Regionale planar skal følgje prosess og krav til medverknad og høyring etter plan- og bygningslova. Endeleg vedtak i fylkestinget. Planen skal følgjast opp med årlege handlingsprogram og budsjett. For regional plan er det mogelegheit for rettsleg bindande bestemmelsar for areal. Regional plan kan og påleggjast av staten.
Dei er den overordna reiskapen fylkeskommunen nyttar i rolla som utviklingsaktør. Fylkeskommunen samarbeider med organisasjonane i næringslivet, kommunar, regional statsforvaltning, ulike kompetansemiljø og frivillige organisasjonar om utforming og gjennomføring av planane.
Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016–2020 er førande for arbeidet med den regionale planlegginga.
Det er gjort ei justering på status og framdrift av dei regionale planane. Sjå sak 34/2017 i fylkestinget.
Grunna fylkessamanslåinga er det trong for å ytterligare revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg vil det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka krevje ressursar.
I gjeldande planstrategi vil dette ha konsekvensar for desse planane:
Sjå sak 29/18 i Fylkestinget for meir informasjon
Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal - Gjengedal - Stølsdalen i Naustdal - Gjengedal
Fylkesdelplan for arealbruk - sjekkliste og Regional planføresegn for handel 2017
Fylkesdelplan for landbruk
Regional plan for folkehelse 2015–2025
Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016–2019
Regional plan for klimaomstilling 2018-2021
Regional plan for kultur 2019-2027 - Kultur for alle
Regional plan for Nordfjella
Regional plan for Ottadalsområde
Regional plan for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021
Regional transportplan 2018–2027
Regional plan for vasskraft
Regional plan for vindkraft
Regional strategisk plan for kysten 2018-2029
Verdiskapningsplan på nett