Foto av nokre av bygningane ved Firda vidaregåande skule ein sommardag med blå himmel og grønt gras. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Foto av nokre av bygningane ved Firda vidaregåande skule ein sommardag med blå himmel og grønt gras. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Firda vidaregåande skule er pilotskule i prosjektet

60 000 kr til klimaprosjekt

Miljødirektoratet gir 60 000 kroner til prosjektet "Skulens Klimarapport». Prosjektet skal utvikle eit undervisingsopplegg der lærarane tek elevane med ut i naturen og i nærmiljøet til skulen. 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Norsk Bremuseum,  4H og United World College. Firda vidaregåande skule er med som pilotskule og skal teste ut opplegget.

Pengane er løyvde gjennom Den naturlege skulesekken.

Tek i bruk naturen i undervisninga

– Målet er å gjere elevane meir bevisste om lokale konsekvensar av den globale oppvarminga, og kva vi kan gjere for klimatilpassing og berekraftig utvikling og omstilling i samfunnet. Vi er glade for at Miljødirektoratet ser verdien av dette og gler oss til å kome i gang med prosjektet for alvor, seier John Brekke, direktør ved Norsk Bremuseum.

Prosjektet skal auke kompetansen til både elevarar og lærarar når det gjeld berekraftig utvikling, med særleg vekt på klimaperspektivet. Undervisningsopplegget legg vekt på det praktiske – elevane skal ut i naturen for å lære. Konkrete, lokale problemstillingar, utforskande arbeidsmetodar og praktisk tilnærming er sentralt.

Elevane treng ny kompetanse

Rektor ved pilotskulen Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, meiner at kunnskap og innsikt i klimaspørsmåla blir stadig viktigare for å kunne delta aktivt i samfunnslivet.

– Det «grøne skiftet» i politikk, økonomi og samfunnsutvikling krev ny kunnskap, nye jobbar, ny teknologi og nye verdiar for komande generasjonar. Ludvigsen-utvalet skisserer trong for nye fagkombinasjonar og større vekt på djupnelæring for å gje elevane rett kompetanse for framtida. Gloppen tek mål av seg til å vere ein pionerkommune i utprøving i klima- og miljøundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule, og vi ser difor fram til å vere pilot for «Skulens Klimarapport», seier Hansen.

Grunnlagsarbeid for nytt programfag

Pilotprosjektet skal vere eit fleirfagleg prosjekt for å auke kunnskapen om klima og miljø for elevar som går første året på vidaregåande skule. Det skal også vere eit viktig grunnlagsarbeid for eit større arbeid med å utvikle eit nytt programfag for studiespesialiserande utdanningsprogram på vg2 og vg3.

Det er naturleg å involvere naturfag, samfunnsfag, geografi, matematikk, norsk og kroppsøving i prosjektet, som også skal ha verdi for skulen i det langsiktige læringsarbeidet. Firda vidaregåande vert med frå starten av, men prosjektet skal også ha overføringsverdi til andre skular, med moglegheit for lokale tilpassingar.

På sikt er det eit mål å tilpasse prosjektet klassetrinn i grunnskulen.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
klima- og miljørådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
915 91 548
elisabeth.kjerstad.boe@sfj.no

Pål Gran Kielland
fagansvarleg, Norsk Bremuseum
410 28 363
pgk@bre.museum.no
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00