Framside på rapport med bilete av strand

Kartlegg friluftslivsområde

Sogn og Fjordane fylkeskommune koordinerer prosjektet Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Sogn og Fjordane med mål om at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftslivsområda innan 2018.

Kartlegging av friluftslivsområde er eit kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv, og bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Friluftsliv i nærmiljøet er viktig i eit folkehelseperspektiv. Undersøkingar viser at dei fleste av dei som ønsker å bli meir aktive, vil gå turar i nærmiljøet og skog og mark. Skal vi lykkast i nå auka aktivitet i heile folkegruppa, må det blant anna satsast på friluftsliv i nærmiljøet  gjennom attraktive leike- og rekreasjonsområde, nærturterreng og grønnkorridorar, som også stimulerer til dagleg aktiv transport.

Oppstartsmøte

Fylkeskommunen har ansvar for å koordinere prosjektet gjennom oppstartsmøte, stimuleringsmidlar, fellessamlingar og vegleiing. Det er kommunane som gjer sjølve kartleggings- og verdsettingsarbeide

5. oktober vert det oppstartsmøte i Jølster for aktuelle kommunar i Sogn og Fjordane.

Invitasjon oppstartsmøte 5. oktober
Program oppstartsmøte 5. oktober

Vidare vil fylkeskommunen og prosjektkoordinator følgje opp kommunane sitt arbeid med eigne oppstartsmøte etter ønske, og følgje opp kommunane sitt arbeid gjennom regionale nettverk og kontakt med den enkeltkommunar.

Gjennomføring

FNF, Forum for natur og friluftsliv v/Elisabeth Dahle er leigd inn som prosjektkoordinator medan GIS-koordinator i prosjektet er Jo Tore Kristoffersen i fylkeskommunen. Stig Vattekar er økonomiansvarleg for prosjektet i fylkeskommunen.

Data frå kartlegginga som andre kommunar har samla inn, har vist seg svært nyttige i arealplanlegging i kommunane; i konkrete dispensasjonssaker, i arbeidet med ulike planer og i utviklingsarbeid knytt til friluftsliv.

Arbeidet følgjer metoden som presenterast i Miljødirektoratet sin rettleiar. Etter oppstartsvedtak går ein fleirfagleg kommunal arbeidsgruppe i gang med å kartlegge friluftsområda i kommunen. Resultata publiserast i www.naturbase.no og blir offentleg tilgjengeleg for alle, men kommunen eig sine data.

Siste fase etter høyringsfasen, er å vedta eller lage ein plan for korleis dette kunnskapsgrunnlaget skal nyttast vidare. I tillegg er det eit godt grunnlag for generell  arealplanlegging.

For meir informasjon

Jo Tore Kristoffersen
rådgjevar
Jo.Tore.Kristoffersen@sfj.no
415 68 944

Elisabeth Dahle
Prosjektkoordinator/FNF koordinator
elisabeth@fnf-nett.no
480 20 532

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut