i lag med Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Energi.

Les mer

Legg fram ny eigarmelding

28. september 2010

For tredje gong vert det no lagt fram ei fylkeskommunal eigarmelding med ei komplett oversikt over eigarskapa til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Nytt av året er at også stiftingar der fylkeskommunen er medstiftar, er tekne med.

Les mer

Torolf vart akttraktiv pensjonist

24. september 2010

Den 2. september 2010 vart Torolf Norheim takka av som leiar for Bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen. Frå same dag tok han til som seniorrådgjevar i den same tenesta.

Les mer

300 000 kroner til profileringsfilm

22. september 2010

– Skal ein treffe ungdom, så gjer ein ikkje det med eit rundskriv. Og det er ungdomen vi er ute etter, seier utvalsleiar Kjartan Longva, etter at det vart klart at hovudutval for plan og næring løyver 300 000 kroner til filmen "Framtidsfylket Sogn og Fjordane".

Les mer

Film skal lokke kompetanse til fylket

16. september 2010

Tre produksjonsselskap konkurrerer no om å få lage filmen som skal syne at Sogn og Fjordane er fylket for framtida.

Les mer

Gullringen, brikke i eit puslespel

16. juni 2010

Fylkespolitikarane stilte seg positive då Luster kommune i mai 2006 søkte om å få forskottere rassikringsprosjektet på fylkesveg 55 i Gullringen i Luster. Tysdag 15. juni 2010 kunne difor ordførar Torodd Urnes klippe snora som markerte vegen for opna, assistert av fylkesordførar Nils R. Sandal og avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Les mer

Framtidsfylket styrkar næringslivet

15. juni 2010

- Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal i helga. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga.

Les mer

Vestlandsrådet – fråsegn om Stad skipstunnel

14. juni 2010

Vestlandsrådet meiner det er avgjerande viktig at ein snarast får lagt fram ei eiga sak til Stortinget om Stad skipstunnel. Bakgrunnen er dei mange store og grundige utgreiingane som allereie er gjort omkring Stad skipstunnel.

Les mer

Kvinnedelegasjon frå Fjordafylket

11. juni 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune stilte med ein rein kvinnedelegasjon under Vestlandsrådet sitt vårmøte i Førde.

Les mer

Fylkesordføraren om bruk av sosiale media i fylkeskommunen

11. juni 2010

Fylkestingseta i jubileumsbyen Florø vart avslutta onsdag 9. juni med eit spørsmål frå representanten Karianne Torvanger (Ap) om bruk av sosiale media i fylkeskommunen. Fylkesordførar Nils R. Sandal brukte romsleg med tid på å gje eit fyldig svar.

Les mer

Stor leselyst i Sogn

11. juni 2010

Våren 2010 har 20 niande-klassingar i Aurland delteke i det nasjonale litteraturarbeidet med UPrisen, som er ungdomar si eiga kåring av årets beste ungdomsbok.

Les mer

Stemning for vestnorsk Nordsjøstrategi

11. juni 2010

Vestlandet bør spela ei aktiv rolle i tilhøve som gjeld Nordsjøen og resten av Europa. Istaden for å sitja passive og venta på at Oslo skal handla ut frå nasjonale interesser, vil rådet arbeida aktivt for å leggja regionale føringar for korleis dei nasjonale initiativa skal utformast. Nordsjøkommisjonen og organisasjonen for perifere og maritime regionar er dei viktigaste politiske arenaene for regionale politikarar som ønskjer å gje Vestlandet ei politisk stemme internasjonalt, tilrår Vestlandsrådet.

Les mer

Vurderer bompengar for å finansiera ferjefri E39 – Kyststamvegen

11. juni 2010

Ein ferjefri E39 – Kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim vil krevja investeringar i storleik 100 milliardar kroner. For å realisera prosjektet tilrår Vestlandsrådet at det vert sett saman ei kreativ finansieringspakke.

Les mer

Møte i Vestlandsrådet 10. og 11. juni 2010

09. juni 2010

Vestlandet sin mulegheiter i Europeisk samanheng, og Vestlandet sitt tilhøve til to av dei sentrale politiske arenaene i Europa, E39-Kyststamvegen, Ekspressbuss Vestlandet og innspel til ny petroleumsmelding. Dette er nokre av sakene Vestlandsrådet skal ta opp på møtet i Førde 10. og 11. juni.

Les mer

95 søknader om stønad til forsking på vestnorske tema

08. juni 2010

Ved søknadsfristens utløp torsdag 3 juni 2010 var det levert heile 95 søknader til Regionalt forskingsfond Vestlandet. Dette er eit svært høgt tal, og eit sterkt uttrykk for at det er behov som er knytt til finansiering av forsking retta mot vestnorske tema.

