Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Frå 1. august 2016 er det fråværsgrense i dei vidaregåande skulane. For mykje udokumentert fråvær kan føre til at du mister rett til karakter.
Målet med fråværsgrensa er å motivere til innsats og forhindre skulk.
Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje sette slike karakterar. Det er likevel mogleg for rektor å nytte skjønn i spesielle tilfelle opp til 15 prosent.
Eleven skal få varsel om han eller ho står i fare for ikkje å få karakter på grunn av fråvær.
Utfyllande informasjon om fråværsgrensa frå Utdanningsdirektoratet
Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skular i Noreg, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.