95 søknader om stønad til forsking på vestnorske tema

Ved søknadsfristens utløp torsdag 3 juni 2010 var det levert heile 95 søknader til Regionalt forskingsfond Vestlandet. Dette er eit svært høgt tal, og eit sterkt uttrykk for at det er behov som er knytt til finansiering av forsking retta mot vestnorske tema.

Mange interessante forskingstema

Regionalt forskingsfond Vestlandet lyste ut 25 millionar kroner til forskingsprosjekt innan

a) Bærekraftig matproduksjon, b) Energi og maritim sektor og c) Offentlege utviklingsoppgåver.

Lista over søknader syner mange interessante tema, som;

- ”Fremtidens slakte- og prosesslinje for oppdrettsfisk”,

- ”Produktutviklinga basert på ferske tomater”,

- ”Nye sensorar for miljøovervaking”,

- ”Verifisering av boreoperasjoner”,

- ”Overvåkning av ballastvann i skip”,

- ”Sikker skipsfart”, ”

- Deteksjon av gassutslipp” ,

- ”Utnyttelse av hydrogenberiket gass”,

- ”Utvikling maritime næringsklynger”,

- ”Elektronisk samhandling i pasientbehandlinga”

- ”Regional integreringspolitikk og praksis” og

- ”Regional klimatilpassing”

God fordeling mellom utlysingsområda

Av dei 95 søknadene viser ei førebels inndeling at det er 64 søknader om forprosjekt og 31 søknader om hovudprosjekt. Det er god fordeling mellom forskingsområda som var lyst ut:

Bærekraftig matproduksjon

37 av søknadene som knyter seg til temaet ”bærekraftig matproduksjon”, fordelt på ”blå” (22) og ”grøn” mat (15). Av matsøknadene gjeld noko over halvparten forprosjekt (20).

Energi- og maritim sektor

22 av søknadene knyter seg til energi- og maritim sektor. Av desse er dei fleste relatert til energifeltet (16), med slik fordeling mellom søknad om forprosjekt (14) og hovudprosjekt (6).

Offentlege utviklingsoppgåver

Innan dette feltet var det lyst ut tre hovudområde, og ei lengre liste med tema der ein opna for forprosjekt. Søknadene syner slik fordeling: 12 søknader gjeld Regional næringsutvikling og omstilling. Av desse er 10 søknad om forprosjekt og 2 søknad om hovudprosjekt. 11 søknader rettar seg mot fornying av offentleg sektor. Av desse var 8 søknader om forprosjekt medan 3 gjeld hovudprosjekt. Ut over dette er kome inn 8 søknader om forprosjekt innan folkehelse, 3 innan temaet klima/klimatilpassing og 2 innan temaet kompetanse.

Aktivitet i alle dei tre Vestlandsfylka

Ein førebels oversikt syner at det er stor interesse for det regionale forskingsfondet i alle dei tre Vestlandsfylka. Dei prosjektansvarlege har slik opphavsadresse:

18 % av søknadene kjem frå Sogn og Fjordane

39 % av søknadene frå Rogaland

43 % av søknadene kjem frå Hordaland

Vidare behandling og vedtak

Regionalt forskingsfond Vestlandet annonserte utlysinga 21 april 2010 med søknadsfrist 3 juni 2010. Alle søknader om hovudprosjekt skal i løpet av sommaren til forskingsfagleg vurdering i eit samarbeid med Noregs forskingsråd. Alle søknader vil deretter bli behandla i styremøte for Regionalt forskingsfond Vestlandet 28 september 2010.

Meir om utlysinga i 2010:

Regionalt forskingsfond Vestlandet arbeider i 2010 med utlysing innan desse områda:

A – Bærekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor. a) Dyrefor, dyresjukdom, plantesjukdom og b) Råvarekvalitet/prosess c) arealbruk og strukturendringar

B – Energi og maritim sektor. a) Energieffektivisering og b) Teknologi for marin miljøovervaking og c) Offshore wind.

C – Offentlege utviklingsprosjekt. a) Offentleg regionalt arbeid med næringsutvikling og omstilling b) Regional verknad av store offentlege reformer og c) Ny kunnskap om lokal/regional integrering av minoritetsgruppe i Vestnorske lokalsamfunn.

Det er dessutan opna for søknad om forprosjekt innan fleire andre område.

Kort om økonomiske rammer og søknadsprosedyre

Styret for Regionalt forskingsfond har i 2010 lagt opp til ei utlysing av 25 millionar kroner til prosjekt innan dei ovanfor nemnte tema. Det er søkt om stønad til forprosjekt, der søkjar kan få inntil kr. 200.00 i stønad innan ei tidsramme på 1 år. Det er søkt om hovudprosjekt som kan få inntil kr. 4.5 millionar kroner i stønad innan ei tidsramme på inntil 3 år. Retningslinene for hovudprosjekt følgjer i hovudsak Forskingsrådet sitt regelverk for Brukarstyrde innovasjonsprosjekt (BIP) m.a. for reglar om eigenfinansiering og ekspertpanelvurdering. Alle søknader er levert via Forskingsrådet sitt e- søknadssystem.

For meir informasjon, kontakt

Sekretariatsleiar Regionalt forskingsfond Vestlandet Jone Engelsvold, tlf 55 23 93 25/ 97 66 04 77

Sjå også nettsida www.regionaleforskningsfond.no/Vestlandet

FAKTA/bakgrunn

Regionale forskingsfond er ei ny satsinga frå 2010 som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er saman om fondet. Ei felles fylkestingssak hausten 2009 bestemte viktige forskingstema. Desse er lagt til grunn for styret sitt arbeid med handlingsplan og utlysing av midlar. Ordninga med regionale forskingsfond vert utvikla i nært samarbeid med Noregs forskingsråd. Regionalt forskingsfond Vestlandet hadde si første utlysing i april 2010.

Del dette:

Relaterte lenker