Les mer

Vestlandsrådet på årsmøte i NORA

01. juni 2010

Komitémedlem i NORA –Nordatlantisk samarbeidsutval i regi av Nordisk Ministerråd – Nils R Sandal, deltek på vegne av Vestlandsrådet på årsmøte i NORA på Grønland 1 -3 juni.

Les mer

Reykjavik; forum for lærdom, meinigsutveksling og kontaktar

21. mai 2010

Det er fotfolket, dei som arbeider konkret med utfordringane i å bygge opp Trygge Lokalsamfunn som møtest til den 2. Europeiske Trygge Lokalsamfunnkonferansen i Reykjavik. Departement og nasjonale politikarar glimrar med sitt fråver.

Les mer

Folkehelse og trygge lokalsamfunn for framtida

21. mai 2010

"Barneborna våre vil hate oss viss vi ikkje gjer noko for å trygge oppveksten deira," sa dr. Leif Svanstrøm frå Sverige på Den Andre Europeiske Safe Community-konferansen på Island. Han leia seremonien då det islandske Folkehelseinstituttet vart ressurssenter for Trygge Lokalsamfunn.

Les mer

Sterk fylkeskommunal markering på stor europeisk konferanse

21. mai 2010

Då den 2. europeiske konferanse for Safe Communities (Trygge Lokalsamfunn) opna i Reykjavik onsdag 19. mai, var standen til Sogn og Fjordane fylkeskommune den som vekte størst merksemd.

Les mer

Beste eFylkeskommune i 2010

12. mai 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk prisen som beste e-fylkeskommune 2010. Dette vil seie at Sogn og Fjordane er den beste fylkeskommunen i landet på digitale tenester til mellom anna innbyggarar og næringsliv, tryggleik, breiband, IKT - arkitektur og strategisk IKT - leiing.

Les mer

Kommuneproposisjonen 2011

11. mai 2010

Nytt inntektssystem for fylkeskommunane ytterlegare utsett. Dette gjev kortsiktig vinst for Sogn og Fjordane, men det er uheldig ikkje å ha oversikt over framtidig inntektsgrunnlag, særleg når utgreiingsarbeid på området tyder på redusering.

Les mer

Gode innkjøp i eit miljøperspektiv

20. april 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NHO og KS til konferansen "Det gode innkjøp" på Skei hotel 4. mai 2010. Påmeldingsfristen er 26. april.

Les mer

OECD til vestlandet

13. april 2010

22. og 23 april 2010 skal fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet møte utsende frå OECD i samband med at det skal gjennomførast ein analyse av Vestlandet og Kyst-Noreg sitt tilhøve til Island, Færøyane og Grønland.

Les mer

Omdanning av Firda Billag IKS til Firda Billag AS

07. april 2010

Fylkestinget har følgd fylkesutvalet si tilråding til vedtak i sak 9/10 som gjaldt omdanning av Firda Billag IKS til Firda Billag AS.

Les mer

Fylkeskommunalt eigarskap i Fjord1

07. april 2010

Fylkestinget har følgd fylkesutvalet si tilråding til vedtak i sak 5/10 om fylkeskommunen sin eigarskap i Fjord 1 Nordvestlandske AS.

Les mer

Populære traineestillingar

29. mars 2010

Førti personar har søkt på dei to stillingane som trainee i fylkeskommunen. Dette er andre året fylkeskommunen deltek i traineeordninga, og det er veldig positivt at stillingane er så populære.

Les mer

Vellukka kontaktkonferanse mellom regjeringa og fylkeskommunane

25. mars 2010

Den årlege kontaktkonferansen mellom regjeringa og fylkeskommunane vart avvikla 23.-24. mars med eit innhaldsrikt program.

Les mer

Kommunalkomiteen fekk både gode svar og tunge utfordringar frå fylket

17. mars 2010

”Komiteen fekk gått gjennom mange emne innan samhandlingsreforma knytte til det arbeidet politikarane no skal i gang med. Turen til Årdal var nyttig ved at komiteen fekk sett resultata av omstillingsarbeidet der. Særleg gjorde omvisninga på NorSun inntrykk,” seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Les mer

Skal fylkeskommunen kjøpe aksjane i Fjord 1?

17. mars 2010

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at dei vil leggje til rette for sal av sin del av aksjane i Fjord 1. Dersom dette skjer, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune å vere i beredskap. Dette vert behandla i fylkestinget 7.april.

