Fotocollage med fire bilete frå kulturfestivalen for utviklingshemma. Det er mykje fargar og bilete av folk på scener, som dansar osv. Midt på collagen står det 30 år med kulturfestivalen med lilla skrift på kvit bakgrunn.
Fotocollage med fire bilete frå kulturfestivalen for utviklingshemma. Det er mykje fargar og bilete av folk på scener, som dansar osv. Midt på collagen står det 30 år med kulturfestivalen med lilla skrift på kvit bakgrunn.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

30 år med kulturfestival for utviklingshemma

Kulturfestivalen i Sogn og Fjordane har i 30 år vore ein unik og inkluderande kulturfestival for alle som likar musikk og moro. I mai inviterer vi til ny festival – og jubileum.

Kulturfestivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk forbund for utviklingshemma. Kvart år sidan starten har festivalen samla fulle hus med deltakarar frå heile fylket. I år vert festivalen arrangert i Førde 25.–27. mai.     

Målet er å skape ein kulturell og sosial arena for dialog, samhald og likeverd gjennom positive opplevingar.

Jubileumsmiddag og torgdag

Det blir som vanleg verkstadar, konsertar, dans og mykje meir. I tillegg  blir det i år, som seg hør og bør, jubileumsmiddag. I samband med jubileet vert festivalen flytta ut til Elvetorget i Førde sentrum laurdag 26. mai. Vi inviterer alle i Sogn og Fjordane med ulike artistar.

Blant dei som kjem er Daniel og Halvard frå hip hop-gruppa Absence crew. I tillegg kjem bandet Proffene. Dei spelar både i sentrum laurdag og til dans for festivaldeltakarane på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld.

Søndagen blir avslutta med ein konsert som deltek på festivalen lagar saman. Det kjem også musikkterapistudentar frå Griegakademiet i Bergen.

For alle over 16 år

Kulturfestivalen er for alle over 16 år, og han er også open for bustadar og fritidsgrupper. Kursa er lagt opp med ulike nivå som deltakarane kan melde seg på.

Det er lagt opp til elektronisk påmelding på heimesida til festivalen  – www.kulturfestivalen-forde.org.

Du finn oversikt over blant anna kostnadar og kva verkstadar ein kan melde seg på her.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til påmelding, ta kontakt med Gry Sætre på 909 49 316 eller gry.setre@gmail.com.

Program for Kulturfestivalen 2018

Fredag

Kl. 14.00 Opning
Kl. 15.00 Registrering og enkel servering
Kl. 16.00 Verkstadar
Kl. 19.30 Middag
Kl. 21.00 DANS

Laurdag

Kl. 09.00 Verkstadar
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.30 Torgdag m/utescene og ulike artistar  i Førde sentrum, Elvetorget.
Kl. 19.00 Festmiddag
Kl. 21.00 DANS

Søndag

Kl. 09.00 Kurs
Kl. 12.00 Konsert
Kl. 13.30 Lunsj
Kl. 14.30 Slutt

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00