Les mer

Sal av Prestebøen til Førde kommune

16. mars 2010

Fylkeskommunen er samde med Førde kommune om sal av Prestebøen, sidan eigedomen ikkje lenger skal nyttast til fylkeskommunale føremål. Førde kommune er villige til å kjøpe eigedomen for 13 millionar kroner. Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å godkjenne salet i møtet 22.mars 2010.

Les mer

Innspel frå fylkeskommunen til Helse Førde sin strategiplan

15. mars 2010

Styret i Helse Førde har sendt si tilråding for framtidig modell for spesialhelsetenesta i Sogn og Fjordane ut på høyring. Etter ei samla vurdering, går fylkesrådmannen inn for modellen med eit sentralsjukehus og 2-3 distriktsmedisinske senter. Saka vert behandla i fylkesutvalet 22.mars / 6. april, og i fylkestinget 7.april.

Les mer

Tobakksbruk og arbeidsgivar sin styringsrett

12. mars 2010

Fylkeskommunen har bedt KS Advokatene utgreie kor langt arbeidsgivar sin styringsrett går ved innføring av forbod mot tobakksbruk i arbeidstida. KS Advokatene har no i brev dags. 8.3.10 gitt ei grundig utgreiing om dette.

Les mer

Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomite vitjar Sogn og Fjordane 15. og 16. mars 2010

11. mars 2010

Komiteen skal vitje Årdal, Leikanger og Sogndal. Det tettpakka programmet omfattar mellom anna omstillingsarbeid, gjennomføring av forvaltningsreforma, kommunesamanslåing med status og eventuelle planar i Sogn og Fjordane, det kommunale planverket og samhandlingsreforma.

Les mer

Fylkeskommunen søkjer etter to nye traineear

02. mars 2010

Fylkeskommunen søkjer etter to traineear frå hausten 2010. Desse får sjansen til å jobbe med mange av dei spanande fagfelta i fylkeskommunen, samtidig som dei tek del i traineeprogrammet til Framtidsfylket. Søknadsfristen er 8. mars.

Les mer

Arbeidsplassar for funksjonshemma i fylkeskommunen

22. februar 2010

Fylkesrådet for funksjonshemma hadde på møte 15.12.09 saker som fylkesrådet ønskjer å setja søkelyset på i 2010. Blant anna var tilrettelegging av arbeidsplassar for funksjonshemma tema som skal prioriterast i 2010.

Les mer

Må ta grep for å sikre lønsemda i landbruket

22. februar 2010

Det bør takast grep for å sikre lønsemda til jordbruket i Sogn og Fjordane. Fylkesdirektøren for næring ser med bekymring på rammevilkåra for landbruket i fylket, og kjem med framlegg til prioriterte tiltak i ei fråsegn til landsbruksforhandlingane for 2010. Hovudutval for plan og næring handsamar fråsegna i møte 18. februar.

Les mer

Hallelujastemning blant rekordmange gjester og stands

22. februar 2010

Årets karrieremesser enda med ein all-time-high i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet, skriv Framtidsfylket i ei pressemelding.

Les mer

Ny personalsjef tilsett i fylkeskommunen

17. februar 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tilsett Toril Einarsen (55) som ny personalsjef. Ho kjem frå stilling som pleie- og omsorgsleiar i Balestrand kommune, ei stilling ho har hatt dei siste ni åra.

Les mer

Overskot på rekneskapen for 2009

16. februar 2010

Administrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune har no lagt fram rekneskapen for 2009. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på 38,9 millionar kroner.

Les mer

Trond Ueland tilsett som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet

16. februar 2010

Trond Ueland (49) er tilsett som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeidsorgan mellom Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Ny fylkesdirektør for plan og samfunn

04. februar 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tilsett Svein Arne Skuggen Hoff som fylkesdirektør for den nye avdeling for plan og samfunn. Han har dei siste tre åra vore assisterande fylkesdirektør for kultur.

Les mer

Nytilsett fylkesdirektør for næring

01. februar 2010

Jan Heggheim (47) er tilsett som fylkesdirektør for næring. Heggheim tek til i stillinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den 15. februar. Han har brei erfaring frå leiande stillingar i industrien og hotellbransjen. Han kjem frå stillinga som eksportsjef i Hagen AS, Stryn. Fram til 2008 var han markedssjef /direktør salg og marked Dooria.

Les mer

Fylkeshuset sertifisert som Miljøfyrtårn

09. desember 2009

Ein nøgd Fylkesrådmann Jan Øhlckers kunne under opninga av Fylkestinget ta mot sertifikatet som bekreftar at fylkeshuset har rutinar som tilfredstiller krava til Miljøfyrtårn.

Les mer

Organisering av sentraladministrasjonen i samband med forvaltningsreforma

08. desember 2009

Gjennom forvaltningsreforma har fylkeskommunen fått ei rekkje nye oppgåver frå 1. januar 2010. Den administrative organiseringa er gjennomgått og tilpassa fylkeskommunen sine nye ansvarsområde. Det er med verkand frå 7. desember 2009 oppretta tre nye avdelingar i sentraladministrasjonen.

Les mer

Positive til Samarbeidsforumet for Vestlandet

13. november 2009

Fylkesrådet for funksjonshemma i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hadde fellesmøte i Ålesund 5. og 6. november i år. Der bestemde råda at dei ville vidareføra samarbeidet på Vestlandet.

Les mer

Konstituert personalsjef

29. oktober 2009

Fylkesrådmannen har konstituert Ove Kristian Lunden i stillinga som personalsjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune etter Judith Tørvi.

Les mer

Restriktiv til alkoholservering

05. oktober 2009

Fylkesrådmannen rår til at det vert innført restriktive reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg. Saka er sendt på høyring. Frist for å gje fråsegn er 24. oktober 2009.

Les mer

Fylkeskommunen rekrutterer

28. september 2009

Kjenner du ungdomar som tek høgare utdanning utanfor fylket og som bør søkja seg jobb i Sogn og Fjordane? På Karrieredagane i Bergen og Oslo i oktober vil dei kunna få informasjon om kva yrkesmogelegheiter fylkeskommunen og fylket elles kan tilby.

Les mer

Juridisk aha-oppleving for kommunalministeren

26. september 2009

"Eg fekk ei aha-oppleving då eg såg namnet Leikanger mellom alle bynamna der det skulle vere stand på Juristdagen," sa kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Ho dukka opp på standen til juristane i "Saften" allbrukshus i Leikanger laurdag 26. september 2009.

Les mer

Fylkeshuset vert Miljøfyrtårn

25. september 2009

Prosessen med å sertifisera Fylkeshuset på Leikanger som Miljøfyrtårn har starta. Tiltaket er ei oppfølging og konkretisering av innhaldet i Fylkesdelsplan for Klima og miljø.

Les mer

Utsendingane frå Ningxia drøfta samarbeid med Verdsgymnaset

23. september 2009

Dei seks representantane frå Ningxia-provinsen i Kina avslutta vitjinga si i Sogn og Fjordane på Verdsgymnaset i Flekke i Fjaler. Der drøfta dei mogleg samarbeid for å komme vidare i arbeidet med å opprette eit verdsgymnas i Kina.

Les mer

Delegasjon frå Ningxia i Kina vitjar Sogn og Fjordane

20. september 2009

Under leiing av Mr. Xiang vitjar ein seksmannsdelegasjon frå Ningxia Sogn og Fjordane frå 20. til 22. september. Under velkomstmiddagen på Sognefjord Hotell utropte Mr. Xiang Sogn og Fjordane til "Det grøne landet".

Les mer

Bygg- og eigendomstenesta har fått ny sjef

17. september 2009

Jan Tore Rosenlund er tilsett som ny bygge- og eigendomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Matfest i by'dn

14. september 2009

Lefser, plommer, reinsdyrfilet, honning, røykjelaks og heimelaga ost… Under Bergen Matfestival i helga bugna det av freistande råvarer hausta og tillaga med kjærleik på gardane rundtom på Vestlandet. Eit 30-tals produsentar hadde teke turen frå Fjordafylket.

Les mer

Verdig takk til Håkon Drage

27. august 2009

Sidan Håkon Drage vart tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1978 har han sett varige spor etter seg. Onsdag 25. august fekk han takk og heider frå arbeidsgjevaren sin.

Les mer

Klar til å møte svineinfluensaen

10. august 2009

Fylkeskommunen er klar til å møte ein pandemisk influensa. Kritiske funksjonar skal kunna oppretthaldast sjølv ved høgt personalfråvær. Kriseplanen bygger på rettleiar frå Helsedirektoratet og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap.

Les mer

Halverer bruken av uønska deltid

07. juli 2009

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil halvera bruken av uønska deltid innan utgangen av 2012. Tiltaket vil vera særleg aktuelt for kvinnelege tilsette innan undervisning og reinhald.

Les mer

Med blikk for Sogn og Fjordane

03. juli 2009

Bjørn Falck Russenes (65) seier takk for seg etter meir enn 33 år som fylkesgeolog. Kartlegging og kommersialisering av mineralressursar har vore hovudoppgåva hans gjennom eit langt arbeidsliv i fylkeskommunen si teneste. Russenes har sett spor etter seg i landskapet i Sogn og Fjordane.

Les mer

Klimakoordinator klar for pionerinnsats

22. juni 2009

Elisabeth Veivåg Helseth frå Stord er tilsett som klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho skal arbeide med tiltaka som er vedtekne i fylkesdelplan for klima og miljø.

Les mer

Forvaltningsreforma - handlingsrom, ambisjonar og ressursbehov

10. juni 2009

Fylkestinget vedtok fylkeskommunen si tilpassing av forvaltningsreforma med omsyn til tiltak, ambisjonar og trong for ressursar. Eit framlegg frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart vedteke med 26 røyster. Vedtaket lyder:

Les mer

Fylkesrådet for funksjonshemma - konferanse 1. og 2. oktober 2009

09. juni 2009

Fylkesrådet for funksjonshemma vil orientere om at det vert arrangert konferanse 1. og 2. oktober på Skei. Det vert sendt ut invitasjon til konferansen i slutten av august 09.

Les mer

Meltveit Kleppa lova fornya innsats på nynorskelevane sine vegne

28. mai 2009

Det gjekk ein raud tråd frå bruk av design som omdømebygging i Stryn, via den ny-skitne samtidslitteraturen og til språkdebatten bak lukka dører i Regjeringskvartalet då utsendingar frå dei 116 nynorskkommunane i landet møttes i Loen.

Les mer

Tide ankar dommen

15. mai 2009

Tide Sjø har anka dommen i Sogn tingrett. Tingretten frifant i april Sogn og fjordane fylkeskommune for kravet om å betale erstatning for tap av kontrakt på snøggbåtrutene mellom Sogn og fjordane og Bergen. I anken til Gulating lagmannsrett opprettheld Tide Sjø kravet på 119,2 millionar kroner.

Les mer

Avtale inngått med Fjord1 Fylkesbaatane

13. mai 2009

Fylkeskommunen har i dag signert avtale med Fjord1 Fylkesbaatane AS om drift av ekspressbåtruter og lokale båtruter i Sogn og Fjordane for perioden 01.10.09 - 30.04.12

Les mer

Sterk heider til Reidar Tveit då tannhelsetenesta feira 50-årsjubileum

08. mai 2009

Dei 140 deltakarane på den fylkeskommunale jubileumsfeiringa til tannhelsetenesta på Kvikne's hotell i Balestrand, reiste seg og gav ståande trampeklapp til Reidar Tveit. Han var den første fylkestannlegen i fylket vårt og styrde den offentlege folketannhelsa i 30 år.

Les mer

Landstinget 2009 for LNK

29. april 2009

Den 27.-29. mai skal det vera landsting i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) på Hotel Alexandra i Loen. Fylkeskommunen er medarrangør av konferansen i tilknyting til landstinget. Påmeldingsfristen er 4. mai.

Les mer

Sogn Tingrett frikjende fylkeskommunen frå Tide Sjø sitt erstatningskrav

23. april 2009

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i Sogn Tingrett frikjend frå kravet frå Tide Sjø om å betala erstatning på 119,2 millionar kroner. Tide Sjø gjekk til sak mot fylkeskommunen fordi dei ikkje fekk kontrakt på snøggbåtsambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen. - Ein gledeleg dom. Sogn og Fjordane fylkeskommune har vunne fram med argumenta våre, seier fylkesordførar Nils R. Sandal i ein første kommentar til dommen som vart kjend i dag.

Les mer

Ny informasjonssjef i fylkeskommunen

01. april 2009

Liv Strømme frå Sotra er tilsett i eit eitt-årig vikariat som informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les mer

Sogn og Fjordane søkjer status som pilotfylke innan universell utforming

27. mars 2009

Du kan godt lære omgrepet universell utforming først som sist. Det tyder at noko er utforma slik at alle kan bruke det utan å måtte ha hjelp. Sogn og Fjordane fylkeskommune med sine samarbeidspartnarar ønskjer å vere i front på denne utviklinga.

Les mer

Fylkeskommunen sluttar seg til Earth hour - verdas største klimakampanje

25. mars 2009

Fylkeskommunen er med å støttar opp om verdas største klimakampanje ved å sløkkje lys laurdag 28. mars 2009 frå kl 20.30.

Les mer